Førstelektor Egil Arne Standal disputerte ved Universitet i Bergen, men frå Store auditorium i Berte Kanutte-huset på Høgskulen i Volda, 23. april 2021. Tittelen på avhandlinga er «Opplysningsplikt i barnevernssaker».
Det er utruleg kjekt å kunne seie at no har du gjennomført ein disputas til ei juridisk doktoravhandling – i Volda!
Egil Arne har gjennom val av tema lagt seg tett opp til heilt sentrale spørsmål for det miljøet han er ein del av – altså sosialfagutdanningane ved Høgskulen i Volda. Dei har også vorte takka i avhandlinga, og Kåre Heggen er særskilt nemnt. Eg har jo sett både i Fjordkonferansen og i andre samanhengar at det juridiske miljøet ved Høgskulen i Volda samarbeider på tvers av avdelingsgrener og fag/administrasjon – og også at de har samarbeid med blant andre fagmiljø ved Høgskolen i Molde og på Høgskulen på Vestlandet. Og eg ser også at Egil Arne har takka Ellen Hovlid i avhandlinga. Slikt gjer meg glad!
Og som vi fekk høyre frå oppsummeringa i starten av disputasen – så er første del av avhandlinga tradisjonell juridisk – rettsdogmatisk. Medan andre del – og det oppfattar eg som hovuddelen av avhandlinga – kanskje den delen av avhandlinga som vil ha betydning for flest – der stiller du det viktige og vanskelege spørsmålet om «bør». At Sverige og Danmark har andre – og kanskje betre? – reglar enn Noreg på dette området er nok ikkje så kjent utanfor fagmiljøa. Men no når barnevernsutdanning er i ferd med å løfte seg opp til å bli masterutdanning, blant anna ut frå internasjonale perspektiv – så vil det bli spennande å sjå korleis di avhandling går inn i ein slik samanheng.
Eller som dekan Karl Harald Søvig ved Universitete i Bergen sa: Avhandlinga er både teoretisk og praktisk viktig – og nyttig!