Kvar torsdag ca. kl 12.00 sender eg nyhendebrev til alle tilsette på Høgskulen i Volda, til Studentsamskipnaden og eit femtitals eksterne mottakarar i media og til andre som ønsker å få vite kva som skjer på Høgskulen i Volda.
Her er arkiv med tidlegare nyhendebrev.
I det siste nyhendebrevet før sommarferien 2021 prøvde eg meg på ny utforming av brevet ved å bruke systemet Mailmojo. Her er nyhendebrevet i «nytt» format.
Samtidig med denne omlegginga ønska eg også å ta ein sjekk på kva lesarane tenkjer om nyhendebrevet – og om dei ønsker seg forandringar. Derfor fekk mottakarane av nyhendebrevet også invitasjon til å svare på ei spørjeundersøking i Nettskjema med ein del spørsmål om nyhendebrevet. I alt var det 69 som svarte på spørjeskjemaet i tida 24. juni til 1. juli. Det gir ein nokså låg svarprosent når det er ca. 500 interne og ca. 50 eksterne mottakarar av brevet. Så undersøkinga må vel reknast som ein peikepinn. Det gir lite meining å bryte svara ned på einskildavdelingar eller på fag/administrasjon, men eg har heller ikkje sett skarpe skilnader etter slike dimensjonar.
Her er ein standardpresentasjon av undersøkinga henta frå Nettskjema-undersøkinga.
Funksjonen «Insights» i Outlook fortel at ca 2/3 av alle mottakarane opnar e-posten med nyhendebrev. Men kor mykje blir faktisk lese? I spørjeskjemaet fortalde 64 av 69 respondentar at dei som regel eller kvar gong opna e-posten med nyhendebrev og las noko eller mykje av innhaldet. Så det kan virke som nyhendebrevet når fram.