Det har aldri vore så mange tilsette i forskarstillingar ved Høgskulen i Volda som i dag. Det er viktig å hugse på når det måndag 6. februar vart kjent at Møreforsking Volda AS ikkje lenger har aktivitet i Volda.
Det som var lettast å sjå i Sunnmørspostens papirutgåve var overskrifta «Ingen forskarar i Volda». At det i tillegg står ein stikktittel med «Møreforsking» var ikkje så lett å sjå – og kunne også tolkast som at dette var ein rapport frå Møreforsking. Det blir ikkje lettare å forstå saka når ingressen kan tolkast som at dei tilsette ved Møreforsking var tilsette ved Høgskulen i Volda.
Database for høgare utdanning (DBH) har tal på tilsette i alle typer stillingar ved Høgskulen i Volda – og alle andre institusjonar for høgare utdanning i Noreg. Kva tala om utviklinga i talet på forskarar ved Høgskulen i Volda?
Tala frå DBH syner at i 2016 hadde Høgskulen i Volda 206 årsverk i forskarstillingar – som er fleire enn nokon gong tidlegare og meir enn 10 fleire i 2015. Eller for å bruke terminilogien til DBH: Høgskulen i Voldas tilsette i Undervisnings, forskings og formidlingsstillingar (professorar, dosentar, førstelektorar, førsteamanuensar og stipendiatar) utførte til saman 206 årsverk i 2016.
Desse tala vil også bli presenterte i FoU-meldinga for Høgskulen i Volda når den kjem seinare i år. Her er FoU-meldingane for tidlegare år.
Dette er også viktig å få med seg i det samla bildet av forskingsaktiviteten i Volda.
Årsverk i Undervisnings-, forskings- og formidlingsstillingar ved Høgskulen i Volda.
År | Årsverk |
2016
|
206
|
2015
|
194
|
2014
|
195
|
2013
|
192
|
2012
|
199
|
2011
|
199
|
2010
|
204
|