Vekerevyen 2021: Dette trengte vi! For ein feiande flott revy!

Koronaen mangla sett fullstendig frå revyen, sjølv om både tittelen på revyen, nokre av sketsjane og ikkje minst signatur-songen heilt klart var kopla til korona. Sjølv fekk eg litt assosiasjonar til den første Harry Potter filmen der heile handlinga eigentleg krinsa rundt han «som ein ikkje kunne seie namnet på» – ein usynleg, ekkel og ondskapsfull type – litt som korona altså i 2020 og 2021. Revysjefen og regissøren ser ut til å ha tatt eit tydeleg val: På Vekervyen 2021 skal vi ha det kjekt og då snakkar vi ikkje om korona! Vonleg er ferdig med på kortare tid enn det tok å lage Harry Potter-serien!

Men når det er sagt har Rokken eit veldig tillitvekkande opplegg for smittevern med tilvising til stolar, bestilling via mobil og servering kjem til stolane. Eg har forstått det slik at det er same opplegget som på vanlege kveldar på Rokken. Veldig bra!

Så Vekerevyen og den komande studentveka er eit veldig velkome og verkeleg godt lys i mørketida – og har vorte laga under vanskelege arbeidsforhold. Og det står verkeleg respekt av resultatet.

Gratulerer til revysjef, regissør – og ja i det heile tatt: Alle involverte og engasjerte! De kan vere stolte av det de har fått til!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar