Helsing til doktorand Gunhild Ring Olsen

Nydisputert HVO-tilsett: Gunhild Ring Olsen.

Helsing til Gunhild Ring Olsen under doktorandmiddagen etter gjennomført disputas ved Universitetet i Bergen, 9. mars 2018:

Karin Wahl Jørgensen said during the dissertation that she was sure everybody was happy that she changed from Danish to English. I’ll make everybody happy by changing from English to Norwegian!

Omtale av disputasen på HVOs nettsider.

Vi på Høgskulen i Volda vil gratulere deg så mykje med vel gjennomført stipendiatperiode, disputas – og snart får du doktortittelen! Vi er stolte og glade over den gode disputasen du leverte i dag.

Denne helsinga framfører eg på vegne av studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda, for dekan og avdeling. Det er mange som føler at du har gjort noko dei kan vere stolte av og kan fortelje om, fordi dei er tilknytte Høgskulen i Volda.

Det er spesielt kjekt at årets første disputas ved Høgskulen i Volda skjer ved vår nære samarbeidspart Universitetet i Bergen. Det skjer på medieområdet, som er viktig for begge institusjonane. Og ikkje minst er det kjekt at det skjer NESTEN på kvinnedagen!

Høgskulen i Volda har i klart flest kvinnelege studentar, avdeling for mediefag har for kvinneleg dekan og no har Gunhild disputert!

Gunhild kom til Volda rett frå desken i Akersgata, og hoppa rett inn i journalistisk praksis og rettleiing av studentar. Medieutdanningane ved Høgskulen i Volda har alltid vore svært praktisk orienterte og utdanningane blir betre når det kjem lærarar med fersk bransjeerfaring.

Vår praksisorientering betyr at studentane skal arbeide mykje med medieproduksjonar internt på høgskulen – og også ute i bransjen som ein del av studiet. Det er altså nokre likskapar mellom vår modell i Volda og dei modellane som Gunhild Ring Olsen har studert i USA.

Men dei som tek turen til våre redaksjonar for radio, fjernsyn, video, animasjon, nettavis og andre arbeidsrom i Volda akkurat no i desse dagar vil møte hektisk aktivitet – kanskje endå meir enn ein får inntrykk av ved å sjå på nettsidene våre.

Men så valde altså Gunhild å ta fatt på ein doktorgrad om akkurat det ho møtte i kvardagen som lærar: Kva rolle skal institusjonar for høgre utdanning ha i den nye medieverda. Det er fantastisk at eit så godt doktorgradsprosjekt kan ha så nær kopling til undervisningskvardagen!

Under disputasen vart det fleire gonger diskutert forholdet mellom teori og praksis, mellom journalistikk og forsking, om skilnader mellom ulike typer kunnskap og at intervjuet har litt ulik rolle som arbeidsreiskap for journalistar og forskarar.

Og i dag har vi fått svar på eit spørsmål som vart stilt i ei hovudoppgåve ved Universitetet i Bergen 1996. Dette var ei hovudoppgåve som Wenche Nag skreiv, og ho hadde no gjort litt av den same observasjonen som Gunhild Ring Olsen: At det ikkje alltid er slik at journalistar ser poenget med det forskarar gjer. Og forskarar tykkjer gjerne journalistar er overflatiske.

Men kva var så spørsmålet vi fekk svar på i dag? Wenche Nags hovudoppgåve hadde tittelen: Medieforskningens «Hvem vet best? en studie av møtet mellom Akademia og Pressen.

Og i dag trur eg vi veit svaret. Dagens doktorand er både journalist og medieforskar! Så då blir svaret:

Det er Gunhild Ring Olsen som veit best!

 

 

Stipendiatar og andre HVO-tilsette på disputas.

 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar