Nyhendebrevet frå rektor held fram – fordi lesarane vil ha det.

Nyhendebrevet har fått ein del faste tema eller overskrifter. For alle faste tema var det eit klart fleirtal av respondentane som sa dei var «svært» eller «litt» interesserte. Flest «svært interesserte» var det på «Nytt om tilsette/ledige stillingar» og «Fag og forsking» og «Styre og stell og høgskuleområdet».

Respondentane kunne også skrive i fritekst om det var tema dei sakna eller ønska seg meir av. Det var ingen tema som vart nemnt av fleire respondentar.

Respondentane vart også inviterte til å vurdere ei rekkje påstandar i nyhendebrevet, og her er påstandane samla i grupper. Når det gjeld dei overordna rammene for brevet så kan dei oppsummerast slik:

  • Det er passeleg ofte med eitt nyhendebrev i veka
  • Torsdag kl 12 er eit passande tidspunkt
  • Det er passeleg mange omtalte saker i nyhendebrevet

Når det gjeld utforming og val av formidlingskanal så tyder svara på at fleirtalet av dei som svarte ikkje ønsker seg eit meir «avansert» nyhendebrev:

  • Bilde og video er ikkje spesielt etterspurt, og det var klar støtte til at nyhendebrevet hadde «enkel utforming»
  • Det var få som ønska at brevet heller vart lagt ut i Teams eller at stoffet berre vart lagt ut på www.hivolda.no

Det kom litt ulike signal i vurdering av innhaldet:

  • Det var flest som var «mest samd» i at nyhendebrevet var mest HVO-internt og lite interessant for eksterne
  • Det var ikkje eit sterkt ønske om meir stoff frå «mi avdeling/eining»
  • Meir om einskildtilsette (personalia osv) var ikkje spesielt etterspurt

Det var også høve til å kome med generelle kommentarar i fritekst, og 20 respondentar nytta seg av det høvet.

Svara var mangfaldige og det er vanskeleg å sjå at det var spørsmål som mange var opptekne av.

10 av respondentane sa på ulike måtar at dei var glade for at vi hadde eit nyhendebrev. Ein var klart negativ til at det var rektor som stod for brevet: «Ytterst merkeleg og smått komisk at ein eineveldig rektor (både rektor og sin eigen styreleiar) kastar «nyhende» ned frå tårnet sitt og omtalar seg sjølv i tredjeperson. Kommunikasjonsforma er gamaldags, offisiøs og utdatert».

To av svara handla om å bruke nyhendebrevet delvis til å auke interesse for og bruk av Teams, og at Teams også kunne gjere nyhendebrevet betre.

Eit par kommentarar etterlyste nyhendebrev frå forskingsadministrasjonen og frå direktør.

I tillegg var det fleire kommentarar for å gjere nyhendebrevet betre: Miniportrett av nye tilsette, finare overskrift («header»), betre forklaringar av interne HVO-uttrykk, lettare/tydelegare tilgang til tidlegare nyhendebrev.

Ein førebels konklusjon frå mi side er at respondentane ønsker at nyhendebrevet skal halde fram slik som i dag og at det ikkje ser ut til å vere grunn til å gjere vesentlege endringar i val av tema. Men om noko fungerer bra så må ein naturlegvis alltid vere open for at ting kan gjerast betre. Ny utforming gjennom Mailmojo står på lista mi over ting som gjer nyhendebrevet litt betre, og har også fordelen at eksterne mottakarar lett kan melde seg av- og på som mottakarar av brevet.

Nyhendebrevet blir betre til fleire som kjem med tips og kommentarar. Særleg er eg glad for alle som fortel om publiseringar og formidling dei har vore involvert i. Bak ein artikkel eller ei bok ligg det mange timar – og kanskje år – og då bør det vere naturleg at andre får vite om det.

Ein del uløyste spørsmål må nok forbli uløyste ei stund til – eller: Nyhendebrevet frå rektor er neppe rette verktøyet til å løyse dei:

Kommunikasjon direkte til studentane er vanskeleg. Her ser det ut til at det berre er dei faglege kanalane som fungerer. Det kan bety å oppsøke studentane i undervisninga, eller å bruke Canvas.

Fagleg/administrative meldingar og vedtak i interne organ vert formidla på veldig mange ulike måtar og ulike kanalar: Gjennom e-post til alle-hvo eller dei det gjeld, gjennom dokumentsystemet Public360, som møtepapir og protokollar på nettsidene våre – og kanskje i aukande grad gjennom Teams. Eg les tilbakemeldingane på nyhendebrevet som at e-post framleis har mange tilhengarar på Høgskulen. Men det er no i gang eit prosjekt som handlar om internkommunikasjon, og eg er spent på kva som kjem ut av dette.

Nyhendebrevet og www.hivolda.no er einvegs-kanalar. Dei gir lite rom for tilbakemelding og diskusjon. Det er mange faglege og administrative forum og arenaer som til ein viss grad legg til rette for intern debatt, men ingen fellesarenaer.

Nokre av kommentarane til nyhendebrevet handlar om kor internt fokus brevet har, og det interne har heile tida vore fokus for min del. Men mykje av det som skjer på Høgskulen håper eg også er interessant for eksterne, blant anna fordi vi er ein viktig lokal/regional arbeidsplass. Og med nærare 400 mottakarar er det i grunnen ikkje så veldig internt og lukka lenger. Så då tenker eg det er like greitt å formidle nyhendebrevet eksternt samtidig som det blir formidla internt.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar