På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på nettsidene våre.
KORONA-situasjonen
Statsråd for forsking og høgare utdanning Henrik Asheim hadde i går tidleg møte med UH-sektoren om smittesituasjonen. Han gjorde det der klart at det ikkje er aktuelt med nedstenging av høgskular og universitet no. Det vert opp til lokale smittevernmynde å vurdere kva tiltak som er nødvendige, så høgskular og universitet blir oppmoda til å ha tett kontakt med sine kommunar for å vurdere aktuelle tiltak.
Det har ikkje kome referat frå møtet frå Kunnskapsdepartementet, men slik eg tolka møtet så vert avstandskrava på ein meter oppretthaldt for undervisning, så vi kan ikkje ta inn fleire studentar i undervisningsroma enn vi ha ri dag.
Kriseleiinga ved Høgskulen i Volda har no møte 1-2 gongar i veka. Vi har i det siste gjort to beslutningar som kan nemnast særskilt:
For det første har vi bestemt at alle eksamenar etter 1. november blir digitale. Det blir altså ikkje skriftlege skuleeksamenar. Dette er også kommunisert på våre nettsider og i andre kanalar, blant anna gjennom media.