Nynorsk kultursentrum 25 år: Helsing til ein ung 25-åring frå ein gammal 24-åring *)

Ottar Grepstad heldt kanskje sin siste store tale som direktør ved Nynorsk kultursentrum, 28. september 2018.

Applaus til Grepstad frå festlyden, fredag 28. september 2019 (video).

Høgskulen i Volda var i 1993 med blant stiftarane av Nynorsk kultursentrum. Vi var då to institusjonar. Volda lærarhøgskule og Distriktshøgskulen i Volda. I 1994 vart dei to slått saman til Høgskulen i Volda. Det skal vi markere neste år. Vi har litt å lære av Nynorsk kultursentrum når det gjeld feiring!

I 2019 skal vi også feire at det er 50 år sidan fødselsdagen til DH-skulen i Volda. Datoen er 20.6.2019. Då er det 50 år sidan Stortinget vedtok å etablere dei første DH-skulane – blant dei Volda.

Men vi er likevel eldre enn som så – lærarskulen vart skipa i 1861 og sidan då har det vore drive høgare utdanning i Volda.

Så denne helsinga går frå ein nokså gammal 24-åring til ein ung og vital 25-åring!

Blogginnlegg: Jubileumsåra 2019-2022: Her trengst det ei bok! Og ein fest

Fagfolk ved Høgskulen i Volda stod sentralt i grunnarbeidet som førte fram til etableringa av Nynorsk kultursentrum og det som på folkemunne vert kalla Aasentunet i Hovdebygda. Særleg avdøde historieprofessor Jostein Nerbøvik har fortent nok vorte minna litt ekstra på denne jubileumsfeiringa. Mange andre kunne vore nemnde.

Både lærarskulen i Volda og DH-skulen i Volda har vore med blant dei viktigaste støttespelarane for nynorsk i over 100 år. Vi kan kanskje seie at Henrik Kaarstad-huset kanskje var den fremste nynorskborga utanfor dei nasjonale nynorskinstitusjonane i Oslo. Det var den i kraft av fagfolka som hadde sin arbeidsdag der og som brukte nynorsk. Det var den i kraft av studentane som både kom med sitt språk til lærarskulen og seinare til DH-skulen. Der fann dei støtte for språket hos sine medstudentar, hos lærarar og administratorar. Og seinare i namnet på hus på høgskulen. Det første huset i landet som vart bygd for å huse ein distriktshøgskule fekk naturlegvis namnet Ivar Aasen-huset, det står på høgskuleområdet i Volda og vart bygd av Volda kommune i 1971.

I dei 25 åra som har gått sidan nynorsk kultursentrum har vorte bygd er det nok rett å seie at samarbeidet mellom oss har gått litt opp og ned. Det har ikkje vore eit keisamt samliv akkurat!

Men vi bidreg. Vi har hatt studietilbod i nynorsk i mange år. Vi har i mange år hatt landets einaste master i nynorsk skriftkultur – vi har faktisk nett no eit ledig doktorgradsstipend i nynorsk – og elles alltid plass til nye flinke fagfolk på nynorskfeltet.

Men som ordførar og tidlegare rektor Jørgen Amdam sa i si helsing:  Nynorsk kultursentrum har nok vokse og utvikla seg langt meir og sterkare enn det vi har sett på forskings- og utdanningssida, altså hos oss ved Høgskulen i Volda.

Dei siste åra tykkjer eg vi har fått ei god form på det overordna samarbeidet med Nynorsk kultursentrum i form av eit pønskarlag, eller ei strategisk gruppe. Eit frukostforum. Tilsaman utgjer dette pønskarlaget det vi kanskje kan kalle ei klynge – ikkje ei næringsklynge men antakelig ei kulturklynge – sentrert om nynorsk. Kanskje kan det argumenterast med at klynga eigentleg femner om aktørar på heile Søre Sunnmøre.

Nynorskklynga på Søre Sunnmøre – Cluster of New Norwegian (blogginnlegg frå 2015)

Klynga tel kanskje 40-50 fagfolk til saman i Volda og Ørsta og har desse aktørane og følgjande bidrag inn i klynga:

  • Nynorsk kultursentrum: Strategi, lobbyist, styrehus – samordnaren på nynorskfeltet.
  • Aasentunet: Museal verksemd, formidling, kulturelle aktivitetar, arkiv.
  • Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa ved Høgskulen i Volda: Skuleorientert formidling og undervisning.
  • Institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda: Nynorskforsking og -publisering, nynorsk i undervisning og formidling i høgre utdanning, samarbeid med Universitetet i Bergen om dei norske språksamlingane.
  • Ivar Aasen-insituttet ved Høgskulen i Volda: Forskingssenter for nynorsk skriftkultur, gjev ut skriftet Nynorsk skriftkultur.

Opningshelsing til forskingsgruppe for nynorsk skriftkultur (6. juni 2018).

Lista over bidrag er naturlegvis ikkje uttømmande og aktivitetane kan naturlegvis overlappe kvarandre.

Vi er nær kvarandre – vi utfyller kvarandre – vi gjer kvarandre betre. Slik skal ei klynge fungere.

I kvardagen som høgskule har vi også sett at i desse 25 åra har ei rekkje fagfolk gått fram og tilbake mellom institusjonane gjennom tilsetting i stillingar, bidrag i styre og stell men også i form av utveksling av tankar og idear – og i beste fall felles strategiar. Også dette er vesentlege eigenskapar ved ei fungerande klynge. No i jubileumsåret er professor Per Halse ved Høgskulen i Volda rådsordførar i Nynorsk kultursentrum – svært passande – ikkje minst fordi han også er frå Hovdebygda.

«Ideens ringverknader», aviskronikk av Per Halse og Lodve Solholm i høve 25-årsjubileet til Nynorsk kultursentrum.

Rådsordførar Per Halse, HVO, var programleiar for jubileumsmarkeringa i Aasentunet.

På ein festdag som dette kan det passe å sitere litt strategiplanen til Høgskulen i Volda  – det handlar om korleis vi ser på oss sjølve – korleis vi ønskjer å vere. Om vår identitet og våre verdiar:

Høgskulen i Volda ber vidare den historiske folkeopplysingstradisjonen etter Ivar Aasen, Sivert Aarflot, Hans Strøm og andre pionerar frå regionen. Høgskulen skal vere inkluderande og relevant, og vere ei kunnskapsbasert og kritisk røyst i samfunns- og utdanningsdebatten. Høgskulen skal ha høg kvalitet i undervisning, forsking, formidling og forvalting. Nynorsk språk og kultur er ein viktig del av identiteten vår.

Nynorsk språk og kultur er ein viktig del av identiteten vår.

Eg veit at somme kunne tenkt seg endå sterkare markering av kor viktig nynorsk er for Høgskulen i Volda. Vi har jo lagt merke til kor tydeleg både Høgskulen på Vestlandet og det nye regionfylket Vestland er representert her på jubileumsmarkeringa og også legg vekt på nynorsk i kvardagen i nye institusjonar som no vert bygd opp. Det er inspirerande og interessant – eller kanskje det passar best å seie forvitneleg – og eg er glad for at vi får fleire institusjonar som har eit aktivt og positivt forhold til nynorsk. Det er ein kamp som skjer kvar dag rundt oss – blant anna i dei nye kommunane og fylkeskommunane som blir danna rundt oss.

Men pr i dag så er eg glad for å konstatere at Språkrådet har funne ut at Høgskulen i Volda er den einaste høgskule eller universitet som faktisk har nemnt språk i sin strategiplan. Så får vi heller leve med at Språkrådet også kan vere litt strenge med oss for at vi ikkje tek godt nok vare på bokmål som altså er eit minoritetsspråk ved Høgskulen i Volda.

Neste år er det altså Høgskulen i Volda sin tur til å invitere til 25-årsmarkering. Det skal skje 20. juni 2019, og Nynorsk kultursentrum kjem sjølvsagt til å bli invitert. Vi gler oss både over dagens jubileumsmarkering, vi gler oss til å ta i mot dykk på vår eiga 25 års jubileumsmarkering – og til eit godt samarbeid i nynorskklynga i åra som kjem.

*) Dette var i hovudtrekk talen eg hadde førebudd – men det var så mange som heldt lange og gode talar på jubileumsfesten – kvelden vart lang så det vart til at eg der og då berre kom med ein liten bit av det som står ovanfor. Ja, det vart vel litt lenger medan eg skreiv. Men med dette blogginnlegget har vonleg jubilanten fått ei skriftleg helsing som også er lettare å arkivere og finne igjen enn fagre ord på ein fin fest! 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar