Er det obligatorisk?

Første året på sosionom- og barnevernsutdanninga er delt i bolkar. Kvar bolk vert avslutta med eit opplegg som er meint å gi studentane høve til å integrere og aktivere kunnskapen dei har tileigna seg gjennom førelesingar og pensumlitteratur.

Bolken om «oppvekst og familie» vert avslutta med tre dagar kasusarbeid. Første dagen får dei ei orientering av ein av teamleiarane i barnevernstenesta i Volda og informasjon om opplegget . Deretter jobbar dei med eit kasus som tek utgangspunkt i ei bekymringsmelding til barnevernet. Kvar gruppe skal konstruere grunnlagsdokument og ein tiltaksplan.

Siste dagen får dei vite korleis dei fire ulike kasusa heng saman. Deretter skal fire og fire grupper samlast for å presentere tiltaksplanen og gjere endringar i den ut frå den nye kunnskapen dei har fått. Alle grunnlagsdokumenta skal innehalde ein faktadel, ein teoridel og ein refleksjonsdel.

Det er eit lite stykke frå korleis dei jobbar i barnevernet, men målet er å legge til rette for at dei får reflektert saman og aktivert kunnskapen sin. Så i valet mellom «rett barnevernspraksis» og «god tilrettelegging for læring», valde vi det siste.

Ikkje uventa kom spørsmålet om «opplegget er obligatorisk» plingande inn på telefonen. Svaret mitt på spørsmålet vart omlag:

Det er gruppearbeid. Om du ikkje er med på det, går det ut over dei andre i gruppa. I tillegg er det i praksis ei oppsummering av bolken, så det er kanskje ein dum ting å velje vekk om du skal klare eksamen. 

I retur kom ei melding om at det var klarert med gruppa. Då svara eg slik:

Om dei seier det er greitt er ein ting – men dei går like vel glipp av den kunnskapen og dei tankane du har, og ikkje minst dei perspektiva du kan bidra med. Men det er di læring, og det er du som skal kvalifisere deg til å bli ein god sosialarbeidar. Oppgåva og ansvaret er ditt – vi har berre ansvaret for å legge tilhøva til rette for god læring.

Studentar har eit liv på utsida av studia som kan gjere arbeidet med studiet vanskeleg. Det er også studentar som i praksis har viktigare ting å gjere enn å lære det som er tema dette semesteret, rett og slett fordi dei ikkje har stått på eksamen førre semester.

Studentar som ikkje kan prioritere opplegget, vert ofte hengande etter. Det skaper utfordringar for dei studentane dei samarbareider med på mange måtar. Etter mitt vit er dei to viktigaste at 1) dei ikkje kan bidra til kvarandre si læring like godt som dei andre, og 2) at deira fråkopling kan verke demotiverande på dei andre.

Obligatorisk oppmøte er eit verkemiddel for å redusere sjansen for at studentane vert hengande etter. Likevel er eg ikkje berre glad for det. Det har sine positive sider, men når fokuset vert formalitetane framfor læring og dei mellommenneskelege forpliktingane er det ikkje bra.  Spesielt ikkje når vi utdannar sosialarbeidarar.