Låg strykprosent i Volda – er det eit problem?

I veke 47 brakar det laus – då har vi første ordinære eksamensveke for dei mange som skal opp til skuleeksamen på Høgskulen i Volda, hausten 2019. Lukke til til alle involverte!

Informasjon om eksamen på våre nettsider.

Etter eksamen kjem for studentane den spennande ventetida – kva blir karakteren? Stått – eller stryk?

Høgskulen i Volda har dei siste åra hatt blant dei aller lågaste strykprosentar i landet. For våren 2019 har nettavisa Khrono presentert tal som syner at våren 2019 hadde Volda den lågaste strykprosent i landet med ca 3,8 prosent stryk. I andre enden av skalaen ligg Universitetet i Sør-Øst Norge med ca 10 prosent stryk.

Les artikkelen i Khrono (14.11.2019.

Kai A. Olsen i Khrono (14.11.2019)

I artikkelen i Khrono blir professor emeritus Kai Olsen ved Høgskolen i Molde intervjua om dette. Olsen har fleire gonger tidlegare peika på at låg strykprosent også kan bety at institusjonar stiller for låge krav til sine studentar, og peikar også på at for institusjonane så betyr det å stryke ein student at det blir mindre inntekter og meir arbeid for høgskulen. Og for studenten, bør det vel leggast til.

På andre kåringar er det andre høgskular som har kome spesielt godt ut – målt etter talet på beste karakter, altså A:

«De beste høgskolene i Norge» (Studenttorget, 2016).

Ved Høgskulen i Volda har vi akkurat dei same forventningar til kvalitet og nivå på utdanningane som ved alle andre høgskular og universitet. Fagmiljøa kikkar kvarandre i korta gjennom utveksling av sensorar og vi blir alle kikka i korta av det nasjonale kvalitetsorganet NOKUT.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Én kommentar til «Låg strykprosent i Volda – er det eit problem?»

  1. I tillegg til å samanlikne tilsvarande fagområde, er det også relevant å sjå på korleis undervisninga og evalueringsordningane innanfor dei enkelte fagområda er lagt opp. Eg kan berre uttale meg for mitt eige fag (historie), men eg trur også dette gjeld andre. Vi har stor grad av studentaktive læringsformer der prosessorientert skriving står sentralt . Dette gir god oppfølging av studentar, og kjem med fleire tilbakemeldingar undervegs i skriveprosessen. Men dei mange arbeidskrava gjer også at ein del studentar fell i frå undervegs, då dei ikkje klarer å gjennomfører arbeidskrava. Desse fråfalla blir ikkje reflektert i strykprosenten, noko dei ville ha gjort om vi køyrde meir utstrekt bruk av tradisjonell eksamen med summativ vurdering. Om ein skal samanlikne strykprosent, må ein også gå inn på den enkelte institusjon eller fagområde si oppfølging av studentar og dei eksisterande evalueringsformene som er gjeldande. Her vil det vere store variasjonar.

Legg igjen en kommentar