Statsbudsjettet til regjeringa og samarbeidspartia Venstre og Kristeleg Folkeparti vil i sum truleg føre til litt betre budsjett for Høgskulen i Volda.
- Vi får truleg delvis kompensasjon for omlegging av finansieringsordninga – men ikkje fullt ut. Det blir kanskje ca 2 millionar kroner i 2017 samanlikna med budsjettframlegget frå regjeringa.
- Vi vil bli trekte ein million i effektivisering – som dei fleste andre statlege verksemder. Altså ein million mindre.
- Vi kan håpe på å få ei eller to stipendiatstillingar.
- Vi kan ikkje rekne med å sjå så mykje til nye studieplassar – dei skal gå til IT-utdanningar.
- Det er sett av meir pengar til bygging av fleire studentheimar – men om Studentsamskipnaden i Volda får det alt i 2017 er usikkert.
- Universitetet i Bergen og Høgskulen i Volda får ikkje løyving til (for)prosjektet digitalisering av Norsk ordbok. Her har Høgskulen i Volda søkt om midlar «utanfor ramma» for 2018 – altså auka løyvingar.
Kunnskapsdepartementet sitt budsjett for 2017 blir vedtatt av Stortinget 17. desember, men det meste blir nok klart i møtet i KUF-komiteen nokre dagar før.
PS: Det var svært gledeleg at Globalskulen i Volda har kome inn att på statsbudsjettet! Gratulerer!
PS2: Det har også vorte løyvt midlar til Vinjesenteret i Telemark, der Nynorsk kultursentrum har ei sentral rolle. Gratulerer! Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Nynorsk pressekontor og Nynorsk avissenter (Førde) fekk også midlar i ein «nynorskpakke» – men altså ikkje Norsk ordbok.
Les meir om statsbudsjettet for forsking og høgare utdanning:
- Her er statsbudsjettforliket for høyere utdanning og forskning (Khrono 3.12.2016).
- Aasen (Ap): — Dårlig politisk håndverk (Khrono, 5.12.2016).
- Budsjettforliket: Noen i UH-sektoren får litt mer, men alle får større kostnadskutt (Universitetsavisa, 4.12.2016).
- Khrono (6.12.2016): «Rektor Ottersen: Det verste budsjettet for UiO i min tid»