Korleis kan gjennomstrøyminga på masterutdanningane ved Høgskulen i Volda bli betre? Kunnskapsdepartementet har blant anna i etatstyringsbrevet peika på at det går seint for studentar ved Høgskulen i Volda å bli ferdig med masterutdanning.
Dette har eg omtala i eit par tidlegare innlegg i rektorbloggen:
- Tilstandsrapporten for høgare utdanning: Voldastudentane er best på fullføring av bachelor (2. mai 2016)
- Sommarhelsing frå Kunnskapsdepartementet (4. juli 2016)
Som eg skreiv i blogginnlegget i juli har vi starta arbeidet med å vurdere masterutdanningane, og på det komande møtet i Strategisk studienemnd 12. oktober 2016 legg arbeidsgruppa fram sin første rapport. Arbeidsgruppa har vore samansett av:
- Gunnvor Bakke (ASH)
- Hilde Gry Leer-Salvesen (IT)
- Carien Lærum (Studieadministrasjonen)
- Ragnhild Hamre (Studieadministrasjonen)
Her er lenkje til Strategisk studienemnd sine nettsider med medlemmer, møteplan, møtebøker og protokollar. Du finn rapporten om masterutdanningar på møtebok for 12. oktober 2016.
Til ein viss grad er det vanskeleg å få god statistikk på faktisk framdrift og gjennomføring av masterstudium. Det kan vi kanskje ikkje gjere så mykje med, men det er verd å merke seg at regjeringa i framlegget til statsbudsjettet for 2017 gjer endringar i finansieringssystemet vårt. Kort sagt får vi lite eller ingen premiering av at våre studentar er raske og effektive med å fullføre ein grad. Men vi blir straffa på pungen om studentane våre ikkje fullfører graden sin. Og det skal vi ta på alvor.
Eit hovudproblem – kanskje for statistikken – er at det ikkje blir skilt mellom masterstudentar på heiltid og deltid. Høgskulen i Volda har mange deltidsstudentar på våre masterløp, og dei har nokså ymse framdrift i tråd med livssituasjon og arbeidssituasjon. Her må vi gjere ein jobb og antakelig følgje opp studentar endå meir aktivt for å prøve å hjelpe dei gjennom siste delen av studiet.
Sjølv tykkjer eg det mest oppsiktsvekkande i rapporten er denne setninga:
Ein tredjedel av masterstudentane våre fullfører master etter normert tid, ein tredjedel fullfører raskare og ein tredjedel har forseinka fullføring.
Slik eg har forstått systemet blir faktisk dei som fullfører raskare enn normert vurdert slik at dei ikkje har følgt undervisningsplanen og dermed slått i hop med dei som har forseinka fullføring.
Kva tiltak kan så gjerast for å styrke gjennomføringa? Utvalet legg fram ei rekkje tiltak og spørsmål til vidare drøfting:
- Ta kontakt med alle søkjarar som har sagt ja for å sjekke om dei faktisk er interessert i å starte på studiet. Dei som aldri tek til på studiet er det berre uheldig å få inn i statistikken.
- Arbeide meir med tilrettelegging av studia i høve til arbeids- og livssituasjon. Dette vert oppgitt som hovudgrunn til at mange sluttar. Meir e-læring også på masterstudia kan vere eit virkemiddel for å oppnå det.
- Det bør vurderast nærare om samansettinga av masterstudia er viktig for låg fullføringsgrad. Til dømes er det stor variasjon i omfanget på masteroppgåva. Omfanget av masteroppgåva varierer mellom 30, 45 og 60 studiepoeng på dei ulike masterstudia.
Siste ordet er ikkje sagt når det gjeld vurdering av masterstudia våre og dette arbeidet må halde fram.
Eg reknar med at alle fagmiljøa som driv masterutdanningar ser nærare på denne første rapporten og gjer sjølvstendige vurderingar av sine studium.