Som for alle nye hus har også Sivert Aarflot-huset hatt – og har – nokre innkøyringsproblem. Det handlar hovudsakleg om elektronisk utstyr som har hatt svært lang leveringstid på grunn av pandemien. Eg har inntrykk av at problema blir løyst eitt etter eitt så vi nærmar oss. Arbeidsplassar til tilsette var på plass før sommarferien så dei har installert seg godt i det nye huset.
Når det gjeld parkering så har vi også denne hausten hatt problem med fulle parkeringsplassar, men vi har også fått tilgang på 100 parkeringsplassar i kjellaren på idrettshallen Volda Campus Sparebank1 Arena, og her har det stort sett vore mykje ledige plassar, så der har vi heldigvis litt å gå på.
Opptak og oppmøte
Som det vil gå fram av saka om opptaket seinare i dag så er det først langt ut i oktober at vi veit kor mange studentar som faktisk har tatt i mot studieplass, møtt opp, betalt semesteravgift og faktisk starta på studiet. I fjor hadde vi 4.750 studentar og i blir det litt lågare. Vi tilbyr færre etter- og vidareutdanningskurs for lærarar og har dermed også færre studentar.
Det er difor noko tidleg å seie korleis det faktisk ser ut i klasseroma på dei ulike studia, men hovudinntrykket er at vi i sum er der vi har rekna med å vere.