Eg er glad for slike tal. Dei syner at mange på høgskulen gjer ein framifrå jobb! Men eg er ikkje overraska. Vi har jo vore tidleg ute med nettundervisning og satsa på det i strategiplan, i budsjett – og i kvardagen før korona. Og eg håper det også er med på å gjere overgangen til heimekontor meir handterleg for dei fleste.
På dei fleste fagområde har eg inntrykk av at overgangen til 100 prosent digitalt har gått bra. Men for atter andre – også hos oss – så er det nok ein arbeidskrevande prosess.
Midt opp i alle omleggingane i kvardagen må vi også vere glade for at vår sektor faktisk er i stand til å gjere det aller meste av arbeidet digitalt – enn om det skjer heimanfrå på toppen av mykje anna. Men med permitteringar på alle kantar skal vi også vere takksame for at vi faktisk kan gjere arbeidet vårt. I Møre-Nytt i dag står det at at det er nesten 900 permitterte til saman i Ørsta og Volda – og at det truleg blir fleire. Det er dobbelt så mange som alle tilsette ved Høgskulen i Volda. Vi kjenner alle nokon som er direkte eller indirekte ramma av følgene av koronakrisa, og for mange av dei gjeld at dei ikkje kan vite når dei kan kome tilbake til ein normal arbeidskvardag.
Og dette skriv eg to
veker inn i koronakrisa, når det i Volda og i nabokommunane er knappe 30 vel 30 som er
konstatert smitta av koronavirus. Ingen veit kva som er situasjonen om nokre
veker – korkje når det gjeld korona eller arbeidslivet og samfunnet etter korona
– og den uvissa trur eg mange kanskje føler aller mest på.
Men i vårt arbeid på høgskulen trur eg no at den største utfordringa framover blir at tilsette og studentar ikkje må bli lei av å undervise og lære på nett.
Vi må ikkje gå inn ein fase med digital apati!
Det er antakelig like viktig med variasjon i nettundervisning som i anna undervisning i klasserom, auditorium og spesialrom. Det blir viktigare og viktigare å dele erfaringar og høyre på studentanes oppleving av nettundervisninga som å meistre dei meir tekniske sidene ved nettundervisning.
På nettsidene våre er dette fellesportalen til digital læring: https://www.hivolda.no/digital_laring
Så no håper eg at tilsette og studentar er rause med å dele erfaringar og idear no når nettundervisning har blitt den nye normalen. Med 100 prosent digital undervisning ligg det svært godt til rette for å dele undervisninga også med kolleger og kanskje også andre? Det er jo veldig varierande kva tradisjonar og tabu som gjeld her – blant anna. Kanskje kan korona-krisa gjere at vi går permanent inn i ein positiv digital delingskultur? Vi kan håpe at det set varige og gode spor etter seg.
Men no er det helg og eg håper så mange som muleg – eller helst alle – kan kople seg av frå Pcar og mobilar, fri seg litt frå Zoom, Outlook og Skype og bruke kvardagen ute i helsesam og regjeringsgodkjent fri- og friskluft! Og gjerne deler også slike opplevingar med kvarandre.
God helg til alle tilsette på Høgskulen i Volda!