«She Loves Books & Ideas, & Strides along in Low Shoes Like an Englishwoman»
Denne tittelen er henta frå ein av dei mange publikasjonane til årets FoU-prisvinnar ved Høgskulen i Volda. Passar tittelen også på prisvinnaren? Delvis. Bøker og tankar likar ho. Om ho likar seg best i lave sko er eg ikkje heilt sikker på og engelsk er ho ikkje. Men det er definitivt slik at ho «strides along» på den globale forskings- og kunnskapsarenaen.
I publiseringsdatabasen Cristin står årets prisvinnvar oppført med over 161 arbeid – dei aller fleste av dei på engelsk og mange på høgt verdsette internasjonale forlag og tidsskrift.
«So she strides along and writes like an Englishwoman.»
Årets prisvinnvar fekk tittelen dr.art ved UiB i 1999: Avhandlinga heitte «The quality of heroic living, of high endeavour and adventure: Anglican mission, women and education in Palestine, 1888-1948». Også hovudoppgåva handla om den same delen av verda og den same tida.
Den internasjonale og til dels globale orienteringa finn vi igjen i titlane i bøkene og artiklane ho har skrive. Ho har besøkt og forska i ei rekke land:
Noreg og Sverige. Og Tyrkia – store delar av det ottomanske riket. Balkan, Armenia, Libanon, Palestina, Syria, Uganda og andre land i Afrika, Kina og USA. Ho skriv om byar som Bergen, Jerusalem, Aleppo, Fancheng i Kina, New York, Minneapolis, Chicago.
Men også Tysfjord og Inntrøndelag.
Kva er det ho vil i alle desse landa, denne produktive historikaren vi snart skal møte? Ho vil nok seie det sjølv på ein langt betre måte enn eg klarer, men enkelt sagt skriv ho om kulturmøte. Og særleg om kulturmøte mellom religionar, kvinner og menn. Eller kanskje meir avgrensa: Skandinaviske kristne kvinnelege misjonærar og lærarar i møte med andre språk, religionar og kulturar.