Vi har på få dagar i mars fått to meldingar frå regjeringa: Arbeidslivsrelevansmeldinga og styringsmeldinga. Begge meldingane har i utgangspunktet fått positiv omtale i sektoren – altså i Khrono. I det politiske miljøet ser det også ut til at meldingane vert tatt godt i mot. Kva skal vi på Høgskulen i Volda tenke om desse meldingane? Kjenner vi oss igjen? Får dei betydning for oss?
Først ein kort presentasjon av hovudpoenga i dei to meldingane.
Styringsmeldinga: «Regjeringen vil ha bedre styring av universiteter og høyskoler»
Hovudbodskapen i meldinga er at regjeringa skal styre meir i stort, og mindre i smått. Det kan bety at vi i framtida får færre «styringsparameter» å forholde oss til. Eit døme som blir brukt i meldinga er dei mange mål og styringsparameter som Høgskolen i Innlandet møter: I sum er det snakk om over 100, og Høgskulen i Volda har nok like mange. Med så mange styringsmål kan dei fort drukne i kvarandre og av og til dra i motsett retningar. Så i framtida kan det bli færre, men viktigare måleparameter. Meldinga fortel at vi kan vente oss fire styringsprinsipp i framtida, og her har eg gjengitt dei, med eigne ord:
– Dialogbasert styring: Styringa frå departementet skal vere transparent og føreåtseieleg og i dialog med høgskulane.
– Differensiert styring: Nasjonale mål ligg fast, men det skal bli meir rom for lokal leiing.
– Strategisk styring: Einskildinstitusjonar kan bli meir detaljstyrt i periodar om Kunnskapsdepartementet meiner det trengst.
– Kunnskapsbasert styring: Vi skal framleis teljast og målast.
I styringsmeldinga står det at rammeplanane for lærarutdanning no skal vurderast, og at det kan bli meir frislepp i framtida. Sosialarbeidarutdanningane er midt inne i ei evaluering (RETHOS-løpet), så først i 2025 blir det kanskje større endringar med desse utdanningane.
Arbeidslivsmeldinga: «Slik vil regjeringen sikre bedre kontakt mellom studenter og arbeidsliv»
Les Arbeidslivsrelevansmeldinga her
Politikarane som har kommentert meldinga har stort sett vore samde i hovudtrekka, og har vore usamde om kven av dei som meiner at arbeidslivsrelevans er viktigast. Dette er ikkje akkurat eit godt utgangspunkt for ein nyansert debatt om meldinga, og det er viktig å få fram at ulike høgskular og universitet har ulike utfordringar, praksis og tradisjonar når det gjeld arbeidslivsrelevans.
Regjeringa har identifisert fire innsatsområde som skal styrkast («mobiliserast») for å styrke arbeidslivsrelevansen i høgare utdanning:
– Styrka samarbeid mellom høgare utdanning og arbeidslivet
– Opnare og meir tilgjengeleg høgare utdanning
– Meir studentaktive lærings- og undervisningsformer
– Meir og betre praksis
Samarbeidet med arbeidslivet har hatt dei såkalla Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) som ein viktig arena – men i meldinga blir det foreslått at institusjonane sjølve finn gode arenaer.
Det er nok arbeidslivsrelevansmeldinga som kanskje er mest konkret og dermed lettast å forholde seg til, så eg vil difor omtale den mest i det vidare – men med sideblikk til styringsmeldinga.