1. mai 2022: Ytringsfridom, krigen i Ukraina og to vladimirar

Vladimir Vysotskij vart fødd i 1938, han hadde farslekt frå Ukraina, men mora var frå Moskva, og han budde mest i Moskva.

Vladimir Vysotskij vart ein superstjerne i Russland på 1960- og 1970-talet, altså under den kalde krigen, like kjent som Jurij Gagarin.

Han var ein svært kjent skodespelar i dei offentlege kanalane, på teater, film og fjernsyn. Han var minst like kjent som viseskrivar og -songar – men songane hans vart nøye overvaka, og ikkje gitt ut på plate før på slutten av karrieren – og livet hans,m. Tekstane hans var nok politisk sett «vanskelege» å forholde seg til for det rådande regime og han tok det å «lese – og skrive – mellom linjene» til eit høgt kunstnarleg nivå. Men likevel – og på tross av – russarane elska han og delte piratopptak og sang songane hans. Han døydde 42 år gammal i 1980. Etter å ha visstnok skrive 800 songar!

Den norske visesongaren Jørn Simen Øverli har gjendikta og gitt ut ein del av musikken til Vysotsky på norsk.

Det går ikkje an å snakke om ein så markant visesongar som Vladimir Vysotskij utan å faktisk høyre på litt av han – og denne songen skal vi snakke meir om: «Sanninga og løgna», her henta frå Youtube:

Vladimir Vysotskij – Truth and Lie | «Правда и Ложь»

I denne songen tek Vysotskij utgangspunkt i ein gammal fabel om sanninga og løgna.

I fabelen – og songen – er sanninga og løgna personifisert som to damer. Sanninga har pynta seg og er ute på byen. Løgna lurer ho inn til seg og sanninga sovnar i senga til løgnen. Løgna stel så sanninga sine klede, svinar henne til og pyntar seg sjølv litt ekstra, med gullband, og reiser så rundt i byen, medan sanninga søv. Og når sanninga vaknar og prøver å overtyde verda om at det er ho som er sanninga, så blir ho utskjelt og jaga – får anklagar retta mot seg når ho går naken rundt. Folk vil rett og slett ikkje vite av sanninga.

Det er ikkje noko vakkert bilde som blir teikna av samtidas Russland, om ein tenker at det var ein tidsaktuell tekst.

Så dette var ein song og ein artist som var nær forbudt i Sovjet-Unionen. Men likevel ufatteleg omtykt blant folk flest. Skal ein vere optimistisk så kan ein kanskje tenke at folk flest i ein kvardag med undertrykking og einsretting kunne få fellesskap, forståing – og kanskje frie tankar gjennom musikken og tekstane til Vystosky.

Også i dag ser vi at sanninga ikkje er velkomen, og blir utskjelt, og folk blir kasta i fengsel og det som verre er om dei nyttar seg av ytringsfridom og set spørsmålsteikn ved krigen i Ukraina. Eller i det heile tatt kallar det krig. Dette er diverre berre eit framhald av stadig kaldare klima i Moskva – dagens vysotskijar, musikarar i Russland, har vorte overvaka og forfulgt i mange år – du finn mange av dei i fengsel for å ytra frimodige ytringar om statsstyrelsen for å bruke eit norsk omgrep.

I Ukraina-krigen har vi sett at USA og NATO har vore svært aktive i det ein kan kalle informasjonskampen om krigen. I ein offisiell kommentar frå det amerikanske utanriksdepartementet vert det blant anna hevda at den rådande oppfatninga hos den russiske leiarskapen er at sanninga er relativ, og kan forhandlast om. Den eigentlege kampen står ikkje mellom sant og usant, men derimot mellom ulike forteljingar, narrativ, som er i kamp med kvarandre. Og det handlar om å vinne.

Så den andre Vladimir, Putin, har ei historie å fortelje. Og det er at krigen i Ukraina er ein kamp mot nazismen. Det er slike historier som gjerne vert kalla «den store løgna». Dette er faktisk ein ide som også Hitler brukte i boka «Mein kampf». Ideen er at om løgna var stor nok og overdriven nok, så ville ikkje folk tru at det var muleg at det kunne vere løgn. Hitler brukte den store løgna blant anna mot jødane. Putin brukar det mot Ukraina, for å rettferdiggjere krigen. Den store løgna har altså ein politisk og militær funksjon.

