Orientering til høgskulestyret, 9. desember 2021

Både den gamle og den nye regjeringa har signalisert ønske om å styre meir i det store og mindre i smått. 

Eitt teikn som kan tyde på kva det vil bety å styre mindre i smått er eit høyringsbrev som vi fekk tilsendt 2. desember, med svarfrist 21. januar. Der foreslår Kunnskapsdepartementet ei forenkling i sektormåla frå 2023.

Når det gjeld innhald så har berekraftig samfunnsutvikling, innovasjon og «god tilgang til kompetanse i heile landet» kome inn som nye mål.  Sektormålet om effektivitet, mangfald og soliditet blir fjerna og skal i staden innarbeidast i utviklingsavtalane og økonomiregelverket.

Dei nasjonale styringsparametra under sektormåla skal avviklast. Dette blei varsla i Meld. St. 19 (2020-2021), kap 4.1.3. (side 53). Men det vil bli ein eigen prosess omkring bruk av kandidatmåltal for helse- og lærarutdanningar.

Regjeringa signaliserer også at institusjonane i 2022 må kome med framlegg til mål og parameter i sine utviklingsavtalar. Det vil stå meir om dette i tildelingsbrevet for 2022. I løpet av 2022 blir det dialog mellom departement og institusjon(ar) om utviklingsavtalen og i tildelingsbrev for 2023 blir utviklingsavtale for 2023-2026 bli fastsett for alle institusjonar.

Slik eg ser det er det bra samanfall mellom vår komande strategiplan og desse nye sektormåla. Men i 2022 må vi jobbe godt med å vurdere utviklingsavtalen vi har i lys av signala frå regjeringa og den nye strategiplanen vår.

Lærarutdanning

Vi har hatt eit møte med Høgskulen i Molde og Campus Kristiansund om mogeleg lærarutdanning i Kristiansund. Høgskolen i Molde har i dag ei rekkje bachelorutdanningar i Kristiansund og Dronning Mauds Minde i Trondheim tilbyr barnehagelærarutdanning i Kristiansund.

På landsmøtet til Arbeidarpartiet i februar 2021 sa Jonas Gahr Støre at det skulle kome lærarutdanning blant anna til Kristiansund. Førebels har korkje vi eller Høgskolesenteret i Kristiansund sett noko meir konkret frå den nye regjeringa om kva dette betyr, så det er usannsynleg at det kan bli starta noko lærarutdanning i Kristiansund hausten 2022.

I Kristiansund arbeider blant andre Møre og Romsdal Fylkeskommune og Kristiansund kommune med planar om eit nybygg, Campus Kristiansund. Her skal det bli plass til blant andre høgskuleutdanningane i byen og i tillegg fagskulen, Møreforsking og andre aktørar. Huset skal stå ferdig i 2024.

Illustrasjon: PIR II Arkitekter.

Høgskulen i Volda har signalisert velvilje til å diskutere vidare med Høgskolen i Molde og Campus Kristiansund ideen om lærarutdanning i Kristiansund og reknar med at det for alle partar vil vere mest fornuftig å tenke i retning av eit samarbeid internt i fylket.

Kvalitetsarbeid og mastergjennomstrøyming

Mastergjennomstrøyminga har vore eit styringsparameter som Høgskulen i Volda har scora dårleg på. Vi utdannar mange masterkandidatar, og fleire og fleire kvart år, men for få av masterstudentane gjennomfører på 2 år, som altså har vore eit styringsparameter. No ønsker regjeringa at både dette og alle andre styringsparameter i prinsippet skal skrotast. Det blir no opp til oss i dialog med KD – å vurdere kva vekt vi vil legge på mastergjennomstrøyming – og kva vi bør gjere med det i åra som kjem. Vi har jobba med dette internt i fleire år og har lagt ein plan for 2022. Der skal vi blant anna gjennomføre ei kvalitativ undersøking av våre masterstudentar, samanlikne oss med andre institusjonar og ikkje minst halde fram med det interne kvalitets- og forbetringsarbeidet. Til hausten 2022 kan det vere aktuelt å endre studieporteføljen. Men før det skal vi i dialog med Kunnskapsdepartementet, blant anna om dette spørsmålet.

Når det gjeld NOKUT og tilsynet med kvalitetssystemet vårt så har fagmiljøa jobba godt med periodiske studieprogramevalueringar og sender dei til NOKUT innan fristen.

Avsnitt lagt til 8.12.2021, kl 20.30:
Ved dei seks utpeika utdanningane har fagmiljøa arbeida godt med dei desse evalueringane, i tett samarbeid med studieadministrasjonen. Evalueringane er no sendt til Utdanningsutvalet for vurdering og godkjenning. Etterspurt dokumentasjon vert sendt til NOKUT innan fristen. Dei periodiske studieprogamevalueringane kan lesast her.

Samarbeid med andre institusjonar

Ein viktig milepæl i arbeidet med eit eige ph.d.-program er å lage vår eiga ph.d.-forskrift. Vi vil her legge oss så tett opp til ph.d.-forskriften til Høgskolen i Molde og har teke formell kontakt med Høgskolen i Molde på eit tidleg tidspunkt for å orientere dei om arbeidet. På allmøte 2. februar vil Høgskulen i Volda orientere alle tilsette og andre interesserte om arbeidet.

Vi har hatt styremøte i UH Nett Vest, og vil ha eit nytt styremøte i januar 2022. Vi kjem truleg til å ha ein felles konferanse våren 2022, naturlegvis avhengig av korleis koronaen utviklar seg. Ikkje minst på grunn av at vi har ei ny regjering så meiner eg det er verdifullt å samlast og vonleg også få deltaking frå leiinga i Kunnskapsdepartementet – dei har jo signalisert vilje til dialog med sektoren.

Rektors leiargruppe, dekanmøtet, vil i mars reise til Bergen på studietur til Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen. På dagsorden står blant anna arbeid med gjennomstrøyming på master og etablering av doktorgrad.

Høgskuleområdet

Volda kommune arbeider vidare med planane for symjehall ved den nye idrettshallen Volda Campus Sparebank1 Arena. Framdriftsplanen tilseier at symjehallen kan stå ferdig i 2024 og vil vere nok eit svært positivt tilskot til Volda som studiestad.

Slik vil den nye symjehallen / badelandet sjå ut: Midt på høgskuleområdet.

Dei siste åra har Høgskulen tatt invitert inn sentrale samarbeidspartar og naboar i høgskuleområdet til felles drøftingsmøte. Deltakarar er Volda kommune, Studentsamskipnaden, Sunnmøre Kulturnæringshage, Volda kommune, Volda utvikling AS, Helse Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune (v.g. Skule + eigedom) og på dei siste møta også Statens Vegvesen. For alle desse aktørane er det som skjer på og ved høgskuleområdet viktig, og det aller viktigaste er Statens vegvesen og Volda kommune sitt arbeid med Voldatunnelen. Dei siste signala frå Statens Vegvesen tyder på at tunnelen kan kome meir inn på høgskuleområdet enn tidlegare planlagt, og det vil kunne få betydning for Høgskulen og alle andre aktørar i området.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar