På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.
I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på våre nettsider.
I denne orienteringa vil eg seie litt om følgjande tema
- Samordna opptak
- Bygg og anlegg
- Korona-situasjonen
- Aktuell politisk debatt om finansiering og dimensjonering av høgare utdanning
Styret får ein eigen presentasjon av resultata frå samordna opptak seinare i møtet. Vi er svært glade for at vi har auke i søkartala for fjerde året på rad, og det er også veldig positivt at vi som ein av svært få institusjonar har auke i søking til lærautdanningane.
Arbeidet med nybygget til mediefaga er 12 dager forsinka, men vi trur det skal vere muleg å hente dette inn att. Vi har nettopp lyst ut ein intern namnekonkurranse for huset, og det skal styret i seinare møte skal ta beslutninga på.
Volda kommune har ikkje vedtatt skiltplan for det utvida høgskuleområdet så det svært usikkert om det blir betalingsparkering på høgskuleområdet frå hausten 2020.
Koronakrisa:
Koronakrisa har igjen dominert det meste av den daglege verksemda vår også sidan førre styremøte.