Kjære alle tilsette på Høgskulen i Volda:
Først av alt må eg på vegne av kriseleiinga få takke alle tilsette for at dei så hugheilt deltek i dugnaden mot korona og dermed for framtida: Det at HVO-tilsette er så påkopla frå heimekontor og gjer ein kjempejobb i ein kvardag heilt utanom det vanlege – det står det stor respekt av!
Vi som er med i kriseleiinga har i utgangspunktet høve til å arbeide også frå våre vanlege arbeidsplassar på høgskulen. På dei daglege krisemøta på Zoom er det ca 15 deltakarar. Dei fleste deltek heimanfrå: Der partnar, barn – og kanskje ein og annan katt av og til dukkar opp i (lyd)bildet.
Det er også oppmuntrande å høyre og sjå at folk er kreative og brukar Zoom til fagleg/sosial aktivitet, anten det no er Kafe Zoom på Avdeling for kulturfag, 10-kaffi på IPAS på ASH, eller kveldsmøte-etter-leggetid-for-småbarn for andre. Det er både godt og nødvendig å snakke i lag om anna enn vanskelege ting som hastar og som må avgjerast raskt.
Det kom nettopp statistikk for bruk av Zoom, og det viser at Høgskulen i Volda står for knapt 3 prosent av all bruk av Zoom i UH-sektoren. Det kan høyrest lite ut, men vi har ca 1 prosent av budsjettet for sektoren og knapt 2 prosent av alle UH-studentar. Så akkurat når det gjeld bruk av Zoom så har vi langt større bruk enn størrelsen skulle tilseie. Men vi må vel også ta høgde for at også andre digitale verktøy er i bruk for å gjennomføre undervisning: Skype, Teams og Adobe Connect for å nemne nokre.