Høgskulane i fylket har valt ulike vegar, men dei står saman om å utvikle Møre og Romsdal som kunnskapsregion.
Fråsegn etter møte i RSA (Råd for samarbeid med arbeidslivet), Møre og Romsdal, Ulsteinvik, 5. februar 2016:
Det er viktigare enn nokon gong å stå samla i arbeidet for kunnskapsregionen Møre og Romsdal, seier forskingsmiljøa, fylket og arbeidslivet i Møre og Romsdal i ei felles fråsegn etter eit møte i Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) etter møte 5. februar i Ulsteinvik.
– Vi ser at det er vanskar i delar av næringslivet og uavklara strukturdebattar mellom høgskulane, men samarbeid mellom regionale aktørar er heilt nødvendig.
Ambisjonen til RSA-samarbeidet er vidare å vidareutvikle og forsterke mangfaldet i kunnskapsregionen Møre og Romsdal. – Vi treng utdanning- og forskingsmiljø som kompletterer kvarandre – frå Kristiansund i nord til Volda i sør. Vi må syte for at også i framtida vil ungdom finne utdanning på alle nivå: Gjennom utdanningstilboda på bachelor, master og doktorgradsutdanning vil vi utvikle eit komplett samfunn, og dette sikrar eit komplett arbeidsliv, seier RSA-aktørane.
Andre mål for kunnskapsregionen er å sikre nyvinning, verdiskaping og der grunnleggande utdanning og forsking vert sett i samanheng. For å få til dette må vi gjennom verkemiddelapparatet få til tette koplingar mellom arbeidslivet og høgskulane i Molde, Voilda og NTNU Ålesund.
Møre og Romsdal Fylke arbeider no for å utvikle ein Forskings- og innovasjonsstrategi. På møtet vart det mykje diskutert om offentleg innovasjon er godt nok inkludert i fylkesstrategien, og det var semje om at dette er viktig tema uansett kva plan temaet blir plassert i.
FAKTA: Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) i Møre og Romsdal.
RSA Møre er eit rådgjevande organ som skal utvikle eit godt og systematisk samarbeid mellom høgskule- og universitetsmiljøa og arbeids-, nærings- og samfunnslivet i Møre og Romsdal.
Deltakarar i RSA er:
- Høgskulen i Volda (leiing og studentar)
- Høgskolen i Molde (leiing og studentar)
- NTNU Ålesund (leiing og studentar)
- Høgskolesenteret i Kristiansund
- Møreforsking AS
- Møre og Romsdal Fylkeskommune
- Fylkesmannen i Møre og Romsdal
- LO Møre og Romsdal
- NHO Møre og Romsdal
- KS (Kommunanes sentralforbund)
- Forskingsrådet
Les meir om RSA her: