Lokale og nasjonale strategiar – og fjellvettreglane (oppdatert)

Men det er mange andre som også følgjer med på kvar vi går:

  • Kunnskapsdepartementet følgjer oss opp våren 2021 ved at vi skal levere svar på departementets vurdering av drifta vår i 2019. 3. juni 2021 kjem KD til Volda for å ha etatstyringsmøte med styre og leiing. Det blir kanskje ein slags munnleg eksamen?
  • NOKUT arbeider våren 2021 med tilsyn med høgskulens kvalitetssystem – dei første vurderingane kjem snart. Det er 5-6 år sidan sist, og vi er spente. I tillegg har vi og vil vi også levere søknader til NOKUT om akkreditering av studietilbod. Men det har vi vorte godt vane med.
  • Men som ikkje det var nok: Riksrevisjonen også starta tilsyn med ALLE høgskular og universitet sitt «arbeid med å forbedre utdanningskvaliteten». Dette er heilt nytt og vi veit jammen ikkje kva vi kan vente av revisorane.  

Det er ganske mange på høgskulen som har arbeidd med å svare til desse tre instansane – på toppen av alla anna rapportering. Skulle vi få kjeft eller formaningar frå ein eller fleire av av desse tre instansane så får vi huske på:

Nr 4: Ver budd på uver og kulde, sjølv på korte turar.

Hausten 2023 skal eit nytt styre på plass på høgskulen så då får vi sjå om vurderingane i 2021 framleis held mål. Eit nytt styre står naturlegvis fritt til å ta i bruk den aller mest kjende fjellvettregelen:

Nr 8: Vend i tide, det er inga skam å snu.

Til dømes kan eit nytt styre i 2023 bestemme seg for å revidere strategiane eller å lage ein heilt ny strategiplan for si styreperiode.

Kva så med dei nasjonale strategiane som skal leggast – eller var det haglbygene? Her kan det vere nødvendig å ta i bruk fleire Fjellvettreglar:

Nr 3: Ta omsyn til ver- og skredvarsel
og
Nr 6: Ta trygge vegval. Gjenkjenn skredfarleg terreng og usikker is

Dei nasjonale politiske prosessane er i stor grad varsla, og mange av dei har kome langt – andre kortare. Det kan vere greitt å gjere ei aldri så lita opptelling. Vi veit at ver- og føreforhold vil skifte utover året slik at det brått kan gå skred og skje uventa hendingar også i det som ser ut som uproblematisk terreng:

  • Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning (2019-2028)
    • Terrenget: Regjeringas første langtidsplan vart i stor grad gjennomført, så dette er eit viktig dokument for den langsiktige politikken. Kanskje er dette ei godt merka løype? Dei overordna måla med planen er: » … å styrke Norges konkurransekraft og innovasjonsevne, møte store samfunnsutfordringer og utvikle fagmiljøer av fremragende kvalitet.» Det er dette udefinerte kvalitetsbegrepet som har dominert debatten i høgare utdanning dei siste åra. Rektor på Høgskolen Innlandet Kathrine Skretting (også tidlegare styremedlem ved Høgskulen i Volda), argumenterer for kvalitetar, altså i fleirtal. Det er ein god måte å løfte blikket i debatten på.
    • Rasfare: Når det gjeld konkrete styringsgrep så er det utviklingsavtalane som vert drege fram. Dtte er framleis eit nokså nytt grep i sektoren, men i langtidsplanen er det ambisjonar om at utviklingsavtalane skal bli eit virkemiddel for «tydelegare institusjonsprofil og betre arbeidsdeling». Korleis dette blir i praksis vil vise seg. Kanskje er det lettare å detaljstyre ein liten institusjon som Høgskulen i Volda enn dei større institusjonane?
  • NOU 2020:3 Ny lov om universitet og høgskular (avgitt til KD 13.2.2020) «Aune-utvalet»
    • Terrenget: I utvalet vert akademisk fridom, autonomi, gratisprinsippet, berekraft og klargjering av «samfunnsoppgåva» til høgskular og universitet understreka.   Styringa av sektoren bør bli mindre detaljert enn i dag, men ser føre seg at NOKUT skal ha dei same oppgåvene som i dag. Eitt veldig synleg stridsspørsmål er styringsordning på høgskular og universitet: Skal det framleis vere lov å velje rektor?
    • Rasfare? UH-lova omfattar alt vi driv med og lovarbeid skal vere grundige prosessar. Samtidig kan arbeidsulukker og uheldige løypeval også gi uønska resultat i lovarbeid. Men det er vanskeleg å sjå ulukker som får store konsekvensar for Høgskulen i Volda.
  • Styringsmeldinga (blir lagt fram våren 2021)
    • Terrenget: Regjeringa ønskar å samordne det grunnleggande lovarbeidet med den daglege forvaltninga og styringa av universitets- og høgskulesektoren gjennom ei eiga «styringsmelding». Dimensjonering, finansiering, profesjonsutdanning, mangfald og direktoras si rolle er tema i meldinga.
    • Rasfare? Dette kan vere litt tvitydig. På den eine sida argumenter vi som ein liten og spissa institusjon med eit tydeleg regionalt oppdrag for at vi bør vurderast på særleg vis. På den andre sida ønsker vi også likebehandling og klare rammer. Det er litt vanskeleg å tru at Kunnskapsdepartementet ønskjer å detaljstyre Høgskulen i Volda, så truleg er det ikkje stor rasfare her.
  • Strategi for livslang læring (blir lagt fram våren 2021)
    • Terrenget: På den årlege «Kontaktkonferansen» i januar 2021 varsla regjeringa at dei ønskjer å legge fram ein strategi for livslang læring som skal gjere det lettare å kombinere etter- og vidareutdanning med arbeid. Kunnskapsministeren håpar at statlege høgskular og universitet kan løyse denne oppgåva, men om ikkje: Så kan andre gjere det. Eit viktig bakgrunnsdokument er NOU 2019:12 Lærekraftig utvikling – Livslang læring for omstilling og konkurranseevne («Markussen-utvalet»). Der utdanning skal tilpassast «arbeidslivets behov» og der det blir opna for større innslag av betaling – kanskje også å flytte på grunnløyvinga til høgskular og universitet. Tillegg 20.1.2021: NOU-en vart følgt opp med stortingsmeldinga «Kompetansereformen – Lære hele livet» i 22. april 2020. Her blir det blant anna varsla ein ny eller oppdatert/revidert digitaliseringsstrategi for høgare utdanning.
    • Rasfare? Høgskulen i Volda har Livslang læring fremst i strategiplanen frå 2017. Ca 1/3 av studentane våre går på vidareutdanningstilbod, ofte fleksible tilbod på nett. Som institusjon er difor etter- og vidareutdanning ein del av vår normalaktivitet, og har vore det lenge. Vi kan vel skryte litt å seie at vi møtte studentane og regionens behov for vidareutdanning før den nasjonale politikken og finansieringssystemet var på plass. Men no kjem det signal om endringar i finansieringssystemet og det blir kanskje opna for andre – les private – aktørar. Dette kan vere eit faresignal for Høgskulen i Volda. Vi er avhengig av nokolunde klare rammer for å bygge og vedlikehalde fagmiljø. Vi er i ein avgrensa regional arbeidsmarknad. Det blir også viktig korleis «arbeidslivsrelevans» skal definerast – og av kven.
  • Revidert nasjonalbudsjett 2021 og statsbudsjettet 2022
    • Terrenget: I mars er det søknadsfrist midlar til «oppgradering av undervisningslokale» og  Høgskulen i Volda vil søke om midlar til Hans Strøm-huset. Revidert nasjonalbudsjett i mai 2021 vil nok også bli eit koronabudsjett. Men HVO håper vi kan få redusert husleige for Sivert Aarflot-huset. Debatten i komiteen på Stortinget gir oss eit visst håp om at dei 29 millionane vi brukar på medieteknisk utstyr og inventar i Sivert Aarflot-huset kan bli kompensert gjennom redusert husleige.
    • Rasfare? Vi kan naturlegvis få nei på begge. Så ja, rasfare. Men det er også valår i 2021.
  • Stortingsval, 13. september 2021: Høgare utdanning – «høg» politikk?
    • Terrenget: Vi har hatt Erna Solberg som statsminister i snart 8 år og stort sett hatt statsrådar frå Høgre i ministerstolen for «vårt» departement. Regjeringa har stort sett følgt sin langtidsplan for høgare utdanning som har gitt heile sektoren eit løft. Men det måtte korona til for å gje Høgskulen i Volda eit verkeleg kraftig løft i form av 100 nye studieplassar og 6 stipendiatstillingar. Men som eit regionalt verkemiddel var det svært presist å løyve til Volda – og Molde. Så held H/V/KrF fram i regjering blir det nok meir av det same og framhald av dei lange linjene.
    • Rasfare? Det blir feil å kalle eit eventuelt regjeringsskifte for farleg terreng, men som Khrono skriv: «Flere kontroversielle saker står i kø inn i valgåret 2021«. Professor em. Ivar Bleiklie ved UiB meiner forskings- og høgare utdanning er i ferd med å gå frå «låg» til «høg» politikk. Det har vorte auka merksemd på sektoren og dermed også større interesse for politiske beslutningar. Eitt teikn på dette er kanskje Arbeidarpartiets alternative framtidige politikk for høgare utdanning, forsking og kompetanse som vart lansert hausten 2020. Det første målet som er nemnt er å gjennomføre ein tillitsreform og å erstatte flate ABE-kutt med «… målrettet effektivisering og en gjennomgang av styringssystemet». Alle endringar fører naturlegvis til ei viss uvisse.


I tillegg til desse dokumenta og prosessane som handlar nokså direkte om oss og vår sektor så har høgskular og universitet også vorte omtala på andre samfunnsområde. Kanskje mest konkret i to offentlege utgreiingar:

  • NOU 2020: 12 Næringslivets betydning for levende og bærekraftige lokalsamfunn 
    • Utvalet vart leia av Svein Richard Brandtzæg som var styreleiar i NTNU då dei bidrog i strukturreformen ved å overta Høgskolen i Ålesund, Høgskolen på Gjøvik og Høgskolen i Sør Trøndelag. Det er difor interessant at utvalet meiner: «Strukturreformen som er gjennomført, vil kunne bidra til ytterligere sentralisering av utdanningsinstitusjonene, ved at utdanningstilbud i distriktene blir lagt ned. Insentivsystemet og finansieringen av universitetene, høyskolene og fagskolene bør utformes slik at det stimulerer til desentralisert studiestedstruktur.» Det er truleg lærdom frå Nesna som ligg bak denne formuleringa. Men i rapporten framstår det som at utvalet klart meiner at høgare utdanning er viktig både som leverandør av kompetanse og som utviklingspartnar for næringslivet i distrikta og utvalet kjem med ei rekkje framlegg til tiltak for å styrke kompetansebygging i distrikta. Eitt av framlegga går ut på å styrke insentiva i finansieringssystemet for høgare utdanning for å legge til rette for offentleg- privat utviklingsarbeid. Næringssjef i Møre og Romsdal, Bergljot Landstad, var ein av medlemmene av utvalet.
  • NOU 2020: 15 Det handler om Norge – Utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene (Leia av Victor Normann)
    • Utvalet skulle bringe fram kunnskap om demografiutviklinga i «de mindre sentrale områder av landet» – og kome med framlegg til korleis utfordringane kan møtast. Åslaug Krogsæter, kommunedirektør i Stad kommune, og tidlegare vararepresentant til høgskulestyret ved Høgskulen i Volda var medlem av utvalet – og ligg nok bak at slagordet til Stad: «verdas beste vesle stad» er omtala i det avsluttande kapitlet – som døme på ein alternativ strategi for mindre stader. Høgare utdanning har ein framtredande plass i utgreiinga og det blir slått fast i avsnitt 8.3 «Fleksibel og desentralisert utdanning er viktig for rekruttering til og kompetanseheving i distriktene». Professor em. Kåre Heggen ved Høgskulen i Volda har arbeidd med desse spørsmål og hans arbeid er sitert i rapporten. Men korleis skal det skje? Utvalet foreslår at høgskular og universitet sitt regionale oppdrag skal takast i vare gjennom oppdragsbreva til institusjonane og betre nasjonal spreiing av forskingsoppgåver. 

Desse to NOU-ane gir jo håp om at i den nasjonale politikken er det auka forståing for at høgre utdanning er viktig både for busetting og næringsutvikling i «de mindre sentrale områder av landet». Det var kanskje derfor Distriktshøgskulane vart etablert? Men NOU-ar er kunnskapsgrunnlag og eg er veldig spent på i kva grad meiningane i Brandtzæg og Normanns utval setter spor etter seg til dømes i styringsmeldinga for høgskular og universitet.

Tillegg 25.1.2021: I ein kommentar 25.1.2021 gjer i alle fall Arbeidarpartiet eit politisk poeng av innhaldet i desse to NOU-ane.

Eg har av og til ei kjensle av at den nasjonale politikken er litt som veret: Vi kan ta omsyn til det, årsakene ligg langt borte og vi kan ikkje gjere så mykje for å påverke det. Det kan då vere fristande å tenke som i Fjellvettregel nr 9:

Nr 9: Spar på kreftene og søk ly om nødvendig

Det ville vere ein veldig passiv og i seg sjølv risikabel strategi, og eg håper Høgskulen i Volda aldri blir ein passiv og litt nedsnødd institusjon som berre tilpassar seg dei store prosessane. Tvert i mot må vi vite kvar vi er – kvar vi vil – men også vere budd på å endre planane:

Nr 7: Bruk kart og kompass. Vit alltid kvar du er.

Høgskulen i Volda har vore i Volda sidan 1861 – og skal vere i hundre år til. Kva har vore vårt kart og kompass? Har vi – eller kan vi få – ein strategi som held langt framover i tid – til dømes til 2030? Eller til 2061?

I strategiplanane for dei siste 10 åra har folkeopplysningstradisjon, nynorsk, humaniora og samfunnsvitskap. Inkluderande, kritisk, relevant – og kvalitet vore gjennomgåande beskrivande termar og høvelege honnørord når vi gjennom strategiplanane har prøvd å finne ut kven vi er. For oss sjølve og andre. 

I neste strategiplan vil heilt sikkert berekraft kome inn. Men slik må det nesten vere med strategiplanar. Dei tek farge av kva som er viktig i tida.

Vi har gode materielle og menneskelege startpunkt:

Vi får heilt nye hus
Vi er spissa og profilert
Vi er regionalt relevante
Vi er små og oversiktlege
Vi er nasjonalt interessante
Vi klarer godt generasjonsskiftet
Vi kan få fine turar framover til 2030 – og 2061!

Eg håper i grunnen at vi kan kome ut av strategiarbeidet ikkje berre med enkle turkart som seier korleis vi skal gå frå A til B. Men også kvifor vi skal ut i terrenget dei neste 10 – eller 50 åra? På kva måte? Kva slags turar vil vi ha?

Og her passar det med å avslutte med ei lenke til førsteamanuensis Helga Synnevåg Løvolls / Per Straume / Forskning.no. 

PS:
Fjellvettreglane er henta frå denne nettsida.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar