Dingsar på læringarenaen

Etter mitt vit, kan studentar i prinsippet innta fire ulike posisjonar i læringsøktene.

  1. Avkopla: I denne situasjonen lærer ikkje studenten – ein er ikkje lærande. Ein kan sove, dagdrøyme, eller om ein er meir moderne chatte, sjekke Facebook eller sjå film.
  2. Passiv mottakar: I denne posisjonen deltek ein i læringsøkta utan å gjere meir enn å høyre på.
  3. Aktiv mottakar: Her tek ein imot det som vert sagt, og noterer enten på papir eller datamaskin. Dette medfører ei høgre grad av kognitiv aktivitet enn om ein er passiv mottakar, og følgeleg lærer ein meir.
  4. Aktivt søkande: Før var denne posisjonen avgrensa av det som var i rommet. Den lærande kunne spørje læraren, eller bla i bøker som han/ho hadde tatt med seg. No er mogelegheitene større. Den lærande kan søke opp tema som vert tekne opp. Enten for undersøkje det for sin eigen del, eller for å bidra til fellesskapet. Dette fører til enno høgre kognitiv aktivitet – og følgjeleg ennoo meir læring.

Dess meir ein veit om eit tema, dess lettare er det å innta posisjonar. Det tyder i praksis at den som kan mykje, lærer meir enn den som kan lite. Men det er eit viktigare element, nemleg det at elektroniske dingsar på læringsarenaen er ein styrke for dei som kan mest, og ei ulempe for dei som kan minst.

Internett gir den som kan mest gode høve til å lære meir, kopla til det han/ho allereie kan. For den som kan minst er situasjonen anleis. For desse vert nettet ein stad for distraksjonar.

Dingsar på læringsarenaen vert såleis ein styrke for dei som kan mest, og ei ulempe for dei som kan minst. I praksis fører dette ofte til at fleire vert på avkopla-nivået, og fleire på aktivt-nivået.

Som lærar har ein to verkemiddel for gjere noko med dette. Det første er å gjere dei lærande merksame på kva som skjer. Det andre er å legge til rette for at dingsane kan nyttast på ein måte som legg til rette for at dei lærande beveger seg oppover i nivåa. Til dømes gjennom bruk av Twitter i førelesingssalen.