Vi snakka så vidt i går, og du peikte då sjølv på at tematikken om meldeplikt tett opp til spørsmåla som blir drøfta i Forskingsrådsprosjektet som Kjartan Leer-Salvesen no startar opp. Igjen: Slike faglege koplingar gjer meg glad – og eg er sikker på at eg har alle på HVO bak meg i ei slik vurdering.
Så i dag er det Egil Arne sin dag – men samtidig kjente eg på disputasen – og som andre disputasar på HVO – at dei mange som møtte opp og høyrte på disputasen viste at dette er interessant og viktig for oss – og at folk mentalt sett sat og heia på deg Egil Arne – eg håper du kjente det i løpet av dagen – til dømes når det kom ekstra inkvisitoriske spørsmål! Som det skal kome i løpet av ein disputas. Også spørsmål som faktisk ikkje var nemnt i dei skriftlege kommentarane til disputasen – som du handterte godt!
På slutten av diskusjonen med andreopponenten merka eg meg at du kommenterte eitt av spørsmåla med at «det var eit litt for snilt spørsmål …» …. Eller kanskje eg høyrde litt dårleg? Det tyda i alle fall på at du stod distansen godt!
Juristar har jo sitt eige språk – og sjølv beit eg meg merke i ei formulering frå førsteopponent Mons Oppedal:
«Komiteens mindretal, Oppedal, altså meg»
Så kanskje eg skal formulere meg slik, inspirert av Oppedal:
Høgskulens rektor, Roppen, altså meg … Vil med dette ønske doktor designatus, Standal altså du, hjarteleg til lukke med ein vel gjennomført disputas. Gratulerer!
Les meir om disputasen på nettsidene til Universitet i Bergen.