I denne situasjonen har 32 rektorar ved norske universitet og høgskular skrive under på eit opprop der vi legg vekt på at det er viktig med institusjonell autonomi, at det er styra som skal styre institusjonane. Eg er blant underskrivarane. Det er lett å ha stor sympati for dei mange lokale reaksjonane mot nedlegging i Nesna og dei andre studiestadene, men eg trur det meir overordna og prinsipielt sett er klokt å la institusjonane få styre seg mest muleg sjølve gjennom styra.
For ikkje så mange år sidan opplevde nok mange ved Høgskulen i Volda at Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og statssekretær Bjørn Haugstad la nokså hardt verbalt press på Høgskulen i Volda i retning av fusjon. Slik opplevde i alle fall eg det. Men det var ein viktig nyanse mellom det politiske presset for 2-3 år tilbake, og det var at Haugstad og Isaksen ikkje sa konkret kven vi burde fusjonere med. Slik eg oppfatta eller huskar det gjekk dei ikkje inn i ei konkret styresak hos oss og ønska seg eit bestemt resultat. Men det er muleg det skjedde på andre studiestader med andre universitet og høgskular. Det var i alle fall mange institusjonar som hadde fått beskjed om at dei ikkje var robuste nok.
Det er no bestemt at NIFU skal evaluere strukturprosessen. Kanskje kan Nord universitet og det pågåande lovarbeidet i sektoren sette desse spørsmåla på dagsorden på ein meir prinsipiell måte?
Elles kjenner nok dei fleste mine kritiske synspunkt på heile strukturprosessen. Khrono skriv at dei fusjonerte institusjonane og Kunnskapsdepartementet no har vanskar med å bli samde om korleis resultat av fusjonane skal målast. Eg har alltid trudd at måla med endringsprosessar burde vere sette opp på førehand og vere styrande for prosessane. Men her blir det altså forhandla om kva som var målet fleire år etter at prosessane vart vedtekne. Det blir vanskeleg å ha tillit til at vurderingskriteria på denne måten kan bli særleg truverdige.
Fagleg sett skjer det mykje spennande – og krevande – på høgskulen. Om kort tid skal høgskulen sende søknad om akkreditering av master i barnehagelærarutdanning. Spennande! Krevande! Master i undervisning og læring er alt inne til vurdering og slik eg forstår dei involverte er tilbakemeldingane frå NOKUT-komiteen ikkje uoverkomelege. Skriftkulturar er også eit spennande omgrep – og kan bli ein spennande framtidig mastergrad for norsk og engelsk.
Dette får vi til!
Eg reknar med at avdelinga for humanistiske fag og lærarutdanning vil starte arbeidet med å vurdere om vi skal gå for ein ny doktorgrad. Som kjent har vi fleire års erfaring med den profesjonsorienterte fellesgraden i lag med Høgskolen i Molde. Men om vi klarer å få på plass vår eigen doktorgrad retta inn mot skule- og skriftkultur – og gjerne får kopla på skriftkultur, historie og medie- og kulturfaga så kan kanskje alle fagmiljø ved Høgskulen i Volda ha ei topputdanning oppå dei mange mastergradene vi alt har. Eitt moment i dette er at for at tilsette skal få professorkompetanse må ein også ha rettleia doktorgradskandidatar, og det kan faktisk vere utfordrande å få sleppe inn i slike rolller på etablerte doktorgradsgjevande institusjonar.
Avdeling for mediefag har i 2019 uteksaminert det første kullet med studentar på masteren i Media practices. Vår første engelskspråklege masterutdanning. Gratulerer til alle involverte. Det var verkeleg godt og raskt jobba! Og ca 10 ulike nasjonalitetar representerte på den fine gradsfeiringa i Aasentunet.
They did it!
Avdeling for samfunnsfag og historie har det daglege ansvaret for doktorgradsprogrammet «Vilkår for profesjonsutøving». Etter planen skulle programmet ha 20 doktorgradsstudentar i 2020. No i 2019 har vi 26! Det er veldig kjekt at studentane har kome og eg gler meg veldig til at den første frå Høgskulen i Volda skal disputere frå programmet. Eg veit ikkje kven det blir, men eg trur det blir i løpet av det næraste året.
Dei får det til!
Fram til 2025 kan studentar med bachelor i musikk, idrett/friluftsliv, drama/teater eller kunst og handverk kome inn på PPU. Men i 2025 må vi ha på plass ei god masterutdanning i praktiske estetiske fag. Det er også ei utfordring som kanskje best kan løysast gjennom å bygge i høgda, altså heve ambisjonane og kvalitetskrava. Eg er spent på korleis avdelinga vel å løyse denne oppgåva.
Det blir heilt sikkert eit etterspurt studietilbod, også for kandidatar utanfor vår eigen institusjon.
Eg er sikker på at AKF i 2025 – eller før – kan seie til seg sjølve: Ja, vi fekk det til.
Vi treng mange høgt kompetente fagfolk for å gjort alt vi ønskjer – anten det no er å oppretthalde og vidareutvikle dei mange mastergradene vi alt tilbyr, dei nye vi ønskjer å starte, og ikkje minst om vi skal starte med doktorgradsutdanning. Korleis skal vi få til det? Over tid har vi stort sett fått professorar og dosentar frå eigne rekker. Det må vi nok innstille oss på også i framtida og då håper eg at ordningar som FoU-stipend, professorstipend, forskingsgrupper og såkornmidlar skal bli kjent og endå betre utnytta enn i dag slik at vi kan halde fram med den langsiktige utviklinga i tal på og andel toppkompetente kan halde fram også dei neste åra.
Slik økonomisk og praktisk tilrettelegging er viktig – men ikkje nok – for at vi i 2023 skal kunne seie: Ja, vi fekk det til. Både høgskulen samla sett – og kvar einskild tilsett.
Vi har utfordringar også når det gjeld det fysiske læringsmiljøet, på høgskuleområdet. Men om eitt års tid vil vi vonleg ha fått ei plan for det samla høgskuleområdet, ein campusutviklingsplan. Den skal handle om arbeidsrom for studentar og tilsette. Ingen kan på førehand vite korleis denne planen vil bli sjåande ut. Men vi har blitt fleire og fleire på høgskulen, utan at vi eigentleg har fått så veldig mykje betre plass dei siste åra. Det må vi løyse.
Somme har alt begynt å pønske på om vi ikkje skulle ha sett opp eit meir permanent hus med arbeidsplassar for tilsette og studentar der Lettbygget og paviljongane står i dag. Det er viktig å tenkje framover og ha idear, men nett no har nok dei som driv med eigedom og drift nok med å handtere kvardagen.
Kan vi få det til?
På økonomi og eigedom ser vi alt no at det vil bli fire krevande år for Høgskulen i Volda. Mange tilsette også på AHL har alt flytta eller må snart flytte. Tilsette på Idrett og friluftsliv har alt flytta. Det blir også ein stor flyttesjau i 2021 når først AMF og deretter store delar av ASH skal flytte på seg til nybygget og når Strøm-huset skal få si første store rehabilitering sidan huset stod ferdig for 35 år sidan.
Men vi vil også få nokså samanhengande byggeaktivitet på og ved høgskuleområdet. Om få dagar startar gravinga på den store idrettshallen Volda Campus Sparebank1 Arena. Etter sommarferien startar vi vonleg gravinga på det nye mediehuset. Frå andre byggeprosjekt har eg høyrt at når gravinga startar så er det meste gjort. Men for oss betyr gravinga mange og store endringar både på kort sikt og dei komande 2-3 åra. Kanskje lenger. Mange parkeringsplassar blir bort ei byggetida og om og når vi får på plass erstatningsplassar og kor mange trur eg diverre er litt usikkert. Eg vil minne om at heile idrettshallprosjektet starta med at høgskulen ønska seg området til parkeringsareal, men at andre aktørar hadde andre planar for området. Vi vil få tilgang til 126 parkeringsplassar under bakken når idrettshallen står ferdig, og i eit 50-års perspektiv er eg ikkje i tvil om at det er bra for høgskulen. Men vi skal drive godt og trygt også dei neste fire fem åra.
Det må vi berre få til.
Vi må diverre også konstatere at vi misser symjehallen. Det er no klart at våre studentar skal bussast til Sunnmørsbadet i Fosnavåg det komande året. Eg håper det blir ei fin oppleving og knyter oss i alle fall nærare til regionen vi er ein del av. Høgskulestyret vil i slutten av oktober ha sitt årlege styreseminar på Thon hotell i Fosnavåg, blant anna for å få ei synfaring og sikkert utprøving av Sunnmørsbadet.
Men eg oppmodar Volda som vertskommune for Høgskulen i Volda til å få bygd ny symjehall så fort det lar seg gjere – aller helst i direkte vidareføring av idrettshallen Campus arena. Så kan vi håpe på at om fire-fem år så vil utsikta frå kantina ikkje vere mot eit anleggsområde men mot ein flott, ny symjehall som opnar seg mot tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda og viser at her er det bra både å lære, leve og oppleve.
Det kan vi få til – i lag.
God sommar til alle tilsette, studentar og alle andre som har hjarte for Høgskulen i Volda!