Fjordantologien 2021: Forsking med og for regionen

Kronikk/kommentar sendt til dagsavisene på Nordvestlandet.

Ålesund og Ulsteinvik, Balestrand og Sogndal: Desse og fleire andre stader og område er omtala i boka Fjordantologien 2021 som nett har kome ut og som har «Stadutvikling» som tema. Forskarar i Molde, Ålesund, Volda og Sogndal har stått bak dei fleste bidraga i boka og med Sparebanken Møre som medarrangør.

Dei siste åra har forsking og høgare utdanning på nytt blitt eit svært viktig tema i regional utvikling. Regionar og stader ønsker seg studentar og forskarar både for å gje ungdom eit regionalt utdanningstilbod, gi god tilgang til etter- og vidareutdanning for yrkesaktive og for å sikre høgt kompetent arbeidskraft til regionen. På stadig fleire område treng vi forskingsbasert kunnskap, anten det no gjeld den einskilde innbyggar, kommunar, næringsliv eller andre aktørar.

Vi som arbeider med forsking opplever at krava aukar. Vi må orientere oss mot den internasjonale forskingsfronten, samarbeide med forskarar i andre land og publisere på engelsk. Men kan lokale og regionale spørsmål likevel vere interessante også i ein internasjonal samanheng? Og kan vi publisere på norsk? Svaret på begge spørsmåla er definitivt ja om ein legg til grunn den siste utgåva av boka Fjordantologien. Forskarane på Nordvestlandet er i stor grad interessert i å forske med og på regionale spørsmål i samarbeid med regionale aktørar. Dette er betryggande, særleg når tittelen på Fjordantologien 2021 er «Stadutvikling».

Rekordmange forskarar ved Høgskulen i Volda

Det har aldri vore så mange tilsette i forskarstillingar ved Høgskulen i Volda som i dag. Det er viktig å hugse på når det måndag 6. februar vart kjent at Møreforsking Volda AS ikkje lenger har aktivitet i Volda.

Sunnmørsposten 6. februar

Det som var lettast å sjå i Sunnmørspostens papirutgåve var overskrifta «Ingen forskarar i Volda». At det i tillegg står ein stikktittel med «Møreforsking» var ikkje så lett å sjå – og kunne også tolkast som at dette var ein rapport frå Møreforsking. Det blir ikkje lettare å forstå saka når ingressen kan tolkast som at dei tilsette ved Møreforsking var tilsette ved Høgskulen i Volda.

 

Database for høgare utdanning (DBH) har tal på tilsette i alle typer stillingar ved Høgskulen i Volda – og alle andre institusjonar for høgare utdanning i Noreg. Kva tala om utviklinga i talet på forskarar ved Høgskulen i Volda?

 

Tala frå DBH syner at i 2016 hadde Høgskulen i Volda 206 årsverk i forskarstillingar – som er fleire enn nokon gong tidlegare og meir enn 10 fleire i 2015. Eller for å bruke terminilogien til DBH: Høgskulen i Voldas tilsette i Undervisnings, forskings og formidlingsstillingar (professorar, dosentar, førstelektorar, førsteamanuensar og stipendiatar) utførte til saman 206 årsverk i 2016.
Desse tala vil også bli presenterte i FoU-meldinga for Høgskulen i Volda når den kjem seinare i år. Her er FoU-meldingane for tidlegare år.
Dette er også viktig å få med seg i det samla bildet av forskingsaktiviteten i Volda.
Årsverk i Undervisnings-, forskings- og formidlingsstillingar ved Høgskulen i Volda. 
År Årsverk
2016
206
2015
194
2014
195
2013
192
2012
199
2011
199
2010
204