Film: Kraftidioten

Norsk film som handlar om ein far som tek lova i eigne hender etter drapet på sonen sin. Drapet er gjort av ei av to rivaliserande narkotikabander, og faren si innblanding utløyser krig mellom dei.

Filmen er sosialfagleg relevant fordi den gir grunnlag for refleksjon over:
  • Hevn som problemløysing i eit ultra-maskulint miljø
  • Reglar i grupper som er utanfor samfunnet (Goffmann: Stigma, Becker: Stempling)
  • Kulturmøte; både korleis gruppene ser på kvarandre og korleis dei ser samfunnet

Filmen er å finne på Netflix

 

Serie: Mindhunter

Handlar om korleis ein FBI-agent på 70-talet søkjer å forstå kriminalitet på ein betre måte – og med logikken:

How can we get ahead of crayzy, if we don’t know how crayzy think?

Dette leier han inn i leitinga etter kunnskap som baserer seg på psykologiske, sosiologiske og samfunnsmessige aspekt som er relevante for kriminelle handlingar.

Serien er sosialfagleg relevant fordi den gir grunnlag for innsikt i:
  • Korleis oppvekst og relasjonar påverkar individ.
  • Bakgrunnen for kriminelle handlingar ut frå ulike vinklar
  • Den motstanden som det vi i dag opplever som sjølvsagt møtte då det var radikalt.
  • Spriket mellom akademiske perspektiv og perspektiva til praktikarar.
  • Fordeler og ulemper med standardisert vs. open og tilpassa tilnærming i undersøkingar.
  • Korleis ein tenkte om kriminalitet på 70-talet (og kor rar denne tankemåten er i dag).

Serien er å finne på Netflix

Filmpolitiet

IMDB

Meistringsspiralen

Eg hadde køyrt heile natta, og skulle besøke ein ven av meg. Det passa liksom ikkje
å kome dit fullstendig utsliten, når ho venta seg ein laurdagskveld med prat og
selskap. Eg fann meg ein parkeringsplass bak ein bensinstasjon og la meg til å sove
i bak i bilen. Då eg vakna nokre timar seinare var bommen stengd. Eg kom meg ikkje ut.  


Bommen var låst, eg var seint ute, og bensinstasjonen var tom for folk. Ikkje ei sjel i sikte.
Eg gjekk i ring, kjende at eg vart meir og meir stressa og fortvilt, og sa til meg sjølv: #$&!
Kva skal eg gjere??? &$€%*!!!

Då adrenlinen byrja å prikke i hendene tenkte eg plutseleg: Roar, du er god på å finne
løysingar. Ta deg saman. Og eg tok meg saman.

Eg gjekk ut over rammene for situasjonen, kika utanfor parkeringsplassen og oppdaga ein
veg 100 meter lenger borte. Den låg på andre sida av eit jorde. Jordet kunne eg køyre over,
i alle fall om eg køyrde i ein U. Problemet var berre at betongkanten mellom parkerings-
plassen og jordet var for høg til bilen min. Eg kika meg rundt, og inntil ein vegg fann eg
nokre plankar og eit par lecablokker. Eg fann eit passande område, la på plass plankane
og lecaen, og køyrde over jordet og ut på riksveg 44.

Om eg ikkje hadde sett på meg sjølv som ein som er kreativ og god til å løyse problem, hadde resultatet blitt eit anna – og om eg ikkje hadde klart å løyse problemet hadde ikkje historia følgt meg som ei historie om meistring.

Albert Bandura Bandura (1977) forklarar at korleis ein meistrar ein situasjon er avhengig av kva forventingar ein har til eiga meistring. Dette kallar han self-efficacy, og er eit resultat av efficacy expectations (meistringsforventingar), og trua på at handlingar vil medføre resultatet ein ønskjer (utfallsforventningar).

Kva ein ventar av eiga meistring er tett kopla til eigne erfaringar. Om ein tidlegare har opplevd å meistre vanskelege situasjonar, er det lettare å meistre nye. OG om ein tidlegare har mislukkast, er det lettare å gi opp.

Gjenteken suksess aukar eiga meistringsforventning. Når forventinga til eiga meistring aukar, får ein mindre fokus på det som ikkje verkar, og større fokus på det som kan føre til ei god løysing.

Når ein skal legge til rette for meistringsopplevingar i sosialt arbeid, kjem pedagogikken til hjelp.

Jerome Bruner (1997) nyttar omgrepet stillasbygging for å illustrere det som går føre seg. Denne teorien er basert på Vyotsky (1978).

Vygotsky skil mellom det ein kan klare på eige hand og det ein den kan klare med hjelp og støtte frå andre. Dette kantar han den nære utviklingssona. Innanfor denne sona er det, med basis i Bruner, at  den som legg til rette for læring skal byggje stillaset. Dette må vere nært nok, høgt nok og ikkje stå i vegen for det som skal byggjast i læringsprosessen.

Når ein skal legge til rette for læring, er det spesielt viktig at ein hjelper den som skal lære til å setje seg realistiske mål, og at den som hjelper til ikkje er så involvert at den som skal lære å meistre tilskriv meistringa hjelp frå sosialarbeidaren.

——-

Bandura, A. (1977) Social Learning Theory. Englewood Cliffs, New Jersey: Prentice-Hall.

Bruner, Jerome (1997), Utdanningskultur og læring, Oslo: Ad notam Gyldendal

Vygotsky, L.S. (1978). Mind in Society. Cambridge, MA: Harvard University Press.

Sosialarbeidaren i tverrprofesjonelt samarbeid

Helse- og sosialtenestene opplever eit auka krav til spesialisering, profesjonalisering og samarbeid. Når ein set saman tverrforfesjonelle grupper, så er det fordi ein meiner at ulike faglege perspektiv er viktige for å løyse oppgåvene. Med auka spesialisering aukar også ofte skilnadane og avstanden mellom dei som må samarbeide for å gi pasientar/brukarar så gode tenester som råd.

Godt samarbeid er kritisk for å yte så gode helsetenester som råd, men det er ein kompleks prosess som må synkroniserast – men ting er ikkje så enkelt som ein ofte kan håpe – nemleg at dess meir samarbeid og dess sterkar leiing dess betre. Endre Sjøvold (2010) har eit godt døme frå to lag som deltek på to militærøvingar. Det laget med den sterkaste uformelle leiaren løyser dei enkle oppgåvene fort, medan eit anna lag, utan ein sterk leiar, jobbar seinare men løyser dei vanskelege oppgåvene betre. Når han mappar rolleforståingane i forhold til fire dimensjonar, ser han at det raske laget er forholdsvis samla, medan det beste laget har større spreiing. Når planlegginga av ein operasjon vert mappa, ser Sjøvold at eit team endrar seg når ein sterk senior-lege kjem inn i planlegginga. Teamet går frå å sjå ut som det beste laget til å likne på det raskaste laget.

Sjøvold meiner at det er fire aspekt ved teamarbeid som må takast omsyn til om ein skal forstå team:

  • Målorientering – frå kontroll til omsorg
  • Autonomi – frå opposisjon til avhengigheit
  • Læringsevne – frå tilbaketrekning til synergi
  • Påverknad – frå innflytelse til passivitet

Eit godt team har i seg kontroll og omsorg, opposisjon og avhengigheit, tilbaketrekking og synergi, og innverknad og passivitet – i varierande grad, frå varierande aktørar – og alt etter samahengen. Dette viser kor krevjande det er å vere i eit team.

Det er lett å vere sterk når ein har sikre fakta, og det er lett å legge seg bakpå når det ein har med seg er litt meir ullent. Når sosialarbeidarar skal vere i team med helsearbeidarar, er det lett for desse å legge seg litt meir bakpå enn dei burde. For, med unntak av juss er kunnskapane til helsearbeidarane mindre objektive enn mykje av helsearbeidarane sine kunnskapar. Men at kunnskapar er mindre sikre, medfører ikkje at dei er mindre viktige – i alle fall ikkje i teamsamanheng – for når alt kjem til alt – så er det dei ulike perspektiva som legitimerer teamet.

For sosialarbeidarane er det dermed viktig å «stå på sitt» lenge nok, og for oss som utdannar sosialarbeidarar er det viktig å gi studentane nok tryggleik til at dei kan framhande sine perspektiv i møte med andre profesjonar på ein god måte.

 

Sjøvold, Endre. (2010) Ledelse og utvikling av høytelsesteam – et spørsmål om mestring av kompleksitet og balanse. Scandinavian Journal of Organizational Psychology. vol. 2 (1).

Partnerdrap i sosialt arbeid

Eg var på ei førelesing i går, om partnerdrap i England. Førelesinga var basert på https://www.womensaid.org.uk/ sitt arbeid. I Noreg har VG gjort ein viktig jobb på dette området.

Det bur 50 millionar menneske i England, altså ti gongar så mange som i Noreg. Dei har omlag 150 partnerdrap i året, medan vi har 10 i året. Det tyder at vi er litt betre stilt enn England, men for den/dei det angår er eit drap eit drap, enten det er mange eller få i landet. Vi må anta at den menneskelege lidinga er lik, og tapet like stort.

Dei siste 15 åra er 135 kvinner drept av menn i Noreg, medan 15 menn er drepne av kvinnelege partnerar. Lidinga i einskildsakene må ein anta er lik – men som samfunnsproblem er det at menn drep kvinner større enn at kvinner drep menn.

Når menn drep kvinner, er det som oftast fordi dei kjenner seg svikne av desse kvinnene. Kvinnene vil eller har allereie forlate desse mennene, og hendingane framfor dette er ofte fulle av vald og overgrep. Det er såleis ofte tale om ein mann som ikkje klarer å handtere kjenslene sine på ein meiningsfull måte.

Då sit vi med to viktige oppgåver som samfunn. For det første må vi hjelpe menn å handtere kjenslene sine på ein betre måte enn gjennom vald, overgrep og drap. Dette må starte allereie i barnehagen. Den andre oppgåva er å støtte kvinner som vert usette for vald og overgrep.

Eg spurde førelesaren om kva ho meinte var viktig for å hjelpe kvinner. Ut frå hennar perspektiv var det to viktige oppgåver:

  • Stop blaming women
  • Keep your heart on duty in your job

Kvinner kjenner ofte ansvar for situasjonen dei er i. Det er difor viktig at ein ikkje gir henne skuld for det. Ein må vere tydeleg på kven som gjer feil her – og at det ikkje er kvinna. Når ein då skal ha hjartet med seg på jobb er det viktig at ein ikkje viser særleg mykje forståing – men at ein viser medkjensle. Det er det ho treng for å kome ut av ein destruktiv relasjon.