Helsinga er skriven av prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim.
Takk for invitasjonen til å kome og halde ei helsing på denne kveldsgudstenesta.
Det er veldig kjekt å få lov til å kome med ei helsing på vegne av Høgskulen. Vi i leiinga på høgskulen – og også studentane – set pris på at Voldakyrkja arrangerer ei slik gudsteneste ved semesterstart.
Slik ynskjer også kyrkja alle studentane velkomne til Volda.
Dette viser god vilje, og det treng vi alle.
Dette er ein viktig tradisjon som vi håper vil halde fram.
Studentane er ein viktig del av Volda, akkurat som kyrkja er. Og vi er veldig glade for at studentane på denne måten vert inviterte inn i fellesskapet i Voldakyrkja. Både i kveld og seinare.
Vi lever i ei tid med stor spenning og uvisse. Både i verda, men også kvar einskild student kjenner nok på spenning og uvisse. Spesielt om ein er på ein ny og ukjent plass.
Høgskulen har om lag 4.500 studentar, og om lag halvparten av desse har fast oppmøte på høgskulen kvar veke. For mange av desse studentane håpar eg kyrkja her i Volda vil kjennest som eit trygt og godt samlingspunkt.
For at studentane våre skal gjere det bra i studia, må dei også ha det bra i livet utanfor studia.
Difor er det det kjekt å ha lagt bak oss eit år med godt fungerande studentprest.
I studentpresten har studentane ein uavhengig samtalepartnar, der dei kan få snakke om livet generelt, og ikkje berre om fag og studium og eksamen.
Leiinga på høgskulen er veldig glade for at kyrkja har fått til dette, og vi er sikre på at dette fører til at studentane våre har det betre.
Vi er også glade for at Studentpresten bidreg i ei felles velferdsgruppe. Saman med studenthumanist, samskipnad og tilsette på Høgskulen arbeider gruppa for betre studentvelferd.
På vegne av høgskulen vil eg takke Voldakyrkja for at de er opptatt av at studentane skal ha det bra, og er så flinke til å legge til rette for det.
Lukke til med haustsemesteret.