Essay: Krittnissar, MOOC-fantastar og fantastiske forelesarar

Foto: Peikestokken/Veronica Turnage
Foto: Peikestokken/Veronica Turnage

Den lange/evige diskusjonen om digitale læremiddel har blussa opp att denne veka – heldigvis. Molde-professor Kai Olsen og NTNU-professor Arne Krokan ser ut til å vere dei ivrigaste debattantane, men følg med, følg med!

Begrepet krittnissar er nytt for meg. Eg kjenner meg treft, men det kjennest i grunnen litt godt. Tavle og krit er det suverent mest interaktive undervisningsverktøy vi har, om vi faktisk vil møte studentane – i eit tempo som passar for dei.

Det er jo veldig freistande å spørje kvar MOOC har blitt av? For kort tid sidan var det jo MOOC-ar som både skulle revolusjonere høgare utdanning og antakelig radere ut alle utdanningar som ikkje hengte seg på.

I 2013 starta NTNU eit MOOC-tilbod, som vart omtalt slik: En revolusjon av høyere utdanning (Universitetsavisa, 2.september 2013)

Men nokre månader seinare hadde visst revolusjonen mista si røyst: «Studentene falt fra da mooc-sjefen holdt kjeft» (Universitetsavisa 27. januar 2015).

Denne debatten om teknologi er viktig og nødvendig. Etter mi meining bommar den også fullstendig på målet.

Studentane vil først og fremst møte engasjerte lærarar.

Kva medium desse lærarane møter dei på har kanskje ikkje så mykje å bety?

Men sikkert er det at både samfunnet i stort og våre eigne studentar har forventningar til at vi og andre institusjonar innanfor høgare utdanning skal vere teknologisk oppdatert, framtidsretta og først med det siste – same kva det er – sjølv om det siste altså kan vere eit blindspor. Det må vi ta sjansen på.

Dette er eit tydeleg, men antakelig underkommunisert funn i NOKUTs Studiebarometer.

Nett no framstår kanskje MOOC som eit interessant eksperiment, men ikkje ein revolusjon? Ved Høgskulen i Volda har vi som ei forsøksordning hatt to MOOC-tilbod ved to kompetente og interesserte fagmiljø: Historie og Avdeling for kulturfag:

Slektsgransking (omtale på våre nettsider).
SlektsMOOC (omtale på Mooc.no)
Læringsdesign (omtale på Mooc.no)

Dei to MOOC-tilboda har til saman hatt hundrevis av interesserte og god deltaking – men å kalle dei ein revolusjon er vel å ta litt hardt i.

I kontrast til desse debattane om teknologisk spisskompetanse, krittnissar og blindspor så har Morgenbladet tidlegare i haust kåra 10 fantastiske forelesarar. Kva har læringsteknologi hatt å bety i denne kåringa? Lite. Trur eg.

Eg var så heldig å få med meg arrangementet i Chateau Neuf  der dei 10 vart presentert under tittelen: 10 fantastiske foredrag. Foredraga er tilgjengelege på video.

Ti fantastiske foredrag

Det var ei stor oppleving og med fantastisk stemning  i salen. Og dei 10 som blei kåra synte også tydeleg fram at dei er gode munnlege formidlarar. Sjølv om foredrag på 10 minutt vel er å knappe inn på forventningar til kor lenge eit foredrag skal vare.

Kva var det eigentleg dei gode formidlarane var gode på? Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen sa i si helsing at han ikkje hadde vore klar over koplinga mellom formidling og stand-up – og det er eit godt poeng.

Og det var powerpoint-frie foredrag vi vart vitne til. Her var det heller ikkje andre høgteknologiske hjelpemiddel tatt i bruk. Med unntak av John McNicol som sende sin takketale frå Australia og også hadde brukt Minecraft og andre digitale verktøy i si undervisning i arkeologi. Men på scena var pianoet som NTNUs Johannes Skaar brukte si sitt føredrag om lyd det mest avanserte verktøyet. Og det var korkje elektrisk eller elektronisk.

Johannes Skaar ved pianoet. Foto: Morgenbladet.
Johannes Skaar ved pianoet under presentasjonen av Fantastiske formidlere.

For meg var innhaldet i formidlinga til mange av Morgenbladets vinnarar vinnarane sjølve – og i mindre grad det faglege innhaldet. Og det var heilt passande på ein slik festkveld med nokre små minutt tilgjengeleg. Dette var ikkje kvelden for djupdykk inn i kvantefysikk, avanserte likningar eller norrøne kasus. Så der må vi stole på juryens vurdering.

