Fjordantologien 2021: Forsking med og for regionen

Fjordantologien speglar att breidda i fag- og forskingsmiljøa i regionen og dekker tema som berekraftig tettstadstutvikling, kvinneperspektiv på planlegging av byrom, ny kunnskap om byfortetting og byspreiing, korleis legge til rette for studententreprenørskap, kva vil turistane eigentleg ha?, geografiske variasjon i tiltakslyst – og eg hadde nær sagt sjølvsagt: Industriklynger i eit historisk perspektiv – og dei digitale utfordringane for den maritime klynga. Og meir til.

Spesielt positivt og interessant er det at forskarane har involvert studentar i fleire av prosjekta. Det gjeld blant anna eit prosjekt der forskarar og studentar ved Høgskulen i Volda i samarbeid med Ålesund kommune har involvert svake grupper i kommunal planlegging gjennom «skreddarsydde opplegg». Ved å engasjere 37 studentar fordelt på 6 grupper nådde forskarane – og dermed kommunen fram til heilt andre og ofte oversette grupper i samfunnsplanlegging. Studentane oppsøkte barn, rusmisbrukarar, innvandrarar, eldre og «mannen i gata» – på deira eigne arenaer – der dei budde eller heldt til til dagleg, blant anna Frelsesarmeens varmestue og Frivilligsentralen i Ålesund. Ved å engasjere studentar nr både forskarar og kommune ut til fleire enn det vanlegvis er muleg å nå fram til i arbeidet med kommunal planlegging.

I ein av artiklane som handlar om utviklinga av den maritime klynga i vår region er temaet digitalisering og korleis det blir vurdert og handtert i ulike bedrifter. Eitt av funna tyder på at mange bedrifter helst har sett på digitalisering som eit verktøy for å effektivisere tradisjonell produksjon og i mindre grad eit verktøy for innovasjon og utvikling av nye tenester, og at klynga her står i eit brytningspunkt. Ein annan av artiklane handlar om kva som fremmer og hindrar studentar og entreprenørskapsprosjekt – og eitt av hindera kan vere for store og for tidlege forventningar til at idear skal skalerast opp. 

I eit anna prosjekt og ein annan artikkel vart engelske turistar i Balestrand intervjua om kva dei fekk ut av sine opplevingar, og eit viktig resultat i studien var at turistane fekk sterkast og best inntrykk av dei kulturelle og historiske bidraga meir enn «berre» naturen. Så dette var eit godt døme på verdien av Kulturisme.

Sparebanken Møres pris for beste bidrag i Fjordantologien gjekk til artikkelen med tittelen: «Fortetting og byspreiing: praksis og haldningar gjennom tretti år i fire norske kommunar» og var skriven av fire forskarar ved Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet. I større byar kan det virke som at det er sjølvsagt at byane skal vekse og at (landbruks)areal skal byggast ned. Men korleis er det i litt mindre byar? Forskarane har studert fire kommunar som i 1991 var nokså like kvarandre når det gjeld bypreg. Men utviklinga etter 1991 har vore svært ulik i dei fire kommunane. Utvikling og byspreiing er altså ikkje låst til eitt spor men kan ta ulike retningar på mellomstore stader ut frå lokale forhold og lokal debatt. I vurderinga av artikkelen rosa juryen særleg at artikkelen, og forskingsprosjektet den er ein del av, kom med ny kunnskap på eit område som var lite forska på frå før. 

Dette er berre eit lite utval av dei 15 artiklane i årets Fjordantologi, og dermed berre eit lite utval av tema og forskingsfelt som forskarar i regionen er opptatt av. Nordvestlandet har tradisjonelt hatt få med høgare utdanning, og også i dag sakkar vi akterut i høve til landsgjennomsnittet når det gjeld andel av innbyggarane som har lang høgare utdanning, altså mastergrad eller meir. Eitt problem med det er at det blir vanskelegare å gjere seg kjent med, vurdere og ta i bruk ny forsking om ein ikkje sjølv har bakgrunn frå forsking på eitt eller anna vis. Dette kan også kallast absorbsjonskapasistet og er i seg sjølv eit argument for at ein treng fleire forskarar, meir forskingssamarbeid og ikkje minst meir formidling av forsking.

Fjordkonferansen og Fjordantologien har etter kvart vorte eit etablert tiltak som bør ha livskraft og potensiale til å kunne bli ein endå betre møteplass for forskarar og arbeidsliv på Nordvestlandet.

Fakta om Fjordkonferansen og Fjordantologien:

Fjordkonferansen har vorte arrangert kvart år sidan 2013 og er eit fellestiltak for Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde, NTNU i Ålesund, Høgskulen på Vestlandet, Møreforsking og Vestlandsforsking. Sparebanken Møre vore medarrangør av konferansen sidan 2013. I årsskriftet Fjordantologien vert det publisert vitskaplege artiklar som er bygde på presentasjonar og diskusjonar på Fjordkonferansen.  Fjordantologien 2021 har som fellestema: «Stadutvikling». Boka er gratis tilgjengeleg for alle som Open tilgang-publikasjon

Fjordantologien 2021.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar