Helsing til sosialfag i høve opninga av 50-års jubileet, 31. mars 2022

Men som student rundt 1990 meinte eg å sjå ei viss todeling av studentane på barnevern. Ja det var ikkje sosionomutdanning i Volda på den tida. Og dei to hovudtypene av svært engasjerte barnvernsstudentar var for det første dei litt bistre og veldig samfunnskritiske. Den andre hovudtypen var kanskje dei som var meir snille og kanskje kristne. Men eg fekk inntrykk av at dei gjekk godt i lag i sitt faglege fellesskap.

Etterkvart som eg har plukka opp meir om Distriktshøgskulen og Høgskulen i Voldas historie så har det vorte tydelegare for meg kort sterkt fagleg og sosialt engasjement som finst i miljøet på sosialfag.

På 1970-talet viste det svært tydeleg igjen også i det politiske engasjementet. Volda hadde i alle fall eitt år tre konkurrerande 1. mai-tog. Studentane på sosialfag var ikkje blant dei minst aktive. Og Palestina-skjerf og fotformsko var ei synleggjering av den politiske og faglege identiteten. Det er mange måtar å uniformere seg og gå i takt på.

Bildet eg har danna meg av dei første tiåra, og kanskje særleg det første tiåret, med sosialfag i Volda var at det kom inn engasjerte fagfolk, ikkje stort eldre enn studentane. Og at dei identifiserte seg sterkt med utdanninga og i å diskutere og utkjempe faglege stridar for å finne ut kva retning utdanningane og faget skulle ta. Både internt med kvarandre og med eksterne aktørar. Og mange av desse faglege edsjelene bidreg også på dette seminaret. Tenk på det – å kunne få sjå tilbake på 50 års fagleg utvikling.

Sett utanfrå, frå Voldasamfunnet, var det eit fagleg-politiske og sosialt jordskjelv då DH-skulen kom. Og ikkje minst sosialfagstudentane og deira representerte på 1970-talet gjorde studiebygda Volda meir kjent, spennande og interessant, på alle måtar. I spennet mellom den staslege og høgnorske Kaarstad-tradisjonen på lærarskulen og den nytenkande og forskingsorienterte DH-tradisjonen i industribygget Ivar Aasen-huset var det rom for svært mykje både av fagleg og personleg utvikling. Og slik håper eg det kan vere også framtida.

Frå ei litt utydleg og mangfaldig toårig utdanning i velferd på 70-talet, til barnevern på 80-talet, til sosionom på 90-talet, til master i helse og sosial på 2000-talet og no i nyare tid ph.d. I helse- og sosial og snart master i barnenvernsarbeid: Her er det verkeleg fagleg dynamikk! Eg får av og til høyre at Høgskulen er så konservativ og lite endringsviljug. Eg skal vere samd i at når ein driv utdanning som nødvendigvis må ha ein mangeårig tidshorisont så er det ikkje alltid så lett eller lurt å ty til raske grep. Men utviklinga i studieporteføljen på sosialfaga er så langt i frå stivna – de har tvert i mot vist vilje og mot til å gå nye vegar – og har hatt kompetansen og mynde til å gjere det. Så hald fram med det også, dei neste 50 åra.

Ein annan viktig eigenskap ved sosialfag er at de er eit føredøme når det gjeld undervisning, altså utdanninga. Og då vil eg særleg framheve tverrfagleg samarbeid og internasjonalisering.

For det første har de involvert alle dei tre andre avdelingane ved Høgskulen i Volda i sjølve grunnutdanningane dykkar. Teater og drama bidreg frå Avdeling for kulturfag. De samarbeider med Avdeling for mediefag om barnevernet i media. Og i mange år har det hatt samarbeid med avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning gjennom SOM-seminaret. SOM står for Samarbeid om omsorg. Dette heng nært saman med dykkar arbeid til dømes innanfor tverrprofesjonell samarbeidslæring der de også har nytta film og drama for å lage nye læremiddel til det beste for studentane – og fagmiljøet. 

Slike samarbeid er i mitt hovud eit døme på smådriftsfordelar: Det er kort veg mellom oss og dermed ligg det godt til rette for å få til samarbeid på tvers av avdelingane og fagmiljøa på HVO. Det må vi få til meir av.

Så har de også internt på utdanninga eit tverrprofesjonelt miljø, med fagfolk frå mange leirar:

De har naturlegvis barnevernspedagogar og sosionomar. Men også tilsette med helsefagleg eller sjukepleiarbakgrunn, juristar, sosiologar, pedagogar og også psykologar – kliniske psykologar har eg fått understreka. 

Internasjonalisering var den andre sida ved utdanningane dykkar som eg har lagt særleg merke til. Sosialfag har i mange år hatt studentar i praksis i utlandet – i Hellas og Irland, i Kenya og Tanzania – og India. Når koronaen no lettar vil det igjen bli råd å reise i praksis også utanfor Europa, og vi veit at mange studentar søker seg til sosialfaga i Volda nettopp fordi det ligg så godt til rette for internasjonal praksis. Og eg er heilt sikker på at studentane får ei betre utdanning og blir sterkare fagfolk av at dei har vore utaskjers og sett og forstått litt meir av verda, og dermed av oss sjølve.

Dei siste åra har det vore ein svært sterk auke i søkinga til barneverns- og sosionomutdanningane og eg både håper og trur at det også betyr at utdanningane og yrket har fått aukande status, at vi får betre kandidatar og at utdanningane blir betre.

Gjennom alle desse åra har fagmiljøet vist seg å vere vitalt, sterkt, har klare faglege verdiar og med eit fundament bygd på sterk etisk og vitskapsteoretisk refleksjon.

I sum syner dette at Høgskulen i Volda har eit godt, tverrfagleg og internasjonalt orientert sosialfagleg miljø. Og dermed eit svært godt fundament å bygge på for dei neste 50 åra.

Lukke til med jubileumsseminaret og feiringa!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.