Juryen har på si side har ikkje hatt så mykje anna enn å byggje på dei innsende vurderingane og godorda frå nøgde studentar og kolleger. Det er jo trass alt ein jury og ikkje ein kommisjon vi snakkar om her. Dette er greitt nok, men kanskje ikkje så synleg i den viktige og gode omtalen av formidling og undervisning som vel var føremålet med å lage denne kåringa. Institusjonane som har fått «vinnarar» har i alle fall vore glade for å dele dette med omverda – heldigvis:

«Vinnarane» kom frå desse institusjonane:

  • Universitetet i Oslo (5)
  • NTNU (2)
  • NHH (1)
  • Høgskolen i Østfold (1)
  • Høgskolen Kristiania (1)

Juryen bestod av fem personar som også er flinke formidlarar: Helene Uri (leiar), Erling Sandmo, Sunniva Rose, Therese Eia Lerøen og Victor Norman. Dei utgjer også stor spennvidde i fagområde og alder. Men det er grunn til å notere seg institusjonstilknytninga – for det er eit sterkt samanfall i institusjonell tilknytning til jury – og vinnarar:

  • Sandmo og Rose er i dag tilsette på UiO som professor og stipendiat. Uri har tidlegare vore tilsett ved UiO. UiO hadde fem vinnarar av 11 kandidatar.
  • Uri er i dag deltidstilsett på Høgskolen Kristiania. Høgskolen Kristiania hadde ein kandidat – og ein vinnar.
  • Victor Norman har arbeidd i mange år på Norges Handelshøgskole i Bergen (NHH). NHH hadde ein kandidat – og ein vinnar.
  • Tidlegare NSO-leiar Therese Eia Lerøen har utdanning frå Høgskolen i Oslo og Akershus (HIOA). HIOA hadde ein kandidat men ingen vinnar.

Høgskolen i Østfold hadde ein kandidat og ein vinnar – ho hadde fått flest røyster på avrøystinga på nett. Det same gjaldt vinnaren frå Høyskolen Kristiania. NTNU hadde også to vinnarar trass i at dei ikkje hadde medlemmer i juryen.

Dei fleste vinnarane kom frå dei same institusjonane som jurymedlemmene.

Eg tek det som eit teikn på at juryen hadde eit vanskeleg arbeid.

Universitetet i Bergen, Høgskolen i Oslo og Akershus, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Agder og Norges Arktiske universitet hadde til saman 10-11 kandidatar, men hadde ingen av «sine» i juryen og heller ingen vinnarar.

Universitetet i Oslo hadde 11 kandidatar og fekk 5 vinnarar.

Morgenbladets intensjonar med kåringa tolkar eg som eit svært velmeint forsøk på å sette undervisning og undervisningskvalitet på dagsorden. Men resultatet ein sit igjen med kan skape inntrykk av at det hovudsakleg er ved Universitetet i Oslo det foregår god fagleg formidling, og ja så er NTNU bra og NHH ikkje så verst – og med eit par tilfeldige slengarar frå to høgskular. Dette reflekterer nok mest strukturen i høgare utdanning.

Det generelle inntrykket frå Studiebarometeret er vel at studentar ved dei største institusjonane opplever at undervisninga og undervisarane bokstavleg talt er litt fjerne – ved at det ofte er svært store undervisningsgrupper, at undervisarane er vanskelege å få tak i utanom forelesningane og at det heller ikkje blir gitt mange tilbakemeldingar til studentane i løpet av semesteret. Dette har NOKUT heldigvis sett på dagsorden.

Eg har også kommentert det i eit tidlegare blogginnlegg:
Kva ønskjer studentane? Opne dører! (14. september 2016)

Sjå også:
NOKUT-møte i Trondheim: Hvorfor er studentene misfornøyd? (Universitetsavisa, 14. september 2016)
Paradokser i studentenes tilbakemeldinger (NOKUT-direktør Terje Mørland, 16. september 2016).

Eg har tidlegare snakka om at Høgskulen i Volda også i framtida må vere kjend for å ha opne dører for studentar – og andre. Berre så det ikkje skalv vere tvil:

Vi må også ha opne innbokser!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit,
rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

4 thoughts on “Essay: Krittnissar, MOOC-fantastar og fantastiske forelesarar”

  1. Marianne har definitivt lest meir om MOOC og mykje anna enn meg. Men mitt inntrykk av kor omfattande MOOC-revolusjonen har blitt trur eg ikkje er feil. Og då byggjer eg på tal på norske MOOC-tilbod. Dette har også Universitetsavisa omtalt i dag: http://www.universitetsavisa.no/politikk/2016/10/07/Fra-massiv-til-minimal-interesse-60238.ece

    Men som vi kjenner til frå medieforskinga så har mange nye fenomen lett for å bli overvurdert på kort sikt og undervurdert på lang sikt. Truleg vil MOOCs arbeidsmåtar og verktøy påverke e-læring på mange slags vis i åra som kjem.

  2. Jeg ville vokte meg vel for å avlyse MOOCene rektor. Da har du lest for lite forskningsmateriale. Ta en titt på antall studenter verden over som gjennomfører MOOCs. Det var en nyhetens interesse som gjorde at mange datt av – de ville se hva det var og hoppet av fordi de sjelden eller aldri hadde tenkt å fullføre. Du burde sett på tallene fra Norge – hvor mange som faktisk tar eksamen. At bittelille Norge og en enda mindre prikk på kartet, Volda, ikke henger med i svingene som profesjonsfaglige digitalt kompetente lærere får stå for din regning (minner om at i 2017 skal ALLE på lærerutdanningene ha dette). På Høgskolen i Notodden driver de med hybrid undervisning. Til og med «byens barn» har valgt å gå i hybridklasser og ikke campus. Vil anbefale lesestoff fra Nifu om dette. Studentene forventer digitale verktøy. Men det er som Jon sier over her : det handler ikke om verktøyet – det handler om læring og dine lenker fører frem til tall som viser at ca 90% av UH-sektoren bruker formidlingspedagogikk. Fint å få det fra de 10 som vant – men resten av lærerne er dessverre ikke like engasjerende å høre på bestandig. Når jeg hører at en lærer er sliten etter å ha hatt en 4 timers leksjon – ja da tenker jeg at denne ikke har forstått hvordan vi mennesker lærer, ei heller fulgt med i pedagogikkopplæringen sin. Det er en årsakt til at at det heter læringsARBEID – å helle informasjon i hodene på studenten preller av som vann på gåsa. Allerede dagen etter husker de bare deler av den leksjonen du brukte masse tid på å lage. Vygotsky snakker om å aktivisere den lærende – det gjøres ved tankens teater (altså de som er flinke til å forelese) og ved å arbeide med stoffet. For øvrig er ikke «Tavle og krit det suverent mest interaktive undervisningsverktøy vi har». Da har rektoren rett og slett ikke fulgt med på utviklingen på verktøysfronten.

  3. Eg er overtydd om at digital teknologi i undervisninga både kan fremje og hindre læring. I ein av artiklane du lenka til vert det vist til at interaksjonen mellom studentar og lærar vart erstatta med videoforelesningar. Truleg vil studentane lære mindre av å abonnere på ein videokanal. Dersom ein set videoar inn i ein didaktisk kontekst, til dømes ved å gå gjennom sentralt fagstoff i ein video, i tillegg til at ein drøftar det faglege innhaldet i eit fysisk eller virtuelt klasserom, vil eg påstå at ein kan auke læringsutbyttet.

    HVO har i ei rekke år vore mellom dei høgskulane med flest studentar i nettbaserte studium. Ein stor del av våre kollegaer har mykje erfaring med ulike digitale utdanningsdesign, og vi jobbar kontinuerleg for å utvikle gode digitale læringsformer. Både studentevalueringar, rekruttering og gjennomstrøyming vitnar om at desse studietilboda har ein høg kvalitet. Desse studia gjer også høgare utdanning tilgjengeleg for fleire.

    Eg vonar vi kan gå bort frå å ta standpunkt for eller mot teknologi i undervisninga. Det er meir hensiktsmessig å drøfte korleis vi kan utvikle undervisningskvaliteten, og kva rolle digital teknologi har i god undervisning.

  4. It has never been about the technology, the debate about either/ or has been tedious for the last 6 years. Gardner Campbell nailed this in his keynote: https://youtu.be/kIzA4ItynYw as did Audrey Watters in her book The Monsters of Learning Technology. The deeper learning questions are not being addressed and the binary arguments of debate have created a snakeoil salesman marketplace and luddite mentality of tradition. It’s time that evolved beyond the looking at the tip of the iceberg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *