Høgskulen i Volda har ca 4.000 studentar og er den største studiestaden mellom Bergen og Trondheim. Høgskulen er særleg kjend for fleire medieutdanningar og særleg for journalistutdanninga i kringkastingsjournalistikk. I alt er det ca 550 mediestudentar ved høgskulen. Ein stor del av norske journalistar har si utdanning frå Volda. Høgskulen har flest studentar innan lærarutdanningar, sosialfag, samfunnsplanlegging og administrasjon og kulturfag. I denne samanhengen er det utdanningane i journalistikk, sosialfag, samfunnsplanlegging og grunnskulelærarutdanninga som er mest relevante å nemne. Søre Sunnmøre tingrett ligg ca 5-10 minutt i gangavstand frå Høgskulen i Volda og er såleis lett tilgjengeleg for tilsette og studentar ved høgskulen.
I profilen til journalistutdanninga er det eit sterkt fokus på praksis i journalistikk. I løpet av det treårige bachelorløpet har studentane til saman 18 veker praksis i høgskulens eigne redaksjonar på Høgskulen i Volda. I desse praksisperiodane lagar studentane heilt eigne nyhendesaker som blir formidla til lokalbefolkninga gjennom nettavis, papiravis, fjernsyn og radio. I desse praksisperiodane er ein stor del av studentane ofte i kontakt med tingretten, både for å følgje rettssaker og drive anna rettsreportasje, men også for å følgje tingretten som nyhendesak i media.
Når studentane er ferdig utdanna kjem mange av dei til å arbeide med politisaker og rettsreportasjar. Det er av stor betyding for Noreg at vi har journalistar som forstår rettssystemet og kjenner arbeidet i ein domstol. Blir Søre Sunnmøre tingrett borte vil studentane i Volda få vesentleg dårlegare vilkår til å skaffe seg denne kunnskapen.
Juridiske og etiske spørsmål er viktig for fagmiljøet på mediefag og særleg på journalistikk. Særleg kan her to fagpersonar ved Høgskulen i Volda nemnast: Professor Svein Brurås arbeider særleg med medieetikk og har skrive den aller mest brukte læreboka i medieetikk, som er i bruk på alle norske journalistutdanningar. Førsteamanuensis dr.jur. Ellen Hovlid er den einaste juristen som arbeider i fagstilling i norsk journalistutdanning.
Fagmiljøet ved Institutt for sosialfag har skrive ei eiga fråsegn om kva betydning Søre Sunnmøre tingrett har for deira fagmiljø. Fråsegna er lagt ved dette brevet. Dei legg blant anna vekt på at fagmiljøet ved Høgskulen i Volda må sjåast i samanheng med fagmiljøet ved Søre Sunnmøre tingrett og advokatar i regionen.
Også for utdanningane i sosialfag (sosionom og barnevern) er det viktig at Søre Sunnmøre tingrett er lett tilgjengeleg både for fagleg utveksling, men også for at studentar skal få innsyn og innsikt i korleis ein tingrett arbeider. I åra som kjem vil juridiske spørsmål bli endå viktigare i sosialarbeidarutdanningane enn dei har vore tidlegare så då blir det ikkje mindre viktig framtida.
Utdanningane i samfunnsplanlegging og leiing rettar seg særleg inn mot studentar som skal arbeide i offentleg verksemd, og også her er juridiske emne ein viktig del av utdanninga, og høgskulen har også på desse utdanningane tilsett juristar. Besøk i tingretten er ein integrert del av utdanningane.
Dei siste åra har stadig fleire med juridisk utdanning vorte tilsette ved Høgskulen i Volda i administrative og fagleg/administrative stillingar. Dette er ei positiv utvikling i retning av profesjonalisering av administrative funksjonar, og i dette bildet spelar tingretten også ei rolle både i høve til fagleg kontaktpunkt og den samla arbeidsmarknaden for juristar i regionen.
Samfunnsfagstudentane i grunnskulelærarutdanninga har i fleire år hatt eit godt samarbeid med tingretten om undervisning om domstolsystemet, og besøk i tingretten er også her ein integrert del av utdanninga. Å nytte tingretten som ekskursjonsmål gir framtidige lærarar ei betre forståing av tingretten som samfunnsinstitusjon
I tillegg kjem også det at 4.000 studentar har også til tider behov for rettslege tenester, så også for studentar er Søre Sunnmøre tingrett med på å sikre deira rettstryggleik. Vi håper desse momenta frå vår kvardag vert tekne på alvor frå Domstolsadministrasjonen og andre som er opptekne av spørsmål kring sentralisering og tilgang på offentlege tenester, og håper resultatet blir ein både sikra og styrka Søre Sunnmøre tingrett.
Johann Roppen, rektor Høgskulen i Volda