Framtidas arbeidsplassar? Spør studentane

Framtidas eller fortidas arbeidsplass? Media City Bergen

Debatten går høgt om arbeidsplassar for tilsette og med to klare ytterpunkt: Cellekontor eller variantar av kontorlandskap («aktivitetsbaserte arbeidsplassar»).

Det er liten tvil om at det forkjemparane for det beståande, cellekontor, som har overtaket i mediedebatten. Men aktivitetsbaserte arbeidsplassar har eit statleg rundskriv på si side. Det er ein stille, men formidabel motstandar.

Forkjemparane for cellekontor meiner det er uråd å drive konsentrasjonskrevande arbeid om ein ikkje har ei dør å stenge seg inne bak. Dette var også gjennomgangsmelodien i NRK Brennpunkts dokumentar 25.april 2018:


Cellekontor er vi vane med. Landskapsliknande arbeidsplassar er det færre som har erfaring med på høgskular og universitet i Noreg. Men i privat sektor er kontorlandskap det normale. Det sa i alle fall programleiarane i NRK dokumentaren i innleiinga si, men brydde seg ikkje mykje meir om det poenget.

Eg trur dei fleste har vanskeleg for å akseptere at det berre er forskarar i offentleg sektor som driv konsentrasjonskrevande arbeid og difor må ha cellekontor heile tida. Ein kan vel snu på det å seie at vi alle bør vere rimeleg konsentrerte for å kunne gjere jobben vår. Motsett er det nok også slik at mange burde oftare kome ut av cellekontora sine.

Kontorlandskap er såpass nytt i norsk akademia at vi ikkje eigentleg har norsk forsking på temaet. Ein flittig sitert metastudie av forsking på området byggjer i stor grad på utanlandskje kjelder og er sjølv førebels ikkje publisert i ein kanal for vitskapleg publisering. Vi treng nok meir forsking.

I lys av dette er det eit eksperiment i stor skala vi opplever når staten i sin arealnorm gir oss 23 kvadratmeter til rådvelde og dette no påverkar fleire og fleire forskarar.

Det er spesielt eitt av argumenta mot kontorlandskap som eg meiner har vorte for lite diskutert, og det er studentane og deira arbeidsformer.

Somme meiner at om høgskulelærarane blir flytta over i kontorlandskap så vil det også gå ut over undervisninga – eller i alle fall rettleiinga til studentane. Ja, er det verkeleg slik? Ein ting er at dette dessverre kan bli ein sjølvoppfyllande profeti, sjølv om eg ikkje trur at nokon med vilje vil gje dårlegare undervisning eller rettleiing som protest mot aktivitetsbaserte arbeidsplassar.

Men eg trur ein meir spennande måte å tenkje på er å sjå studentanes arbeidsmåtar i dag. Det gir eit frampeik på korleis akademisk arbeid blir i framtida. Og studentane viser at læring og kunnskapsproduksjon i framtida vil ikkje berre skje i einsemd på cellekontor.

Kritikarane av kontorlandskap hevdar at konsentrasjonskrevande arbeid berre kan gi resultat i stille cellekontor. Ein konsekvens av dette synet er at då burde ein ikkje berre kjempe for cellekontor til seg sjølv, men også til alle studentar. Men er det einsam lesing studentane faktisk ønskjer seg eller oppsøkjer?

Høgskular og universitet har alltid tilbydd studentar i form av arbeidsplassar i lesesalar og i bibliotek. Men alle som har vore innom ein lesesal eller eit bibliotek i dag ser at studentane ikkje er på lesesal, og er dei på biblioteket er dei i alle fall ikkje heilt stille, men arbeider i grupper.

Både i Volda og andre stader er lesesalane så lite brukte at dei blir bygde om, og i staden brukte til grupperom. Denne utviklinga ser vi i Volda og hos dei andre høgskulane og universiteta på Vestlandet, og heilt sikkert på andre studiestader også.

Studentane ønskjer altså å lese, lære og diskutere – i lag med pc-en sin og andre studentar. Både over bordet og over nett. Vi må sjølvsagt ta atterhald om at dei studentane vi ikkje ser kanskje sit på hybelen og les, men det burde vi nok finne ut meir om. Også her trengst det meir forsking.

Korleis lærer forskarar? Vi ser vel akkurat same tendensen som hos studentar: Organisering i forskingsgrupper. Formidling i interne seminar og i faglege diskusjonar. Presentasjon og diskusjon på Forskingsdagane. Bibliotektråling. Deltaking i internasjonale konferansar. Kor mykje tid blir eigentleg brukt til å sette seg ned og lese ei heil bok?
Tillegg, 27.04.: Altfor lite. Vi burde alle lese meir bøker.

Høgskulen vil i 2020 opne nybygget som har arbeidsnamnet «Sivert Aarflot-huset». Det er i all hovudsak Avdeling for mediefag som skal nytte huset til undervisning og forsking, og det ligg dermed svært godt til rette for at studentar og tilsette kan samarbeide endå nærare og tettare enn før.

Praksisnærleik er eit mantra for medieutdanningane, og for mediefaga er kontorlandskap nokså likt arbeidsmiljøet studentane  vil møte ute i den såkalla verkelege verda, i arbeidslivet, i praksisfeltet.

Mediehus 2020 er eit svært viktig prosjekt for Høgskulen i Volda for dei neste 50 åra, eller meir. Eg er sikker på at leverandørane som no arbeider med framlegg til løysing av oppdraget kjenner godt til argumenta, ønskja og krava også frå dei som ønskjer cellekontor.

I Sunnmørsposten 26. april 2018 gjekk leiar i Forskarforbundet Erling Sivertsen ut og var bekymra over kva aktivitetsbaserte arbeidsplassar kan føre til av problem for arbeidsmiljøet.

Tilsette kan bli sjuke (Sunnmørsposten 26.4.2018)

Det er bra tilsette og tillitsvalde engasjerer seg i dette spørsmålet, og eg er sikker på at dei vil bli høyrt. Det nye mediehuset kjem heilt sikkert til å ha både cellekontor og aktivitetsbsserte arbeidsplassar.

Sivertsen er ein av 8 tilsette på HVO som har signert på eit opprop mot aktivitetsbaserte arbeidsplassar. Med ca 350 tilsette på Høgskulen i Volda så er det førebels ikkje veldig mange som deler Sivertsens uro i så stor grad at dei signerer på oppropet.

Det er ved nybygg eller større ombyggingar dette spørsmålet blir aktuelt, så for dei fleste i sektoren er dette lite aktuelt i dag.

I NRK Brennpunkt sa rektor Gunnar Bovim ved NTNU at han ville prøve å få meir enn 23 kvadratmeter pr tilsett på nye NTNU.  Eg tvilar eg sterkt på at arealnormen vil bli endra raskt for å gje berre forskarar meir plass. Og vi må i så fall heilt sikkert betale meirkostnaden sjølv.

Derimot trur eg det er svært viktig å forske på ulike arbeidsformer i forsking, på samanhengane mellom fysisk og psykososialt arbeidsmiljø, på korleis digitalisering kan gje betre kvalitet på forsking og undervisning og det samla arbeidsmiljøet. Og då er det faktisk viktig at vi har ulike typer av arbeidsplassar slik at det er noko å forske på.

Då vil det også vere naturleg å forske på negative sider ved dagens cellekontor. Så lenge nesten alle UH-tilsette i dag sit i cellekontor, så kan det hende cellekontor er ei medverkande årsak til det som måtte finnast av dagens arbeidsmiljø- og produktivitetsproblem. Truleg vil nytilsette lettare bli kjent med arbeidsplassen sin om alle sit i landskap. Slike spørsmål må også undersøkast nærare.

Hausten 2018 vil høgskulen starte eit nytt campusutviklingsprosjekt. Det vil vere naturleg at dette prosjektet også vurderer framtidig utforming av arbeidsplassar til tilsette.

Telefonkiosk 2018?

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

7 kommentarer til «Framtidas arbeidsplassar? Spør studentane»

  1. Svar til Kjetil:
    Det står rimeleg tydeleg i innlegget at det vil bli eit mangfald av arbeidsplassar i Sivert-huset.
    Og det står om att og om att at det trengst meir forsking – og dermed at kunnskapen er usikker.
    Det er difor litt tidleg å vere skråsikker på kva som er rett i denne diskusjonen.
    Men vi må verkeleg alltid vere opne for å lære av studentar – og andre. Det reknar eg med du eigentleg er samd i.

    1. Johann, i denne omgang kritiserer jeg prosessen og tar ikke stilling til hva som er rett i denne diskusjonen. Jeg ønsker all fremtidig forskning velkommen og en påfølgende implementering av de mest effektive løsningene. Og ja, hele livet mitt består av å lære av andre, men helst gjennom metoder og erfaringer jeg setter min lit til og som jeg kan forsvare.

    2. Hei Johann,
      Det er selvsagt slik at ingen kan vite at det ikke finnes en kontorløsning som er bedre enn den vi har i dag. Dette er likevel et svært dårlig argument for å se vekk fra de mest relevante erfaringene og forskningen på feltet. Beslutninger om så viktige og langtrekkende beslutninger burde være nøkterne og risikoaverse, ikke spekulative og basert på ønsketenkning.

      Med ytterst få unntak unngår man å bygge bruer med uprøvd teknologi, ut fra en logikk om at man kan ikke vite ta den ikke faller ned.

      Jeg pleier ikke å signere opprop, men gjorde ett unntak i dette tilfelle fordi saken har så stor betydning. Jeg registrerer at vi åtte som hadde signert oppropet mot kontorlandskap før blogginnlegget ditt, på kort tid har fått selskap av nesten 70 kollegaer. Det hadde vært å håpe på høyskolens øverste faglige leder tok våre velbegrunnede bekymringer på alvor.

      God helg!
      Vennlig hilsen Lars J. Halvorsen, AMF

  2. Kjære Johann,

    Det er fullt mulig å drive konsentrasjonskrevende arbeid, som forskning, i landskap, skriver du. Ja vel, det kan du mene. Hvordan du underbygger argumentet er mer interessant. La oss ta det bit for bit:

    For det første skriver du at det er lite erfaring med «landskapsliknande arbeidsplassar» på høgskoler og universitet i Norge. Man skal imidlertid ikke lenger enn til Sverige for å finne eksempler på at det har fungert dårlig. Niagara-bygget ved høgskolen i Malmø kostet 750 millioner kroner å bygge, og skulle være et eksempel på et bygg som representerte ”møteplasser, kommunikasjon, åpenhet, fleksibilitet og innovasjon”. Problemet var bare at flere av de ansatte ikke klarte å gjøre jobben sin der. Etter innflyttingen ble andelen ansatte som valgte å jobbe hjemme tre eller flere dager i uken nesten doblet. Nå må Høgskolen bygge om. Det finnes dessuten mye forskning på fenomenet, basert på land utenfor Norge, som viser at landskap fører til lavere produktivitet og økt sykefravær. Det er liten grunn til å tro at det er lettere å drive konsentrasjonskrevende arbeid i Norge enn i utlandet.

    Ditt neste argument er at kontorlandskap er det normale i privat sektor. Statsbygg brukte det samme argumentet da de møtte ansatte og ledelse for å planlegge det nye Mediebygget i Volda. Det første vi fikk se var en illustrasjon av kontorlandskapet til Lufthansa, der en ensom person på cellekontor dannet kontrasten til en gjeng glade mennesker i landskapet utenfor. Problemet er bare at mye av arbeidet i privat sektor, som kundebehandlingen til Lufthansa, ikke kan sammenliknes med arbeidet en høgskoleansatt utfører. Jeg har selv jobbet i åpent landskap i ti år som journalist og vaktsjef. Det fungerte helt greit. Jeg satt også i landskap som Visiting Scholar i USA. Det var vanskelig. Å lese og skrive akademiske artikler krever en helt annet konsentrasjon. Du skriver: «Eg trur dei fleste har vanskeleg for å akseptere at det berre er forskarar i offentleg sektor som driv konsentrasjonskrevande arbeid og difor må ha cellekontor heile tida.» Det er sikkert flere yrkesgrupper som trenger ro og konsentrasjon. Det er imidlertid ikke et argument for å ta universitets- og høgskoleansatte en ramme som fungerer.

    Hovedargumentet ditt er studentene og hvordan de jobber. Hvordan de jobber i dag «gir eit frampeik på korleis akademisk arbeid blir i framtida». De jobber i grupper og leser lite (i alle fall på biblioteket). Det stemmer sikkert. Jeg jobbet selv slik som student, og fikk mye ut av det. Men den måten å jobbe på ville neppe gjort meg i stand til å fullføre doktorgraden min. Ja, samarbeid er viktig. Men det er også fordypning. Ut fra egen erfaring som student, samt et tiår med sensurering, er jeg glad for at universitets- og høgskoleansatte ikke alltid jobber på samme måte som studenter.

    Både når det gjelder studenter og næringsliv velger du med andre ord å sammenlikne epler og pærer. Å være student eller kundekonsulent er ikke det samme som å være førsteamanuensis. Å sammenlikne utenlandske epler med norske, vil du av en eller annen grunn ikke. Det samme gjelder Statsbygg. Jeg synes det mest oppsiktsvekkende med Brennpunkts dokumentar er at ingen fra Statsbygg ville la seg intervjue. Statsbygg kunne heller ikke gi eksempler på at kontorlandskap ved høgskoler eller universitet som har fungert. De oppga imidlertid navnet på noen forskere som hadde stilt seg positive til landskap. Ved nærmere ettersyn var ikke positiviteten så entydig likevel.

    Både ditt innlegg, Statsbyggs argumenter og Kommunal- og moderniseringsdepartementets uttalelser ser ut til å basere seg på meninger – ikke fakta. Hvorfor ikke legge vekt på den forskningen som tross alt finnes? Hvorfor ikke høre på de ansatte, som tross alt kjenner sin arbeidsdag best? Ved Avdeling for mediefag, som skal inn i det nye Mediehuset ved Høgskolen i Volda, svarte 39 av 50 ansatte på en spørreundersøkelse i juni 2017. 64 prosent sa de foretrakk eget kontor. Én tredjedel, 31 prosent, ønsket seg aktive arbeidsplasser med større fellesareal. Arbeidsgruppa som stod bak undersøkelsen gikk inn for at de ansatte selv kunne velge arbeidsplassutforming. De som ønsket kontor, burde få kontor. De som ønsket å sitte i landskap, burde få lov til det. Etter denne og flere andre undersøkelser, samt en rekke «Workshops» der ansatte, Statsbygg og Høgskoleledelsen jobbet sammen om utformingen av arbeidsplasser – ble det i anbudsdokumentene for det nye mediehuset bare lagt opp til 15 cellekontor.

    Jeg har i dag signert oppropet mot aktivitetsbaserte arbeidsplasser i høyere utdanning. Dermed blir jeg sannsynligvis stemplet som lite framtidsorient. Det er helt greit for meg, dersom framtida betyr å sette egne overbevisninger over dokumenterte erfaringer, samt å sammenlikne Høgskolen med Lufthansa.

    Vh Gunhild, Avdeling for mediefag

    1. Johann:
      Kjære Gunhild!
      Du har eit grundig og analytisk innlegg som fortener eit skikkeleg svar. Det har eg prøvd å gi nedanfor ved å kopiere innlegget ditt og klippe inn svara mine på punkta du tek opp.

      Eg likar ikkje å bli tatt til inntekt for ei skråsikker haldning i retning av at aktivitetsbaserte arbeidsplassar er himmelen. Tvert i mot skriv eg om att og om att i blogginnlegget at vi manglar sikker kunnskap og at det trengst meir forsking.

      Men det er vanskeleg å føre kampen om kvadratmetrane på heimebane. Vi merkar konsekvensane lokalt – men rammene – spelereglane er bestemt nasjonalt.

      Sagt på ein annan måte: Om Høgskulen i Volda skulle finne på å vedta at alle dei 50 tilsette på AMF skal ha cellekontor, så får vi ikkje bygd huset. Prosjektet kjem i retur, slik det skjedde på Høgskulen på Vestlandet.

      ***

      Kjære Johann,

      Det er fullt mulig å drive konsentrasjonskrevende arbeid, som forskning, i landskap, skriver du. Ja vel, det kan du mene. Hvordan du underbygger argumentet er mer interessant. La oss ta det bit for bit:

      For det første skriver du at det er lite erfaring med «landskapsliknande arbeidsplassar» på høgskoler og universitet i Norge. Man skal imidlertid ikke lenger enn til Sverige for å finne eksempler på at det har fungert dårlig. Niagara-bygget ved høgskolen i Malmø kostet 750 millioner kroner å bygge, og skulle være et eksempel på et bygg som representerte ”møteplasser, kommunikasjon, åpenhet, fleksibilitet og innovasjon”. Problemet var bare at flere av de ansatte ikke klarte å gjøre jobben sin der. Etter innflyttingen ble andelen ansatte som valgte å jobbe hjemme tre eller flere dager i uken nesten doblet. Nå må Høgskolen bygge om. Det finnes dessuten mye forskning på fenomenet, basert på land utenfor Norge, som viser at landskap fører til lavere produktivitet og økt sykefravær. Det er liten grunn til å tro at det er lettere å drive konsentrasjonskrevende arbeid i Norge enn i utlandet.

      Svar:
      Universitetsbygget Niagara i Malmø har vorte eit slags kronvitne i den norske debatten. Aktivitetsbasert fungerer ikkje! Det kan hende det er rett. Og nettopp derfor har eg for nokre veker sidan avtalt med leiinga i Malmø at eg skal få besøke Niagara i mai for å få vurderingar frå dei som arbeider med og i huset på kva som har skjedd – og kvifor. Men Niagara er eit kasus, eit case. Som bør bli forska på.
      I ein artikkel i Aftenposten i dag skriv psykologane Skjæveland og Thuen at deira forskingsgjennomgang tyder på at den fysiske utforminga av ein arbeidsplass berre er ein bit av det intrikate puslespelet eit arbeidsmiljø utgjer. Og at aktivitetsbaserte arbeidsplassar faktisk kan fungere.
      https://www.aftenposten.no/meninger/kronikk/i/zLP2q1/Cellekontor-eller-kontorlandskap-Dette-sier-forskningen-om-hva-som-er-best–Oddvar-Skjaveland-og-Frode-Thuen

      ***
      Gunhild:
      Ditt neste argument er at kontorlandskap er det normale i privat sektor. Statsbygg brukte det samme argumentet da de møtte ansatte og ledelse for å planlegge det nye Mediebygget i Volda. Det første vi fikk se var en illustrasjon av kontorlandskapet til Lufthansa, der en ensom person på cellekontor dannet kontrasten til en gjeng glade mennesker i landskapet utenfor. Problemet er bare at mye av arbeidet i privat sektor, som kundebehandlingen til Lufthansa, ikke kan sammenliknes med arbeidet en høgskoleansatt utfører. Jeg har selv jobbet i åpent landskap i ti år som journalist og vaktsjef. Det fungerte helt greit. Jeg satt også i landskap som Visiting Scholar i USA. Det var vanskelig. Å lese og skrive akademiske artikler krever en helt annet konsentrasjon. Du skriver: «Eg trur dei fleste har vanskeleg for å akseptere at det berre er forskarar i offentleg sektor som driv konsentrasjonskrevande arbeid og difor må ha cellekontor heile tida.» Det er sikkert flere yrkesgrupper som trenger ro og konsentrasjon. Det er imidlertid ikke et argument for å ta universitets- og høgskoleansatte en ramme som fungerer.

      Johann:
      Ingen er usamd i at forskarar i ein analyse og skrivefase av eit prosjekt faktisk treng å få arbeide uforstyrra. Derfor så bør det vere passande rom for dette både i det nye mediehuset og i alle andre hus der forskarar skal arbeide med forsking. Men ingen av oss forskar heile tida eller driv heile tida eller eit heilt yrkesliv berre med djupt konsentrasjonskrevjande arbeid.

      ***
      Gunhild:
      Hovedargumentet ditt er studentene og hvordan de jobber. Hvordan de jobber i dag «gir eit frampeik på korleis akademisk arbeid blir i framtida». De jobber i grupper og leser lite (i alle fall på biblioteket). Det stemmer sikkert. Jeg jobbet selv slik som student, og fikk mye ut av det. Men den måten å jobbe på ville neppe gjort meg i stand til å fullføre doktorgraden min. Ja, samarbeid er viktig. Men det er også fordypning. Ut fra egen erfaring som student, samt et tiår med sensurering, er jeg glad for at universitets- og høgskoleansatte ikke alltid jobber på samme måte som studenter.

      Johann:
      Generasjonen av studentar av i dag har alltid arbeidd på (berbar) PC og dei kjem til å gjere det på andre måtar enn oss som har eit meir tillært forhold til PC, smartmobil og internett. Eg hugsar framleis kor rart eg tykte det var første gongen ein student brukte mobilen som notatblokk. Det hadde eg aldri tenkt på. Etterkvart har eg kopiert studentens arbeidsmåte akkurat på det området.

      Du formulerer deg slik at det virkar å vere eit motsetningsforhold mellom samarbeid og fordjuping. Det bør du utjdupe eller avklare. Mi erfaring at det er ved å dele tankar og bryne motsetningar at ein lærer mest. Til dømes i diskusjon med rettleiar, i grupper av studentar eller i møte med andre forskarar. Såkalla skrivegrupper kan fungere på veldig mange ulike måtar, men er eit døme på at sjølv midt i skrivinga kan ein få utbytte av å samarbeide med andre. Også for phd-arbeidande.

      ***

      Gunhild:
      Både når det gjelder studenter og næringsliv velger du med andre ord å sammenlikne epler og pærer. Å være student eller kundekonsulent er ikke det samme som å være førsteamanuensis. Å sammenlikne utenlandske epler med norske, vil du av en eller annen grunn ikke. Det samme gjelder Statsbygg. Jeg synes det mest oppsiktsvekkende med Brennpunkts dokumentar er at ingen fra Statsbygg ville la seg intervjue. Statsbygg kunne heller ikke gi eksempler på at kontorlandskap ved høgskoler eller universitet som har fungert. De oppga imidlertid navnet på noen forskere som hadde stilt seg positive til landskap. Ved nærmere ettersyn var ikke positiviteten så entydig likevel.

      Johann:
      Statsbygg burde verkeleg vore på banen i dette programmet. Eg ventar at dei kjem tilbake til dette spørsmålet i mange samanhengar.

      ***
      Gunhild:
      Både ditt innlegg, Statsbyggs argumenter og Kommunal- og moderniseringsdepartementets uttalelser ser ut til å basere seg på meninger – ikke fakta. Hvorfor ikke legge vekt på den forskningen som tross alt finnes? Hvorfor ikke høre på de ansatte, som tross alt kjenner sin arbeidsdag best? Ved Avdeling for mediefag, som skal inn i det nye Mediehuset ved Høgskolen i Volda, svarte 39 av 50 ansatte på en spørreundersøkelse i juni 2017. 64 prosent sa de foretrakk eget kontor. Én tredjedel, 31 prosent, ønsket seg aktive arbeidsplasser med større fellesareal. Arbeidsgruppa som stod bak undersøkelsen gikk inn for at de ansatte selv kunne velge arbeidsplassutforming. De som ønsket kontor, burde få kontor. De som ønsket å sitte i landskap, burde få lov til det. Etter denne og flere andre undersøkelser, samt en rekke «Workshops» der ansatte, Statsbygg og Høgskoleledelsen jobbet sammen om utformingen av arbeidsplasser – ble det i anbudsdokumentene for det nye mediehuset bare lagt opp til 15 cellekontor.

      Johann:
      Psykologane Skjæveland og Thuen har i ein artikkel i Aftenposten (26.04.2018!) kome med førebelse forskingsresultat om desse spørsmåla. Dei skriv blant anna: «Majoriteten [av tilsette] foretrekker den kontorløsning de har, uansett løsning, og tilfredsheten har en tendens til å øke som funksjon av tiden de har hatt løsningen.»

      ***
      Gunhild:
      Jeg har i dag signert oppropet mot aktivitetsbaserte arbeidsplasser i høyere utdanning. Dermed blir jeg sannsynligvis stemplet som lite framtidsorient. Det er helt greit for meg, dersom framtida betyr å sette egne overbevisninger over dokumenterte erfaringer, samt å sammenlikne Høgskolen med Lufthansa.

      Vh Gunhild, Avdeling for mediefag

      Johann:
      Vi skal ha det høgt under taket ved Høgskulen i Volda og kan ikkje gå rundt å stemple kvarandre. Eg har heller ikkje inntrykk av at det er slik. Det betyr ikkje at vi alltid er eller blir samde.

      Men nokon må ta beslutningar. Prosjekt må gå vidare. Anten det no er Næravisa som skal trykkast, karakterar settast eller hus skal byggast.

  3. Normalt er man vant til å ha en ledelse som jobber sammen med de ansatte om best mulig løsninger innenfor gitte rammer. I denne saken er det mange som føler det motsatte. De ansatte på Avdeling for mediefag har forsøkt i lang tid å komme med innspill, men dette har blitt redusert til få muligheter på få styrte arenaer. Det er trist når man ikke klarer å glede seg over å få et nytt bygg og i tillegg føler man ikke har egen ledelse på sitt eget lag. Vi vet at mange jobber hardt for å få til gode løsninger, men prosessen med å involvere de ansatte føles ikke tilfredsstillende. Blogginnlegget til Roppen bekrefter delvis dette og er vanskelig å tolke på andre måter enn at de ansatte tar feil og at vi heller bør lære av studentene og andre om hvordan vi er mest effektive i arbeidet vi bedriver til daglig. Dette er den viktigste saken for svært mange av de ansatte for øyeblikket -mens vi burde brukt tiden på å utvikle faglig samarbeid i forskning og undervisning i en ny avdelingsstruktur. Denne misnøyen burde ledelsen ha identifisert tidligere ved å høre på hva de ansatte sier og løst på en helt annen måte. Kanskje hadde ledelsen blitt nødt til å ta tak i problemet dersom vi hadde delt kontor? -De hadde hvert fall overhørt diskusjonene.

Legg igjen en kommentar