Etter initiativ frå fagleg hald inviterte Høgskulen i Volda to tilsette ved Universitetet i Bergen til å kome til Volda for å innleie på eit seminar om norskopplæring for internasjonale tilsette, og det skjedde 22. februar – med oppmøte frå vel 20 HVO-tilsette i Vesle BK-auditorium.
Professor Ann-Kristin Helland Gujord og universitetslektor Else Berit Molde formidla både forsking og praksis på temaet. Gujord har blant anna leia prosjektet «Norsk i akademia» (NINJA). I prosjektet vart internasjonale tilsette intervjua om deira opplevingar av behov for norskopplæring, løynde og motstridande forventningar, og tilbod om norskopplæring.
Her er ei av publiseringane frå prosjektet:
For meg var eit sentralt funn frå forskinga til Helland Gujord og Molde at høgskular og universitet ikkje har felles retningsliner for norskopplæring er heller ikkje stiller tydelege krav til internasjonale tilsette om norskkurs – og det ser ut til å vere svært få internasjonale tilsette som får bruke ein del av arbeidstida på å lære seg norsk. Det er altså i stor grad opp til den einskilde tilsette sjølv om han eller ho ønsker å lære seg norsk. Og når norskopplæringa går bra så handlar det gjerne om små miljø som lukkast med mentorering og «språklunsj» som nokre aktuelle døme på tiltak. Men der kanskje det mest avgjerande er å få høve til å bruke av arbeidstida til å lære seg norsk.
Det kan også virke som at internasjonale tilsette på den eine sida blir dregne mellom ei forventning og litt utydeleg formulerte krav om å lære seg norsk, særleg for å vere med i sosiale samanhengar – eller i formidling og administrasjon/leiing. Og på den andre sida er det forventningar om at dei internasjonale tilsette først og fremst skal bidra til å styrke internasjonaliseringsprofilen, publiseringa og prosjektinntektene til fagmiljøet dei er ein del av – og då er engelsk viktigare enn norsk.
Når det gjeld den konkrete undervisninga i norsk så var det nok ei aha-oppleving for fleire at Gujord og Molde formidla at språkkurs kan fungere godt i blanda klasser – altså blanding av både studentar og tilsette. Studentane har gjerne betre tid til å studere enn tilsette som skal lære seg norsk ved sidan av studia. Blanda klasser kan nok auke talet på aktuelle kursdeltakarar og gjere det meir interessant å arrangere kurs på mindre stader – som Volda.
Så vi er nok der at fram til no har det i stor grad vore opp til den einskilde internasjonale tilsette om han eller ho ønsker å lære seg norsk, men vi bør eller må gå i retning av at dette i større grad blir eit institusjonelt ansvar. Og det har vi også fått beskjed om frå politisk hald.