Denne aviskommentaren stod på trykk i Sunnmørsposten og Tidens Krav 21. desember 2016. Kommentaren er i denne bloggen oppdatert med vedtak i Stortinget om Høgskulesenteret i Kristiansund – sjå nederst.
Per Vidar Kjølmoen i Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal har i eit lesarinnlegg i ei rekkje lokalaviser i fylket fortalt om Fylkestinget i Møre og Romsdal sitt vedtak om å bruke 4 millionar kroner til planlegging av Campus Kristiansund i samarbeid med høgskulane i Volda og Molde.
Det var stort fleirtal for dette i Fylkestinget i Møre og Romsdal, men avisene har etter det eg kan sjå ikkje skrive noko om kva som vart sagt i debatten. Så kva politikarane har lagt vekt på og korleis eit Campus Kristiansund skal utviklast er ukjent for dei fleste. Men Høgskulen i Volda blir gjerne med på å diskutere korleis ein kan arbeide for å nå dette målet, og om Møre og Romsdal blir ein eigen region så kan interessa for forsking og høgare utdanning gi ein ny giv for arbeidsliv og næringsliv.
Ein liten brikke i dette samarbeidet kan vere at forskingsmiljøa i fylket legg eit felles arrangement under Forskingsdagane i september 2017 til Kristiansund.
Fylkesstatistikken viser at utdanningsnivået i Kristiansund og på Nordmøre er noko lågare enn i resten av fylket. Særleg er det stor skilnad i utdanningsnivå mellom Kristiansund og dei tre andre stadene som har høgre utdanningsinstitusjonar og sjukehus: Molde, Ålesund og Volda. Det er heilt klart ei regionalpolitisk utfordring å finne løysingar på dette problemet, og ei forklaring er nok at det ikkje har vore ein høgskule i Kristiansund. Fylkespolitikarane syner regional utviklingsvilje når dei løyver 4 millionar kroner til føremålet. Tidlegare har også Kunnskapsdepartementet gjeve årlege løyvingar til Høgskolesenteret i Kristiansund. Spørsmålet er: Korleis få mest muleg ut av desse løyvingane og korleis ein skal samarbeide?
Sett frå Høgskulen i Volda er det utfordrande å finne gode samarbeidsmodellar som kan bidra til at det blir bygd ut eit campus Kristiansund. For fleire år sidan dreiv Høgskulen i Volda undervisning ved Høgskolesenteret i Kristiansund og sende då lærarar til Kristiansund for å gjennomføre undervisning i lærarutdanningar. Røynslene både frå Kristiansund og andre stader var at det var vanskeleg å drive undervisning og å utvikle eit studiemiljø når det ikkje var jamn, dagleg aktivitet på staden.
Det er truleg nødvendig å utvikle eit campus Kristiansund med eigne undervisningstilbod for å få kontinuitet og vekst.
Kva slags studietilbod som kan vere aktuelt å utvikle og tilby har det vorte arbeidd med i fleire år. Høgskolen i Molde har drive fleire studium i Kristiansund, men fylkestinget ønskjer seg meir og ein får tru breiare aktivitet. Det er ikkje godt å seie kva studietilbod som er lurast å starte med. Sjølv trur eg det er lurt å ha studium både for privat næringsliv og for offentleg verksemd.
Volda og Ørsta er med sine ca 20.000 innbyggjarar litt mindre enn Kristiansund. Men i Volda har vi hatt studietilbod i høgare utdanning sidan 1861. Denne lange historia er ein viktig grunn til at vesle Volda er og har vore den den største studiestaden i Møre og Romsdal. Dei siste åra har vi hatt mellom 3.600-4.000 studentar og eit nasjonalt attraktivt studentmiljø. Vi tilbyr ca 20 bachelorutdanningar, 6 masterutdanningar og eit phd-studium i helse- og sosialfag i samarbeid med Høgskolen i Molde. Våre viktigaste fagområde er lærarutdanningar og skulefag, sosialfag, medie- og kulturfag og planlegging og administrasjon.
Frå hausten 2017 tilbyr vi ei heilt ny femårige grunnskulelærarutdanning med masterfaga spesialpedagogikk, norsk, matematikk, engelsk og samfunnsfag. Vi er blant dei tre første høgskulane i landet som har fått akkreditert femårig grunnskulelærarutdanning – og det er eit kvalitetsstempel som vi er svært stolte av å ha fått. Det er langsiktig, hardt arbeid som krevst for å byggje opp gode studietilbod i høgare utdanning. Alle som arbeider for høgskuleutdanning i Kristiansund veit nok dette, men det kan vere greitt å minne fylkespolitikarane om at ein må vere skodd for eit maratonløp.
Studentane og arbeidsmåtane er i endring. Er det framleis behov for tradisjonelle høgskular med sine bibliotek og auditorium? Mange av studentane i Volda ser vi berre på nett, og mange kjem frå Nordmøre. Faktisk er vi blant høgskulane som har størst andel studentar på nett. Men dei klart fleste studentane ved Høgskulen i Volda bur i Volda eller dagpendlar hit. Studietilboda i Volda og på internett er begge viktige og nødvendige for oss som høgskule og for at vi skal kunne oppfylle vårt samfunnsoppdrag. Det går ut på å gje undervisning av høg kvalitet som er lett tilgjengeleg og viktig for utviklinga av samfunnet. Spesielt i vår region. Vel halvparten av våre studentar kjem frå Møre og Romsdal, men mange kjem også frå Sogn og Fjordane. Ved at ungdom kan ta utdanning i regionen er vi med på å gjere regionen meir attraktiv – både for ungdom som har vokse opp her, men også for ungdom frå andre stader i landet som er nyfikne på kva vi har å tilby.
Det høyrer med eit varsko i dette bildet. Høgskulane i Molde og Volda har i mange år hatt for dårleg statleg finansiering og treng all muleg hjelp og støtte frå politikarane i fylket for å holde på si stilling og å utvikle seg vidare. Det er kamp om knappe ressursar både i fylket og nasjonalt. Om det blir foreslått å bygge opp aktivitet i Kristiansund på ein måte som går ut over dei etablerte studiestadene er det svært problematisk. Både Volda, Ålesund og Molde er i nasjonal samanheng mindre studiestader som først og fremst må konkurrere mot studietilbod som også finst i dei største byane: Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Tromsø. Ein ungdom frå Møre og Romsdal som ikkje finn sitt drøymestudium i regionen vil nesten alltid finne eit alternativt studium i ein av dei store byane. Og då syner all røynsle at det er langt færre som flyttar tilbake til sin region, sitt fylke, sin heimstad. Dårlegare tilbod på eksisterande studiestader vil neppe føre til at fleire studentar blir igjen i regionen – heller tvert i mot.
Det er altså kjempebra om det er muleg å byggje opp meir høgskuleaktivitet i Kristiansund. Men det må ikkje gå ut over dei etablerte studiestadene.
Og så må vi bu oss på at det er eit maratonløp.
Oppdatering:
Eit fleirtal på Stortinget (alle partia utanom Høgre og Framstegspartiet) har vedtatt følgjande:
«F l e r t a l l e t er kjent med at det pågår en strategiprosess ved Høgskolesenteret i Kristiansund for å avklare en framtidig modell for det høyere utdanningstilbudet på Nordmøre. F l e r t a l l e t ber Kunnskapsdepartementet komme tilbake med en vurdering av hvordan et langsiktig og robust tilbud om høyere utdanning i Kristiansund kan utvikles i samarbeid med eksisterende høgskoler eller universitet, og hvordan et forprosjekt med dette formål best bør organiseres og finansieres.»
Hei,
må medgi at jeg ikke har fått med meg denne bloggen eller avisinnlegget før nå. Beklager derfor et såpass seint svar.
Først må jeg si at jeg er glad for at HVO viser vilje til å være med på å få realisert Campus Kristiansund. En vellykket etablering i Kristiansund er helt avhengig av at det finnes eksisterende utdanningsintistusjoner som har vilje til å skape et godt tilbud, og da spiller selvfølgelig det største høyskolemiljøet i fylket en nøkkelrolle.
Så reiser du en mulig bekymring om at dette kan ende som et slags nullsumspill, der satsing i Kristiansund går på bekostning av finansiering av eksisterende høyskoletilbud i fylket.
Dette vil i så fall være politisk utfordring for Møre og Romsdal, og som jeg tror det vil være mulig å løse med et godt, tverrpolitisk samarbeid.
Min bekymring er nok størst for at HVO og HiM, som ikke helt har svart ut eierens ambisjoner i strukturreformen, i utgangspunktet kan være noe dårlig posisjonert for å sikre tilfredsstillende finansiering i årene som kommer.
Om vi som klarer å samle kreftene i fylket til å løse regionale utfordringer, er det i seg selv et politisk argument som kan brukes for å sikre gode rammebetingelser både for HVO og andre.
For Møre og Romsdal utgjør høyskolesektoren ett av de viktigste virkemidlene for regional utvikling som vi har. Det forplikter både høyskolene selv og vi som er folkevalgte i fylket.