Låg strykprosent i Volda – er det eit problem?

Dei siste åra har vi også fått stadig sterkare konkurranse om studieplassane, så det er ikkje slik at «alle» kjem inn og at «alle» kjem ut frå Høgskulen i Volda.

Vidare har vi i Volda som ein liten og oversiktleg institusjon med små avstandar, opne dører og korte avstandar mellom studentar og tilsette vore særleg merksame på den einskilde student som kanskje har problem med å få til framdrift i studeringa. Og studentane støttar også kvarandre. Eg trur dette er viktige forklaringar på ein låg strykprosent.

Men i den nasjonale debatten vert det også peika på at det er ulike strykprosentar på ulike fagområde. Dette poenget burde vore meir drøfta om denne strykdebatten skal utvikle seg i noko meir interessant retning.

Høgskulen i Volda er ein liten, fokusert institusjon der våre studietilbod ligg innanfor samfunnsfag og humaniora. Og innanfor desse fagområda, og ikkje minst profesjonsstudia, ser vi at det landet rundt er nokså låg strykprosent. Så ein bør antakelig samanlikne eple og eple her og dreie debatten i retning av kvifor det er store skilnader i strykprosent på ulike fagområde og ikkje berre samanlikne strykprosentar på ulike institusjonar.

Når det er sagt må vi og alle andre ha ein løpande debatt om fagleg kvalitet, eksamensformer og oppfølgjing av studentar. NOKUT og Høgskulen i Volda skal i lag med fleire andre institusjonar ha ein grundig gjennomgang av institusjonanes kvalitetssystem hausten 2019-våren 2020 og der blir strykprosent ein del av det samla bildet.

Elles ønskjer eg alle studentar – og sensorar! – lukke til med den komande eksamensperioden.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Én kommentar til «Låg strykprosent i Volda – er det eit problem?»

  1. I tillegg til å samanlikne tilsvarande fagområde, er det også relevant å sjå på korleis undervisninga og evalueringsordningane innanfor dei enkelte fagområda er lagt opp. Eg kan berre uttale meg for mitt eige fag (historie), men eg trur også dette gjeld andre. Vi har stor grad av studentaktive læringsformer der prosessorientert skriving står sentralt . Dette gir god oppfølging av studentar, og kjem med fleire tilbakemeldingar undervegs i skriveprosessen. Men dei mange arbeidskrava gjer også at ein del studentar fell i frå undervegs, då dei ikkje klarer å gjennomfører arbeidskrava. Desse fråfalla blir ikkje reflektert i strykprosenten, noko dei ville ha gjort om vi køyrde meir utstrekt bruk av tradisjonell eksamen med summativ vurdering. Om ein skal samanlikne strykprosent, må ein også gå inn på den enkelte institusjon eller fagområde si oppfølging av studentar og dei eksisterande evalueringsformene som er gjeldande. Her vil det vere store variasjonar.

Legg igjen en kommentar