Og eg reknar med fleire enn meg tenker at store løgner også vert brukte som politisk reiskap i andre store land.

Frå medieforskinga, frå teoriar om propaganda, så veit vi at om den same eller nokså like bodskapen blir formidla gjennom alle eller dei fleste kanalar, og det ikkje finst klare alternative røyster, så vil folk flest akseptere bodskapen – og i alle fall så lenge dei direkte personlege erfaringane ikkje fortel noko anna enn den store løgna.

Ein meir pynta og statsvitskapleg versjon av «den store løgna» er – alternative narrativ, altså alternative forteljingar om kva som er rett og verkeleg. Denne meir pynta versjonen av den russiske «kampen mot Ukraina-nazistar» er at Russland er omringa av eit aggressivt NATO som har som plan å ta knekken på Russland og at den Ukrainske leiinga er nyttige idiotar.

Den breie folkelege motstanden i Ukraina mot dei russiske okkupantane burde syne at også denne forteljinga, denne narrativen, slit i møte med sanninga.

Den ukrainske presidenten si enkle og tydelege og gripande forteljinga om eit lite folk som vert overfalt av ein aggressiv nabo har vunne både hjarte og hjerner – men kven vinn til slutt?

Eit munnhell i journalistikken seier: Du må aldri sjekke i hel ei god historie. Underforstått: Innanfor journalistikken veit ein at ein skal sjekke fakta – men det kan vere veldig fristande å slurve med det for å få ei bedre historie, ei tøffare overskrift eller eit godt oppslag.

Eller som Vysotskij seier – løgna ikler seg sanningas klede, og pyntar seg litt ekstra med gullband i håret for å bli ekstra attraktiv.

Så kan ein kanskje seie at dette er ting som skjer langt borte og ikkje angår oss – så mykje. Men det gjer det likevel. Slike forteljingar er med på å forme vårt verdsbilde. Korleis vi snakkar og tenkjer om verda. Om livet.

Men dette med å få til ei god forteljing om seg sjølv, sitt politiske parti eller politiske prosjekt har gått inn i kvardagsspråket til mange.

Er vi i ferd med å gå dit at forteljingane, historiene, blir frikopla frå fakta?

I 2016 kåra Oxford-ordbøkene «post-fakta» som årets engelske nyord. Fake news, falske nyhende er eit like aktuelt omgrep.

Er i ferd med å gå i retning av eit post-faktasamfunn? Heldigvis er vi der at vi faktisk kan ha ein opplyst debatt om dette. Men ein også spørje: Har vi alltid vore i eit faktabasert samfunn?

Det har vi naturlegvis ikkje. Og det er her leksikon kjem inn i bildet.

Det som står i leksikon vert gjerne rekna som sanninga, for tida i alle fall. Til det kjem ny kunnskap. Og det gjer det.

Eg voks opp med leksikon på alle kantar.  Eit gigantisk eittbinds leksikon, rikt illustrert og nokså øydelagt. Eit eittbinds leksikon – «Lille fokus».  Litt seinare begynte mor og far å abonnere på Store Norske Leksikon som kom i bind etter bind over fleire år. I bestemorhuset stod på øverste hylle eit bandsterkt leksikon frå 1936, ca., der det til dømes vart lagt på at Hitler var ein stor folketalar.

Men også leksikon har sitt opphav – si forhistorie. Og eitt viktig startpunkt for leksikon var eit fransk prosjekt, eit livsverk for den franske filosofen og forfattaren Denis Diderot, som i åra 1751-1772 gav ut det første moderne leksikonet: Encyclopedi, med undertittelen: «et systematisk leksikon om vitenskapene, kunstartene og håndverkene».

Å utgi eit leksikon? Kva er så spesielt med det? Diderots leksikon-prosjekt, og forsåvidt heile hans liv og arbeid er ei spennande historie som eg ikkje skal mykje gå inn på her. Det som er interessant i denne samanhengen er at Diderots leksikon, encyclopedien, hadde som ambisjon å samle all kunnskap – altså alt som var – «sant». Men i 1700-talets Frankrike var det slett ikkje så enkelt. Leksikonet til Diderot vart faktisk forbode i Frankrike. Den katolske kyrkja plasserte leksikonet på lista over forbodne bøker. Einskilde av artikkelforfattarane i leksikonet vart sendt i fengsel eller forfølgde på andre måtar. 

For sette leksikonet i ein historisk-politisk samanheng så var Diderot sjølv ein opplysningsfilosof, og leksikonet eit ektefødd barn av eit borgarleg opprør mot adelskap og presteskap, og peikar framover mot den franske revolusjonen i 1792.

Så vi har vore her før, mange gonger før: Fakta har vorte undertrykt av makthavarar. Fakta kan vere farlege.

Men det var endelaust mange måtar å undergrave autoritetane på, også i leksikonartiklar. Til dømes kunne ein innleie eit argument med å framheve at «Gudlause menneske trur at … «. Ein annan måte var å gøyme kontroversielle godbitar inne i lange og keisame artiklar. Og mange artiklar stod utan forfattar.

Å lese mellom linjene vart også praktisert i 1700-talets Frankrike.

Sidan leksikonet var forbode i Frankrike vart bøkene i staden trykte i Sveits.

Så leksikonet var korkje ufarleg eller upolitisk. Fakta må alltid settast i ein samanheng.

Og det er dessverre ein av funksjonane til narrativa, til fortelingane. Fakta som passar blir løfta fram, dei som skurrar blir gøymde vekk eller undertrykt.

I dag vert ikkje leksikon lenger trykte, og på Finn.no var det for få dagar sidan 59 annonsørar som ville gi vekk sine gamle papirleksikon. Der var elles også over 100 piano som blir gitt bort, mot at du hentar dei sjølv. Dei som bur i første etasje har ein konkurransefordel.

Så både leksikon og piano har stort sett gått gjennom ein elektronisk revolusjon.

Men for autoritære regime er fakta minst like farleg i digital form. I internettets barndom tenkte mange at det var uråd å sensurere internett, at no kunne vi endeleg få ubegrensa tilgang til fakta og alternative stemmer og dermed perfekte forhold for meiningsdanning. Så det var slutten på undertrykking av fakta og fri debatt for alle, over alt.

Så feil kan ein ta.

Teknologisk monopolkapitalisme har mange gonger gått hand i hand med autoritære regime, når det kan gi pengar i kassa. Anten vi snakkar om Kina, Singapore eller Russland. Ingen veit kva ein einskildperson som Elon Musk har tenkt å gjere med Twitter om han overtek selskapet.

Så om demokratiske land i dag står samla i støtta til Ukraina og fordømmar undertrykking i Russland og Kina, så kan vi ikkje ta ytringsfridom for gitt i framtida.

På Høgskulen i Volda gir vi vårt vesle bidrag gjennom å ha eitt av landets største mediefaglege miljø. Vi har ca 500-600 studentar frå inn- og utland som studerer mediefag hos oss: Journalistikk og andre variantar av praktiske mediefag. Media for eit demokratisk samfunn har vore eit fundament i utdanningane, i tillegg til den praktiske orienteringa i utdanningane som er det vi kan kalle det pedagogiske fundamentet for utdanningane. Altså ytringsfridom i praksis.

No har vi nettopp feira 50 år som medieutdanning, og det var faktisk 10-15 av dei aller første studentane i det alle første kullet som møtte opp og deltok. Det var veldig kjekt, og litt rørande å møte dei!

Ein av dei som kom var ein underleg gråsprengt ein, og han bad om ordet, tusla seg sakte fram til mikrofonen på festmiddagen, og eg lurte veldig på om han ville hugse kva han skulle seie. Og det gjorde han til gangs. Dette var Ragnar Thorseth, og han heldt ei flott helsing – og avslutta med å synge litt frå ein song som er veldig kjent, og som passar godt i dag – og som vi song i starten av dette arrangementet.

Og ei strofe frå den songen blir mine sluttord i dag:

Songen var «min tanke er fri» – Ragnar Thorseth valde Cornelis Vreeswijks versjon, og det er ein grunnleggande optimistisk sang, med strofer som:

«Fordi våre tankar kan rive ned skrankar.
Og slik vil det alltid bli: Vår tanke er fri!»

Gratulerer med dagen!

Ragnar Thorseth på 50-års jubileumsfeiringa for Avdeling for mediefag, april 2022.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar