Kjære kolleger!
God sommar til dykk alle! Snart.
Studieåret 2021-2022 er omme. Snart.
Eg trur det er mange som kjenner på at det no skal bli godt å kunne få ta ferie. Det er vel fortent, og eg håper vi alle klarer å tenke på heilt andre ting og ta vare på seg sjølv og sine næraste i dei komande sommarvekene.
Dette var studieåret då vi såg slutten på pandemien. Kanskje?
Studieåret starta med vaksinering, gruppetesting og drop-in testing og undervisning med koronavstand.
Men så vart det raskt betre. Vi kunne droppa korona-meteren.
Men så nærma vi oss eksamenstida – og så var koronaen der igjen. Vi måtte gjere ei hasteomlegging av eksamenane. Det vart litt av ei jul. Og på juleavslutningane for eit halvt år sidan kunne vi vere maks 20 personar. Men vi rakk akkurat å gjennomføre julebordet før det vart nedstenging.
I januar var vi på heimekontor igjen, og igjen måtte timeplanane endrast midt i semesteret.
Stipendiatar forlenga stipendperiode på grunn av korona.
Internasjonal dag vart digital. Det er ikkje heilt det same, men det vart gjort ein god jobb av dei som arrangerte!