Helsing til – og frå – FoU-prisvinnar 2021: Professor Roar Amdam

Så han ikkje berre skriv om kommunikative prosessar og om dugnadsmetoden – han praktiserer det også.

Prisvinnaren veit nok best sjølv kva som er rett, men i følgje Høgskulens arkiv var det 1. januar 1983 at han først vart registrert som tilsett ved DH-skulen. Han var her i nokre år, før han i åra 1986-1993 arbeidde på Møreforsking Volda, blant anna som forskingsleiar. Sidan 1993 har han etter det eg har fått vite vore samanhengande tilsett ved Høgskulen ved det som i dag heiter Institutt for planlegging og administrasjon.  Så han har i alt over 40 års teneste på Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda. Det er verkeleg ein veteran vi har med å gjere.

Kva har han så gjort i alle desse åra? Først litt om det akademiske:

Han tok sin doktorgrad i 1998, igjen ved NMBU. Avhandlinga vart levert som to rapportar utgitt i skriftserien til Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda i 1997, og på ein slik dag kan dei gjerne hentast fram att:

Den forankra planen : drøfting av kriterium for alternativ næringsplanlegging
og:
Den forsømde regionen : vurdering av næringsplanlegginga i Ålesund-regionen

I tillegg kom også eit metode-essay som den doktorgradsgivande institusjonen sette han til å skrive i samband med disputasen.

Professortittelen fekk han i 2002, med verknad frå 2001 som det heiter.

Forslagsstillaren omtalar prisvinnarens faglege bidrag blant anna slik:

Han har omfattande erfaring frå forskings- og utviklingsarbeid innan regional- og kommunalforsking. Sentrale omgrep i forskinga er instrumentell og kommunikativ rasjonalitet, kollaborativ planlegging og innovasjon, samt legitimerande planlegging og leiing. Det gjennomgåande temaet er korleis planlegging blir brukt, og kan brukast som reiskap for å fremme ønska utvikling i organisasjonar og samfunn. Dette er sentrale tema både i bachelorutdanninga i planlegging og administrasjon og i masterutdanninga i samfunnsplanlegging og leiing.

Forskinga hans har såleis hatt stor betydning både for etableringa av masterutdanninga for meir enn 20 år sidan, og for profilen denne utdanninga har fått.

Han har ein kompetanse som blir etterspurt både nasjonalt og internasjonalt, og ikkje berre på det området som tradisjonelt blir oppfatta som planlegging, men også innanfor folkehelsearbeid, nærmiljøarbeid og innovasjon. Han er ein etterspurd foredragshaldar.

Han er kjend for å involvere kollegaer, stipendiatar og studentar i prosjekt som pågår, og er alltid på pletten når det vert tatt faglege initiativ rundt han, ikkje minst forskingsinitiativ.

Det blir også fortalt at han finn det fagleg beste i dei han rettleier, skaper lett entusiasme rundt faglege funn; altså ein meister i bygging og vidareutvikling av eige fagmiljø.

Om vi set dette med utdanning litt i perspektiv:

På utdanningssida har han vore sentral i å etablere og utvikle mastergraden i Samfunnsplanlegging og leiing, ei av dei første og dermed mest veletablerte mastergradene ved Høgskulen i Volda. I 2022 eller 2023 har vi kanskje mastergradstilbod på alle våre fagområde – men prisvinnaren var blant pionerane. Doktorgrad, professortittel og å utvikle ein mastergrad ved Høgskulen.

Så litt om publisering:

I forskingsdatabasen Cristin er han notert med over 400 bidrag. I biblioteka sin Oria-katalog står han med over 100 bidrag. Kva mønster ser ein her?

Arbeida på 1980 og 1990 talet var i stor grad forskingsrapportar og mange i samband med prosjekt på Møreforsking. Etterkvart kom det bøker, vitskaplege monografiar og lærebøker som vidareføring av rapportane. Og nokre av desse bøkene har fått klassikarstatus innan planleggingsteori i Noreg og mange av dei i samforfattarskap med broren, som også har fått FoU-pris ved Høgskulen i Volda:

Og naturlegvis har han ei bok under utgjeving: «Kommunal handlingskapasitet – erfaringar med ein modell for samarbeidsdriven planlegging og innovasjon i kommunal styring og leiing.»

Men dei siste tiåra har vi også sett kor han publiserer i artikkelformatet. Så desse 30-40 åra med publisering er også ei historie om korleis publiseringstradisjonane våre har endra seg. Han har følgt med i tida også på den måten. 

Så vil eg gjerne kome med eit personleg minne om eit kort møte med prisvinnaren – eitt heilt i starten av mitt eige doktorgradsprosjekt – eller faktisk før det hadde starta. Og så eit glimt frå disputasen min: Eg tok til på doktorgradsprosjektet mitt i 1995, og før eg hadde starta så møtte eg tilfeldigvis på han i gangen i Strøm-huset. Han spurte no kva eg tenkte om det eg skulle gå i gang med – vi var veldig få stipendiatar på den tida – og eg svarte vel litt i hytt og litt i pine. Så sette han augene sine i meg og sa – veldig strengt og tydeleg: «Du må vere egoistisk på prosjektets vegne»!

Og med det meinte han at alt som ikkje førte prosjektet framover, førte til det motsette. Så det var ord som eg aldri gløymde – og har brukt sjølv også. Det andre minnet var eit lite glimt under doktordisputasen, som vart halden i Store auditorium i Berte Kanutte-huset. På slutten av andre opponentens økt var eg rimeleg sliten, men eg kom på at eg ikkje hadde sett på publikum, berre på opponenten, så eg visste ikkje kven som var der. Så eg tok sjansen på å la blikket gli over forsamlinga. Men eg klarte ikkje å fokusere augene på lenger avstand enn dei 3-4 metrane bort til opponenten – så den einaste eg kjende att av dei som var i salen var prisvinnaren, som jo har ein tydeleg profil! Ja, ja tenkte eg – det er vel slik det er. Men det var godt å sjå i alle fall eit kjent hovud i salen!

Så han var altså ein tydeleg profil og bidrog positivt også på ein disputas utan å gjere anna enn å vere der og vere seg sjølv!

Så eg vil be årets prisvinnar om å kome fram for å ta i mot prisen: Professor Roar Amdam.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar