Etatstyringsmøtet 2018 – innleiing frå Høgskulen i Volda

Etatstyringsmøte 2018: Knut Børve (til venstre) og Johann Roppen.

 

Høgskulen i Volda møtte 14. mai 2018 til etatstyringsmøte i Kunnskapsdepartementet. Deltakarar frå Høgskulen i Volda var rektor Johann Roppen, Inger Østensjø, Tor-Johan Ekeland, Kjell Einar Dagfinrud, Nikolai Hannevik Nordlid og direktør Karen Lomeland Jacobsen. Kunnskapsdepartementets ekspedisjonssjef Knut Børve leia møtet.

Det viktigaste temaet på møtet var framlegget til utviklingsavtale der Kunnskapsdepartementet vil kome med ei skriftleg tilbakemelding seinare. På møtet kom det ikkje fram kommentarar frå Kunnskapsdepartementet som tyder på at Høgskulen i Volda må rekne med å gjere store endringar i val av tema for utviklingsavtale.

Utviklingsavtalane har vore drøfta i fleire styremøte og her er siste versjon som var grunnlaget for diskusjonen med Kunnskapsdepartementet.

HVOs deltakarar samla etter møtet. Frå venstre Johann Roppen, Nikolai Hannevik Nordlid, Karen Lomeland Jacobsen, Kjell Einar Dagfinrud og Tor-Johan Ekeland. Inger Østensjø deltok også på møtet.

Møtet starta med ei generell innleiing frå Høgskulen i Volda, og den står nedanfor.

Innleiing frå Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda har sidan sist følgt opp eller vidareført tiltak og aktivitetar som vart drøfta på førre etatstyringsmøte. Vi har også lagt om vår årsrapport noko slik at det skal bli lettare både for oss og for Kunnskapsdepartementet å finne ut av status på dei sentrale spørsmåla. Blant anna har vi forenkla årsrapporten.
https://issuu.com/hivolda/docs/hvo__rsrapport_2017-2018/2

Først eit lite overblikk over sentrale utviklingstrekk ved Høgskulen i Volda sidan førre etatstyringsmøte i mai 2017, og desse vil vi også kome tilbake til i løpet av møtet:

1. Vi hadde hausten 2018 rekordmange studentar ved Høgskulen i Volda: Det var 4.184 registrerte studentar, og det var første gongen Høgskulen hadde fleire enn 4.000 studentar.

2. Vi fekk resultat frå Studiebarometeret 2017 i februar 2018, og resultata var nedslåande for mange studium og også samla sett samanlikna med dei to førre åra som gav nokså like resultat.

3. I april 2018 fekk vi søkartala frå Samordna opptak og vi fekk ein auke på ca 8 prosent i talet på søkjarar, som var omlag det same som året før.

4. Tilstandsrapporten for høgare utdanning vart lagt fram i mai 2018, og vi har ein nedgang i andel av bachelorstudentar som har fullført på normert studietid, så vi er ikkje lenger best i landet på dette punktet slik vi har vore i tre år før.

Desse fire punkta handlar alle om utdanning og det er nok vår viktigaste samfunnsoppdrag i vår region som er Møre og Romsdal og delar av Sogn og Fjordane. I denne regionen er Høgskulen i Volda den største institusjonen målt i tal studentar. Vi har hatt ei klar arbeidsdeling i regionen ved at Høgskulen i Volda tilbyr lærarutdanning og fagstudium i sentrale skulefag, medie- og kulturfag, sosialfaglege utdanningar. Vår faglege innretning er samfunnsfag og humaniora. På dei andre utdanningsstadene i Møre og Romsdal er det ei liknande klar arbeidsdeling: Ingeniørutdanningar i Ålesund og logistikk i Molde. Så har vi økonomiske- og adminstrative utdanningar på alle dei tre stadene og sjukepleieutdanning både i Molde og Ålesund.

Vi har vidare eit godt samarbeid på område der det er overlappande fagmiljø ved at alle dei tre institusjonane samarbeider om mastertilbodet LIHS – leiing i helse- og sosialsektoren, fellesgrad i phd innanfor helse- og sosialfag. Vi har ein felles møteplass i Fjordkonferansen som har halde på sidan 2014, og som i seg sjølv er eit godt SAK-tiltak. Den skal i juni haldast i Ålesund.

www.fjordkonferansen.no

Samanlikna med andre fylke i landet så er det mykje ugjort når det gjeld høgare utdanning i Møre og Romsdal. Folketalet aukar lite – og mest på grunn av innvandring frå utlandet. Utdanningsnivået er på veg oppover, men vi er framleis blant fylka med færrast andel av folket med høgare utdanning. Vi har ei skeivfordeling mellom menn og kvinner i 20-40 års alder. Svært mange kvinner i denne alderen vel å reise bort frå fylket for å få jobb eller ta vidare utdanning.

https://www.ssb.no/utdanning/artikler-og-publikasjoner/hoyest-utdanningsniva-i-oslo
http://fylkesstatistikk.mrfylke.no/2017/demografi/folketalsutvikling

I dette bildet er Høgskulen i Volda viktig ved at våre fagområde er attraktive for kvinnelege studentar. Kvinner utgjer ca 3/4 av våre studentar. Kvinner har elles vore i fleirtal blant studentane i ca 100 år i Volda.

Arbeidslivet i Møre og Romsdal fylke er konjunkturutsett og vi ser store svingingar. Det handlar blant anna om at sett i høve til folketalet så er Møre og Romsdal kanskje fylket i landet med flest tilsette i industrien. Maritime og marine næringar lever tett på globale merknader. I stadig sterkare grad.

http://fylkesstatistikk.mrfylke.no/2017/sysselsetting-og-naeringsliv/naeringsstruktur

Høgskulen i Volda har ikkje ambisjonar eller kapasitet til å levere forsking i verdsklasse innan høgteknologi, marin forsking eller teknologiske bidrag til det grøne skiftet, slik EUs neste rammeprogram vil handle om.

Derimot meiner vi at når det gjeld eit opnare, tryggare og meir robust samfunn så er utdanning, kultur- og mediefag og gode profesjonsutdanningar innan velferd og omsorg viktige bidrag i å forsterke dei underliggande samfunnsstrukturane.

Med våre akademiske tradisjonar er vi naturlegvis heilt samde det viktige arbeidet som skjer både nasjonalt og internasjonalt i retning av fri forsking i form av fri tilgang til forskingsresultat og forskingsdata, slik det blant anna går fram av humaniorameldinga.

Vi har særleg merka oss regjeringas posisjonsparti i høve til EUs 9. rammeprogram der verknad for samfunnet – impact – og andre brukarperspektiv bør bli grunnleggande prinsipp i neste rammeprogram. Slik vi ser det er tilgang til forsking og forskingsresultat på norsk språk avgjerande for å oppnå dette. Dette har vi også spelt inn som kommentar til regjeringas langtidsplan for norsk forsking.

Ein annan måte å seie dette på er at dei store samfunnsutfordringane ikkje kan løysast utan involvering og medverknad, endringsvilje og openheit. Og det er heilt andre spørsmål enn internasjonal spisskompetanse og framifrå forsking kan levere på. Det er ei betydeleg utfordring å konvertere forskingsresultat publisert i internasjonale tidsskrift på svært smale område til noko som folk flest kan legge til grunn for å endre sine handlingar og holdningar. Og det gjeld naturlegvis også politikarar. Vi veit kva som skjer med oss når vi røyker og kva som er konsekvensane av for lite aktivitet og for mykje alkohol, og vi veit at vi bidreg til klimautslepp når vi tek eit fly til Oslo – men å endre på det er altså krevande.

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *