Vi er i ferd med å legge bak oss 2016. Det viktigaste stikkordet for Høgskulen i Volda i 2016 kunne kanskje vore strukturprosess. Men framfor alt meiner eg akkreditering var årets ord i 2016.
Strukturprosessen – men særleg akkreditering av grunnskulelærarutdanningane har gjeve mange på høgskulen mykje ekstraarbeid. Resultatet har så langt vore at vi får halde fram mest som før: Som sjølvstendig høgskule med gode grunnskulelærarutdanningar – og mange andre spennande fagtilbod.
2016 hadde nok bydd på svært mykje større utfordringar og vanskelege val om både strukturprosess og akkreditering hadde gjeve eit anna utfall.
Strukturprosessen går vidare inn i 2017 og inn i den komande strategiperioden. Vi skal starte opp og levere resultat på dei nye grunnskulelærarutdanningane. Begge deler stiller oss overfor store utfordringar.
Men 2017 vil bli eit rikt og mangfaldig år! Det er ikkje småtteri av spennande oppgåver som står i kø. Dei mange oppgåvene vil påverke alle tilsette og studentar i større og mindre grad. Men mange av oppgåvene er skikkeleg spennande og gjev etterlengta oppgraderingar – så vi bør vente oss eit skikkeleg kvalitetsløft i løpet av året. Men som vi veit: Omorganiseringar og ny teknologi treng slett ikkje vere berre sol og glede og framsteg – ein må rekne med gråversdagar også.
Her er mi liste over ting som skal skje i 2017. Lista er ikkje i prioritert rekkjefølgja eller sortert etter omfang – og eg er sikker på at det også finst fleire andre prosjekt eller prosessar som også burde stått på ei slik liste:
- Ny strategiplan skal opp på styremøtet i januar og gje prioriteringar for dei neste åra. Der vil det stå viktige ord om satsingsområde, om avdelingsstruktur om forskingsgrupper. Og om sjølvstende og fusjon.
- Strukturprosessen rullar vidare. Styret vurderer dette i lag med resten av strategien og alle tilsette og studentar bli inviterte med til å meine noko om dette i desember 2016 og januar 2017.
- Nye nettsider skal opp å stå våren 2017 og vil gje oss eit heilt nytt andlet for oss sjølve og omverda. Dei kjem ikkje på plass før etter 15. april.
- «Ny» Fronter må velgjast i 2017 – og det vil påverke arbeidsdagen og studiekvardagen til alle studentar og fagtilsette – og truleg også mange i administrative stillingar. Eg veit mange er glade for at Fronter skal få kvile – og håper at avløysaren blir ein kveik.
- Nytt system for pensumlister er i kjømda og kjem kanskje til hausten 2017. Det vil påverke kvardagen både til fagtilsette og mange administrativt tilsette.
- Planlegging av nytt mediehus vil gå heile året og alle avdelingane skal delta i arbeidet.
- Start av to nye grunnskulelærarutdanningar: Akkreditering var første steget – no skal studentar rekrutterast og gjevast ein god start – og der tre avdelingar skal løfte i lag.
- Akkreditering og start av engelskspråkleg mediemaster – saka ligg hos NOKUT – og når den blir akkreditert blir det vår første engelskspråklege grad – og blir ei spennande utfordring for dei to avdelingane som er involvert.
- Vurdering av fortsatt vald eller tilsett rektor – som styret har tinga og der tilsette blir inviterte til seminar 1. februar for å diskutere saka.
- Tilsetting av ny direktør – utlysinga kjem truleg på styremøtet i mars etter at styret har diskutert spørsmålet om vald eller tilsett rektor.
- Programevaluering av sosialarbeidarutdanningane.
- Evaluering av Høgskulen i Voldas kvalitetssystem: Etter NOKUTs vanlege rytme skal dette skje i 2017.
- Vurdering av framtida til idrettsbygget og symjehallen – Statsbygg kjem vonleg med ein rapport om kort tid – noko som vil vere særleg viktig for idrettsfaga og alle som har kroppsøving som ein del av undervsninga – og for studentvelferd i Volda.
- Volda Campus Arena: Det er store planar i nabolaget på ei tomt som vi trudde var sikra for vidare utbygging av Høgskulen. Kva blir konsekvensane for Høgskulen i Volda? Skal vi ha ei rolle i prosjektet?
- Det første store prosjektet for Studentsamskipnaden i Volda er inntil 120 nye bueiningar ved blokkene på Heltne. For studentsamskipnaden blir dette det største byggjeprosjektet i Volda på 20 år. Når dei nye bustadene er på plass vil også dei fem blokkene på Porse og Heltne bli renoverte og oppgraderte.
Så mi julehelsing til alle tilsette og studentar: Takk for eit godt 2016!
Vi kan alle gle oss til eit spennande, utfordrande 2017 som vil gjere Høgskulen i Volda til ein endå betre stad å lære, leve og oppleve!
God jul og godt nytt 2017!
Med helsing
Johann Roppen, rektor
Johann Roppen, rektor