1. mai 2022: Ytringsfridom, krigen i Ukraina og to vladimirar

Tale på 1.mai 2022 på arrangement i regi av Ulstein SV.


Eg vil gjerne snakke om ytringsfridom på denne dagen. Ytringsfridom er jo ein av fridomane som vi her i landet meiner er viktig og tek for gitt. 

Ytringsfridom heng saman og blir styrka – eller svekka i takt med andre fridomar som til dømes mediefridom og forsamlingsfridom – som vi gjerne nyttar på 1. mai.

I 2022 har vi ikkje mindre enn to store ytringsfridomsarbeid og debattar i gang – ein overordna – og ein om akademisk ytringsfridom.

Poenget med ytringsfridom står klart i grunnlova – det er å søke etter sanninga – og for å finne ut kva som er rett må vi alle kunne ytre oss fritt – også får å bli kjent med motargumenta.

Og til hjelp i denne talen er eit par Vladimirar – ein fransk leksikon-forfattar med namnet Diderot – og Ragnar Thorseth.

***

På 1. mai 2022 kjem vi ikkje utanom krigen i Ukraina, og eg vil gjerne snakke om dette, slik det ser ut for meg som aldri har vore i Ukraina eller ikkje kan russisk.

På Høgskulen i Volda gjekk vi raskt ut og støtta Ukraina, og tok avstand frå Putins regime. Men samtidig understreka vi at det ikkje er det russiske folket vi tek avstand frå.

Men kva tenkjer russarane? Det russiske folket. Dei har ei viss erfaring med totalitære regime. Er deira tankar frie?

Det blir gjerne sagt at det første offeret i ein krig – er sanninga. Og det tenker eg er eit godt utgangspunkt også for å tenke om denne krigen.

Vi får naturlegvis ikkje vite heile sanninga om denne krigen no når den står på – vi lærer stadig nye ting om til dømes 2. verdskrigen. Men akkurat no er det ikkje særleg tvil om at Russland er den aggressive og også  slår ned på ytringsfridomen, mediefridomen og dei fleste andre menneskerettar innanfor eigne grenser. Og kva regime dei ser føre seg om dei vinn krigen i Ukraina trur eg motiverer det ukrainske folket sterkt.

Det ukrainske folket treng og fortener vår støtte.

***

Heldigvis fleire Vladimir i Russland, ikkje berre Putin. Og eg vil starte med å snakke om ein annan Vladimir. Faktisk ikkje med etternamnet Putin, men Vysotskij.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar