Sommarhelsing frå Kunnskapsdepartementet

Kunnskapsdepartementet har sendt brev til Høgskulen i Volda – med ros og mest ris.

Dette blogginnlegget er også publisert i nettavisa Khrono.

Annakvart år vert representantar frå høgskulestyret og toppleiinga ved høgskulen innkalla til etatstyringsmøte med Kunnskapsdepartementet. Førre møte var i 2015, så no i 2016 kom det i staden eit brev med tilbakemelding frå departementet. Dette er dei mest konkrete tilbakemeldingane Høgskulen i Volda får frå Kunnskapsdepartementet i rolla som eigar.

Tilbakemeldinga  frå Kunnskapsdepartementet finn du på denne nettsida i lag med andre styringsdokument som gjeld høgskulen. (sjå under «etatstyring»)

Nytt mediehus på Høgskulen i Volda
Nytt mediehus på Høgskulen i Volda: Det viktigaste prosjektet for Høgskulen i Volda i åra som kjem.

Vurderinga til Kunnskapsdepartementet omhandlar hovudsakleg 2015 og byggjer på tildelingsbrevet for 2015, men også Studiebarometeret og andre dokument som omtalar verksemda ved høgskulen.

Kva er så departementet opptekne av når det gjeld drifta ved Høgskulen i Volda?

Dei mest overordna kommentarane frå departementet handlar om strategiske val hos høgskulen og er nyttige å ta med seg inn i strategiprosessen som Høgskulen i Volda skal gjennomføre hausten 2016.

Les om strategiprosessen i rektorbloggen i mai 2016.
Styrevedtak (10. juni 2016) om strategiprosess ved HVO 2016 (pdf-fil)

Strategiprosessen som styret vedtok er ein «verkstadmodell» som er omtala i saksutgreiinga. Det vil bli leigd inn ein prosessdrivar som skal syte for gjennomføring av strategiprosessen. Leiinga vil delta på verkstadene i fagmiljøa og fellesadministrasjonen.

Departementet spør fleire stader i si vurdering om korleis Høgskulen har tenkt å nå sine mål. Vi bør rett og slett ha meir konkrete handlingsplanar for å kunne få ei tydelegare retning på korleis vi skal nå våre mål. Eg reknar med at strategiprosessen kan gi oss det.

Frå og med 2016 skal Høgskulen i Volda og andre høgskular levere ein ny type årsrapportar for verksemda, og departementet at Høgskulen skal bli tydelegare i årsrapportane på vurdering av framtidsutsiktene og nasjonale målsettingar. Igjen noko som ikkje er vanskeleg for høgskulen å vere samd i at dette skal vi gjere. Så får vi heller diskutere dei konkrete måla, middela og resultata med departementet.

Men departementet kjem også med ei meir konkret oppmoding til høgskulen:

  • «Høyskolen bør etter departementets syn vurdere å redusere antall tiltak og konsentrere seg om de tiltakene som høyskolen forventer vil få størst effekt, ikke minst på områder med høy risiko.»

På den eine sida ønskjer departementet at vi skal liste opp færre tiltak, men samtidig at vi skal bli meir konkrete på korleis vi skal nå våre mål? Dette må vi tygge litt på.

Strukturdebatten: Kva vil HVO?

Kunnskapsdepartementet forventar at Høgskulen i Volda i strategiprosessen vurderer si eiga framtid og «tek ansvar for eiga utvikling». Kunnskapsdepartementet formulerer seg slik:

  • «Departementet forventer at høyskolen tar ansvar for egen utvikling, inkludert en vurdering av institusjonens situasjon etter strukturendringen i uh-sektoren. Departementet ber om at høyskolen vurderer slike spørsmål i strategiprosessen.»

Departementet kjem altså ikkje med pålegg eller konkrete føringar til Høgskulen i Volda, men er opptekne av å halde saka varm. Eg er samd i at dette er rett og viktig og heilt på sin plass å diskutere i strategisk samanheng. Og det skreiv eg då også i rektorbloggen i mai.

Campusutvikling og nybygg

Kunnskapsdepartementet har fått tilsendt campusutviklingsplanen og peikar på overordna mål for korleis høgskular skal ta i bruk nye læringsformer og arbeidsreiskapar. Departementet seier vidare.

  • «Campusutviklinga må også sjåast i lys av høgskulens plass i det nye institusjonslandskapet».

Det er ikkje så godt å vite kva som ligg bak denne siste setninga frå departementet. Mi eiga vurdering er at uansett kva som blir Høgskulen i Voldas framtidige plass i det nye institusjonslandskapet så er det viktig og nødvendig å byggje eit nytt hus for mediering og formidling. Dette er i tråd med prioriteringar i strategiplanen og samtidig vil vi kunne styrke alle norske institusjonar på desse områda. Så dette er planar som står støtt på eigne bein – uansett framtidig institusjonslandskap eller medielandskap.

Utdanning:

Departementet har merka seg våre gode resultat når det gjeld gjennomføring på normert studietid. Vi er som kjent best i landet, noko departementet tykkjer er «bra». Skal tru korleis dei omtalar alle andre?

Det er særleg to utfordringar departementet dreg fram:

  • Rekruttering til GLU 1-7 der rekrutteringa har vore svak i mange år. Departementet forventar ei «grundig og særskilt analyse av GLU 1-7 i årsrapporten for 2016».
  • Gjennomføring av masterutdanning: Høgskulen har målsetting om 35 prosent gjennomføring, men det er «alt for lavt» og departementet forventar at vi set inn tiltak som fører til høgare gjennomføring.

Når det gjeld GLU 1-7 så er det svak søking over heile landet – men for oss som ein mindre institusjon er det særleg viktig å få tak på kva dette handlar om. Rekrutteringsarbeidet vårt retta mot GLU 1-7 må naturlegvis halde fram – men vi bør nok også spørje studentar, skuleeigarar og andre om kva som bør gjerast. Det er i alle fall sikkert at både Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane treng fleire og betre utdanna lærarar til grunnskulen.

Studieadministrasjonen og fagmiljøa må hausten 2016 gjere grundige analysar av masterutdanningane våre. Sidan masterutdanning blir vanlegare og vanlegare i samfunnet og alle grunnskulelærarutdanningane frå hausten 2017 blir femårige er dette eit svært viktig arbeid. Reint praktisk vil vi gjere desse analysane i samband med det vanlege arbeidet med studiekvalitet.

Årshjul for studiekvalitetsarbeid ved Høgskulen i Volda
Årshjul for studiekvalitetsarbeid ved Høgskulen i Volda

 

Det er naturlegvis ikkje kjekt å sjå at vi for masterutdanningar ligg i motsett ende av skalaen i høve til bachelorutdanningar. Det er litt mystisk kvifor våre studentar er best eller raskast på gjennomføring av bachelorutdanningar medan våre masterstudentar er svakast eller seinast på gjennomføring av masterutdanning. Ei forklaring eg høyrer frå fagmiljøa er at mange av masterstudentane ikkje er fulltidsstudentar og mange tek utdanninga ved sidan av jobb. Då blir særleg masteroppgåva ein skikkeleg bøyg. Somme meiner også at opplegget for masterutdanningane bør endrast. Men dette må vi finne ut meir om.

Forsking: Korleis skaffe forskingsprosjekt?

Dei siste åra har Høgskulen i Volda gått i feil retning når det gjeld å skaffe forskingsmidlar frå Forskingsrådet eller andre kjelder. Dette har vore omtalt i rapportar dei siste åra og no lurer Kunnskapsdepartementet på kvifor tiltaka ikkje har verka og «anmoder styret om å arbeide systematisk med å styrke aktiviteten på dette området.»

Tiltaka vi har sett i verk handlar om å flytte ressursar til avdelingane gjennom eigne BOA (Bidrag- og Oppdrags Arbeid) -koordinatorar der både Avdeling for samfunnsfag og Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning begge har koordinatorar på fulltid medan AMF og AKF har koordinatorar i deltidsstillingar.

Vidare seier strategiplanen at forskingsgrupper skal vere eit viktig verktøy – men her har vi nok kome ganske kort i veg. Dei siste åra har våre interne forskingsmidlar (Små driftsmidlar, FoU-stipend) vorte lyste ut med oppmoding til forskarane om å knyte seg til forskingsgrupper. Det har hatt liten verknad.

Satsingsmidlane har i år vorte tildelt etter Såkorn-prinsippet – midlane skal altså vere søknadsførebuande eller posisjonerande i høve til komande utlysingar. Det er nok for tidleg å sjå verknad av dette førebels.

FoU-strategien skal no bli ein tydelegare del av høgskulens overordna strategi og det trur eg er ein fordel når ein skal tydeleggjere kva mål og middel som skal til for å skaffe meir eksterne forskingsinntekter.

Men likevel: Vi har ikkje dårlege forskingsresultat samla sett som institusjon. Kanskje bør vi vurdere å ha ein nasjonal, alternativ profil: Som ein forskingsinstitusjon der vi set den individuelle forskaren i sentrum og legg større vekt på deltaking i eksterne nasjonale og internasjonale nettverk framfor å byggje opp forskingsgrupper? Samanlikna med andre institusjonar har tilsette ved HVO høg FoU-andel i stillingane og stor fridom til å nytte denne FoU-tida. Det bør vi i alle fall ha med oss inn i diskusjonen av FoU-strategi.

Uansett blir dette eit spørsmål som blir viktig for Høgskulens forskingsutval som blant anna er rådgjevande organ for FoU-strategi.

***

Andre merknader frå departementet handlar om at vi har store avsetningar – og at dei har auka dei siste åra. Dette gjeld forsåvidt heile sektoren, men ved Høgskulen i Volda er det i nokre få fagmiljø at avsetningane har vorte verkeleg store. Men det er i miljø som for få år sidan hadde det motsette problemet og avsetningane er også eit resultat av myke hardt arbeid. Men avsetningane gjer ingen godt så lenge dei berre står som pluss i rekneskapen – dei må omsettast til aktivitet.

Oppsummeringsvis vil eg seie at dette ikkje var ei dårleg sommarhelsing å få frå Kunnskapsdepartementet – og har ikkje vorte mindre spent på strategiprosessen i haust!

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

2 kommentarer til «Sommarhelsing frå Kunnskapsdepartementet»

  1. Når det gjeld gjennomstrøyming for bachelor- vs. masterstudentar, vil eg nok tru det som blir sagt om deltidsstudentar/mogne studentar for så vidt er rett. Men litt paradoksalt kan det på ein måte vere ein samanheng mellom dei to fenomena: i nokre av studia våre (på alle nivå) har vi heilt enkelt ikkje så mange av departementet sin prototypiske/ideelle student – ho som tek til på ein bachelor etter vidaregåande, og planlegg å gå rett gjennom til master og yrke.

    I staden har vi nokså mange unge studentar som tek til på eit fag utan heilt å vite kva dei vil med det, og mogne studentar som prøver gjennomføre ei vidare utdanning ved sidan av familie og job.

    Skilnaden er berre at dei unge studentane som tar til med einskildfag let seg registrere på eit bachelorløp når dei alt har kome eit godt stykke på veg, har demonstrert evne til gjennomføring og veit det er dette dei vil. Difor får vi stor gjennomstrøyming på desse bachelorgradene (utan at det er så mykje vår forteneste). Dei mogne studentane som siktar mot ein master, er alt i utgangspunktet registrert på masteren, men på grunn av den eksterne situasjonen sin går dei over tida, eller må til og med gi opp (utan at det er så mykje vår feil). Men dette vil nok ikkje departementet vere så interessert i å høyre: dei styrande vil høyre om ting som let seg styre.

    Dette er sjølvsagt ikkje heile sanninga: det gjeld t.d. ikkje så mykje dei typiske profesjonsbachelorane. Her går studentane inn med eit klart mål, og her trur eg nok også høgskulen kan bryste seg litt av tett oppfylgjing og kort avstand mellom forelesar og student. Det skulle også tyde på at vi kanskje kan halde på ei god gjennomstrøyming i dei profesjonsstudia der master etter kvart blir eit krav for yrkesutøving.

    Men enn så lenge trur eg nok også den fyrste forklaringa er eit moment som bidreg til situasjonen.

Legg igjen en kommentar