Sosialarbeidaren i tverrprofesjonelt samarbeid

Helse- og sosialtenestene opplever eit auka krav til spesialisering, profesjonalisering og samarbeid. Når ein set saman tverrforfesjonelle grupper, så er det fordi ein meiner at ulike faglege perspektiv er viktige for å løyse oppgåvene. Med auka spesialisering aukar også ofte skilnadane og avstanden mellom dei som må samarbeide for å gi pasientar/brukarar så gode tenester som råd.

Godt samarbeid er kritisk for å yte så gode helsetenester som råd, men det er ein kompleks prosess som må synkroniserast – men ting er ikkje så enkelt som ein ofte kan håpe – nemleg at dess meir samarbeid og dess sterkar leiing dess betre. Endre Sjøvold (2010) har eit godt døme frå to lag som deltek på to militærøvingar. Det laget med den sterkaste uformelle leiaren løyser dei enkle oppgåvene fort, medan eit anna lag, utan ein sterk leiar, jobbar seinare men løyser dei vanskelege oppgåvene betre. Når han mappar rolleforståingane i forhold til fire dimensjonar, ser han at det raske laget er forholdsvis samla, medan det beste laget har større spreiing. Når planlegginga av ein operasjon vert mappa, ser Sjøvold at eit team endrar seg når ein sterk senior-lege kjem inn i planlegginga. Teamet går frå å sjå ut som det beste laget til å likne på det raskaste laget.

Sjøvold meiner at det er fire aspekt ved teamarbeid som må takast omsyn til om ein skal forstå team:

  • Målorientering – frå kontroll til omsorg
  • Autonomi – frå opposisjon til avhengigheit
  • Læringsevne – frå tilbaketrekning til synergi
  • Påverknad – frå innflytelse til passivitet

Eit godt team har i seg kontroll og omsorg, opposisjon og avhengigheit, tilbaketrekking og synergi, og innverknad og passivitet – i varierande grad, frå varierande aktørar – og alt etter samahengen. Dette viser kor krevjande det er å vere i eit team.

Det er lett å vere sterk når ein har sikre fakta, og det er lett å legge seg bakpå når det ein har med seg er litt meir ullent. Når sosialarbeidarar skal vere i team med helsearbeidarar, er det lett for desse å legge seg litt meir bakpå enn dei burde. For, med unntak av juss er kunnskapane til helsearbeidarane mindre objektive enn mykje av helsearbeidarane sine kunnskapar. Men at kunnskapar er mindre sikre, medfører ikkje at dei er mindre viktige – i alle fall ikkje i teamsamanheng – for når alt kjem til alt – så er det dei ulike perspektiva som legitimerer teamet.

For sosialarbeidarane er det dermed viktig å «stå på sitt» lenge nok, og for oss som utdannar sosialarbeidarar er det viktig å gi studentane nok tryggleik til at dei kan framhande sine perspektiv i møte med andre profesjonar på ein god måte.

 

Sjøvold, Endre. (2010) Ledelse og utvikling av høytelsesteam – et spørsmål om mestring av kompleksitet og balanse. Scandinavian Journal of Organizational Psychology. vol. 2 (1).

Praksisnært

Eg har siste veka (som er mi første), fleire gongar høyrt at sosialarbeidarstudia må vere praksisnære. Sjølv om intensjonen i at noko skal vere praksisnært er god, er der eit ibuande problem i dette som ein må jobbe medvite for å unngå.

Sosialarbeidarstudia er profesjonsstudium, til liks med sjukepleiarutdanninga og lærarutdanninga. Eg har høyrt desse skildra som akademiserte yrkesskular. Dette er ei skildring som gir meining i mitt hovud, ikkje minst fordi det peikar på at studia ligg i spenningsfeltet mellom handverket og akademia.

Eg trur at tanken om at studiet skal vere praksisnært er ein kritikk mot at dei akademiske aspekta ved studiet har fått for stort fokus, og at handverket har tapt på det. Det treng ikkje vere slik. Det er ikkje ein motsetnad mellom akademisk og praksisnært, slik det er ein motsetnad mellom det abstrakte og det praksisnære.

Eg er ikkje sosialarbeidar; eg er lærar. I lærarutdanninga har innhaldet to hovudaspekt: 1)Kunnskap ein skal lære for å kunne lære den vekk og 2) danning i form av det å verte ein lærar med dei «rette» haldningane og verdiane. Sjølv om også sosialarbeidaren bedriv kunnskapsformidling, har den mindre vekt enn hos læraren. Studiet har såleis ein større danningsdel enn mi profesjonsutdanning, noko som kan gjere kravet om at studiet skal vere praksisnært enno farlegare enn i den profesjonmsutdanninga som eg har.

Eg opplever lærarar som svært praksisorienterte. Det som kan brukast i klasserommet er bra; lite anna er bra. Dette gjer vidareutdanning av lærarar utfordrande, men eg trur at det praksisnære kan gjere utdanning av sosialarbeidarar enno meir utfordrande.

Danning er ikkje praksisnært. Det handlar om å tenkje på andre måtar, og det krev refleksjon. Det er såleis noko av det minst praktiske ein kan tileigne seg. Det tek tid, og ein har ikkje kjensla av å ha lært noko. For det handlar ikkje om klare eller ikkje klare – det handlar om å bli ein annan.

Ein kan dannast gjennom praksisnære oppgåver – og ein kan dannast gjennom akademiske øvingar. Men ein vert ikkje danna av å lære sakshandsamingsreglar. Det er yrkesskulen. Og der skal vi ikkje vere – det meiner eg (kanskje fordi eg har blitt danna gjennom det akademiske systemet).