Orientering til Høgskulestyret, 10.6.2021

Til hausten planlegg vi som om vi har korona framleis gjennom å halde på meteren, leige ekstra lokale utanfor høgskuleområdet og ha beredskap for nedstenging. Samtidig har vi opna for inn- og utveksling av studentar og vil også dekke karantenehotell der det er aktuelt.

Samarbeid med andre institusjonar

Samtalar med Høgskolen i Molde og Høgskulen på Vestlandet – ingen offensive strategiar i vente frå dei med tanke på eventuelle tettare samarbeid.

Fjordkonferansen er eit fellesprosjekt som blir gjennomført i Molde i neste veke.

https://www.hivolda.no/nyhende/rekordstor-soking-til-master-helse-og-sosialfagVi har svært god søking på felles master i helseleiing (Molde og NTNU i Ålesund).

Volda og Molde orienterer kvarandre HiMolde om Charter & Code. Vi hentar også informasjon og erfaringar frå andre institusjonar vi meiner det er naturleg å samanlikne seg med.

Lærarutdanning:

Gjennomstrøyming på master har vore eit viktig kriterium for KD.

Tala for gjennomstrøyming på den 4-årige grunnskulelærarutdanninga i Volda har vore gode. Vi har i 2014-2016 hatt 55-60 prosent gjennomstrøyming på normert tid, altså på same nivå som bachelorane våre og dermed heilt i landstoppen.

Først neste år får vi vite kva som blir resultat for den nye femårige masteren i GLU. Våren 2021 har vi som kjent nesten ingen GLU-kandidatar fordi dei som starta for 4 år sidan skal gå 5 år og ikkje 4 år.

Departementets bekymring er at vi har få søkarar og små kull på GLU, men gjennomstrøyminga har altså vore god.

Vi kan håpe at når fleire lærarar og studentar arbeider på masternivå så kan det vere med på å gi eit generelt fagleg løft, også på andre fagområde.

Byggeprosjekta:

Vi har hatt fleire korte utsettingar på Sivert Aarflot-huset, så innflyttings- og overleveringsdato har vorte flytta nærare og nærare studiestart hausten 2021. Men det er veldig god driv i arbeidet på avdelinga med tilsette som skal kjøpe inn og få på plass medieteknisk utstyr og AV-utstyr for godt over 20 millionar kroner og dessutan møblar og andre ting. Samarbeidet med entreprenør går godt og tilsette har sjølve fordelt arbeidsplassar seg i mellom – først på instituttnivå og deretter på individuelt nivå. Like fullt er det klart at dette er ei enorm omstilling i kvardagen for svært mange og vi håper at det skal gå bra også i sjølve flytte- og startfasen.

I hans Strøm-huset er vi i ferd med å få på plass eit samarbeid med IKA (Interkommunalt arkiv) for Møre og Romsdal for å sikre fagleg arkivmateriale for framtida og også få digitalisert det i god tid før vi går i gang med ombygging av Hans Strøm-huset. 

Det eg sjølv kanskje er mest spent på når hausten kjem er korleis det blir med parkering sidan vi mister dei mellombelse parkeringsplassane som vi fekk i samband med bygging av Sivert Aarflot-huset. Vi har fått tilgang til nye parerkingsplassar i kjellaren på Volda Campus Sparebank1 Arena får tilbake nokre parkeringsplassar utanfor mediehuset, så i sum har vi omlag like mange parkeringsplassar som før bygginga starta. I august har det gått ca. 18 månader sidan vi hadde fullt undervisningstrykk på høgskulen og eg er redd for at vi kan få eit bilsjokk når vi girar opp til normal undervisning på høgskulen.  Vi har heller ikkje erfart korleis det blir i området når den nye idrettshallen Volda Campus Sparebank1 Arena kjem i full drift.

Vi skal 17. juni ha eit møte med alle aktørar i det utvida høgskuleområdet, private og offentlege, for å få oversyn over planar og å informere kvarandre. Blant anna er det vedtatt at det skal byggast tunnel til Ørsta, og det blir eit prosjekt som fører til store omleggingar av vegnettet i området, og dermed også kollektivtrafikk, køyremønster og parkering. 

Uteområdet rundt Sivert Aarflot-huset er i ferd med å kome på plass.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar