Regjeringa ønskjer å bruke høgskular og universitet for å motverke arbeidsløyse og å heve kompetansen no når mange er råka av koronakrisa. Regjeringa har difor foreslått å opprette 4.000 nye studieplassar i Revidert nasjonalbudsjett. Høgskulen i Volda fekk denne veka melding om at vi blir tildelt heile 100 nye studieplassar og 6 stipendiatstillingar. Studieplassane er alt fordelt: 30 barnehagelærar, 15 GLU, 10 PPU, 20 sosialfag, 20 planlegging og leiing og 5 på animasjon. Dei 6 stipendiatstillingane skal i utgangspunktet vere på same fagområde som dei 100 studieplassane er tildelt. I kroner vil desse studieplassane og stipendiatstillingane utgjere ei ekstraløyving på ca 16 millionar kroner i 2021. Kunnskapsdepartementet skriv at vi må rekne med at studieplassane og stipendiatstillingane vi får no som koronatiltak fell bort når det blir meir normale tilstandar igjen.
Eg håper vi både kan oppfylle forventningane på kort sikt om å bidra i den nasjonale dugnaden mot korona, men også at desse studieplassane på litt sikt kan bidra til å styrke masterutdanningane våre.
Mi vurdering er fortsatt at arbeidet i kriseleiinga fungerer godt. Eg trur også at det er hovudinntrykket hos studentar og tilsette.
På neste styremøte vil høgskulestyret få ei meir omfattande sak om koronahandteringa.
Det store og vanskelege spørsmålet vi arbeider med no er korleis undervisninga blir hausten 2020. Hovudbodskapen frå KD er at vi må gjere lokale vurderingar.
Dei lokale forholda på Høgskulen i Volda gjer at vi har svært gode forhold for å kunne gje mykje klasseromsundervisning hausten 2020:
Vi har svært få studentar og tilsette som brukar kollektivtrafikk for å kome til og frå høgskulen – studentane går, syklar eller tek privatbil. Dei fleste studentbustader er også nær høgskulen.
Undervisninga spreidd på mange hus over eit langstrakt høgskuleområde. Og mange av husa er nytta av avgrensa undervisningsgrupper.
Vi har tradisjon for å vere ein open høgskule, noko som blant anna betyr at studentane får tilgang til det meste av høgskuleområdet, det meste av døgnet. Det betyr til dømes at studentane til hausten vil få bruke klasserom til gruppearbeid og sjølvstudium på kvelds- og helgetid.
Og så har vi mange studentar på nett og har mykje erfaring med nettundervisning.
Men det er klart at vi får store utfordringar med fellesområde som kantine, bibliotek og ikkje minst det sosiale samværet studentar i mellom blir veldig spesielt også til hausten.
I undervisningslokala vil det vere plass til halvparten så mange studentar som vanleg, så vi må nok både strekke undervisningstida i begge endar – morgon og kveld. Vi kjem nok også til å bruke idrettshallen som undervisningslokale delar av semesteret og vi kjem truleg til å leige også andre lokale.
Og det blir mykje nettundervisning også i haust.
Det må alle undervisningsgrupper belage seg på, men vi ønskjer at nye studentar skal få ein god start. Både når det gjeld overgangen frå elev til student – og det å kome til studiebygda Volda.
Mange av våre utdanningar har også direkte oppfølging og bruk av spesialrom som ein viktig føresetnad for kvalitet og særpreg. Det er særleg medie- og kulturfaga som brukar spesialrom mykje.
På den andre sida er vi heilt klar over at helsestyresmaktene reknar det som truleg at det vil kome nye oppblussingar av koronasmitte i haust. For å motverke dette må vi og studentar berre innsjå at det ikkje blir eit bokstavleg talt like tette og mangfoldig studentmiljø som vanleg.
Finansieringsmodell og dimensjonering
Dei siste vekene har finansiering og dimensjonering av høgare utdanning brått og antakelig uventa vorte ein del av den store, nasjonale politikken. Opposisjonspartia Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Senterpartiet har kome med ei felles fråsegn som blant anna går ut på at dei ønskjer å auke talet på nye studieplassar, altså auke budsjetta til høgare utdanning, meir enn det regjeringa har foreslått i revidert nasjonalbudsjett. Dei tre partia ønskjer også ei finansieringsordning som blant anna skal belønne utdanningar der mange studentar får jobb etter avlagt eksamen, dei vil legge til rette for at høgskular og universitet lettare skal kunne tilby emne som kan passe å ta ved sidan av jobb.
Høgskulen i Volda scorar godt når det gjeld andel studentar som får jobb etter eksamen og vi er glade for at det kan bli meir fleksibilitet på etter- og vidareutdanning. Men så kom det punktet som kanskje har vekt størst merksemd i sektoren, og det er eit signal om auka politisk styring av studieporteføljen. Vi veit veldig lite om kva som ligg bak dette forslaget og debatten har synt at det er meir starten på ein diskusjon enn ferdige svar dei tre partia har kome med.
Igjen så ser eg ikkje heilt dei store negative konsekvensane for Høgskulen i Volda, jamfør tildeling av korona-studieplassar. Men det meir prinsipielle er jo om staten på overordna nivå verkeleg ønsker å detaljstyre dimensjonering av høgare utdanning, altså kor mange studieplassar som er rett på fagområde eller einskildstudium. Det er eintydige signal frå sektoren i retning av mindre detaljstyring og direktoratisering.
Les meir om debatten i Khrono under merkelappen: Finansieringsmodell.
Bruk av fullmakt:
I førre styremøte fekk rektor fullmakt til å avgjere saker som oppstår på grunn av koronakrisa og som ikkje kan vente til neste styremøte.
Denne fullmakta er nytta i ei sak. Det var ein sensurfrist som vart utsett fordi to eksamenar i same fag kom for tett på kvarandre.