Orientering til høgskulestyret, 2. mai 2019

På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut på rektorbloggen.

I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette og til media. Dei er tilgjengelege på denne nettsida: https://www.hivolda.no/om-hogskulen-volda/nyhendebrev

Dødsulukka i Loen

Denne veka har vore prega av at ein våre studentar, Astri Brandal Reynolds, døydde i luftsportulukka i Loen førre søndag. Det har vore tøffe dagar for medstudentar og vennar og for tilsette. På vegne også av styret vil eg seie at vi tenkjer på etterlatte, medstudentar, lærarar og andre som har vorte råka av hendinga. Vi har sett at studentar og lærarar har teke vare på kvarandre og det er godt å sjå opp i det ufatteleg triste som har skjedd.  

Nybygget

Entreprenøren, Statsbygg og høgskulen har no starta det praktiske arbeidet med å detaljplanlegge huset. Vi er no i ein tidleg fase i den såkalla optimaliseringsfasen og håper at det blir ein god prosess og håper på eit godt samarbeid både eksternt og internt.  

Struktursaka

Det har blitt veldig få statlege høgskular i løpet av denne styreperioden. Vi har gått frå ca 18 i 2015 til 5 i dag. Det er Vestlandet, Innlandet, Østfold, Volda og samisk.  I vår region har vi også Høgskolen i Molde – vitskapleg høgskule i logistikk. 

Det har blitt færre høgskular på grunn av samanslåingar og universitetsomdanningar. Både Innlandet og Vestlandet arbeider for å bli universitet. 

Til no har det altså vorte færre institusjonar, men ikkje færre studiestader. Det kan vere i ferd med å endre seg på fleire institusjonar. 
Mest aktuelt er prosessen på Nord Universitet. Nord Universitet er resultatet av fusjonen mellom dei tre institusjonane Universitetet i Nordland, Høgskolen i Nord-Trøndelag og Høgskolen i Nesna i 2016. Universitetet har ca 11.500 studentar. Ca halvparten av studentane er i Bodø, altså ca 6.000. Levanger er nest største studiestad med ca 2.000 studentar. 

Nord Universitetet hadde styremøte 30. april, og på dagsorden stod framlegg om store endringar når det gjeld studiestader. 

Etter eit langvarig utgreiingsarbeid har det vorte foreslått å konsentrere aktiviteten til Bodø og Levanger. Nesna og Sandnessjøen blir lagt ned og ca 100 tilsette vil truleg få tilbod om å jobbe i Bodø i staden. Styret vedtok å sende saka ut på høyring og vil gjere vedtak i saka i juni. 
Universitetet i Sør-Øst Norge og Høgskolen på Innlandet vurderer også å legge ned studiestader. 

I eit fylkesperspektiv kan vi notere at høgskuleaktiviteten i Kristiansund ligg klart under til dømes Nesna målt i tal studentar. Så når det blir bygd opp nye studietilbod på ein liten studiestad som Kristiansund, så er det verkeleg kjerringa mot straumen. Og viktig for Møre og Romsdal.  

I vårt interne styrearbeid på Høgskulen i Volda kjem vi tilbake til struktursaka i neste styremøte der det skal leggast fram ein SWOT-analyse av høgskulen. Det blir ei vidareføring av arbeidet som har vorte gjort tidlegare i styret og leiinga. 

Samarbeidsavtalen med Universitetet i Bergen har vi foreslått å forlenge i tre år til. Universitetet i Bergen vil drøfte dette på leiarmøte komande måndag. Vi har ikkje fått signal som tyder på at universitetet ikkje ønskjer å forlenge avtalen. 

Seinare i styremøtet skal vi få ei orientering om Samordna opptak for 2019 med særleg fokus på våre eigne studietilbod. Men her vil eg kort seie litt om korleis utviklinga i Volda plasserer seg i ein nasjonal samanheng. Det er alt kjent at Høgskulen i Volda har ein auke i søkjartalet på ca 1 prosent, medan for sektoren samla sett ser vi ein nedgang på 2,3 prosent. Så vi har klart betre utvikling enn landsgjennomsnittet. Vi har hatt auke i søkjartala i tre år på rad, og det er berre 6-7 av ca 40 private og offentlege UH-institusjonar som har hatt vekst i tre år på rad i Samordna opptak. Alle dei andre institusjonane som har hatt tre år med vekst er mindre enn høgskulen i Volda. Høgskolen i Molde er blant dei, og har ein auke på nesten 20 prosent i søkjartala. 


Ei viktig forklaring både for Molde og dei fleste andre institusjonane med vekst er at dei har fått auka midlar til å starte nye studietilbod – altså nye studieplassar. Dette gjeld også i Kristiansund der Dronning Mauds Minde har fått studieplassar for å byggje opp eit nytt studietilbod som barnehagelærar.

Volda har som kjent ikkje fått særleg med nye studieplassar i det siste, så auken for vår del må kome av andre årsaker.  NTNU Ålesund har ein nedgang i søkjartala på ca 5 prosent.

Søkjartal går opp og ned så ein bør ikkje legge for stor vekt på einskildår. Men tre år på rad med auke er bra. Så her kan vi i styret vere godt nøgd med utviklinga.

Grunnskulelærarutdanningane

I gjennomgangen av søkjartala vil vi også få orientering om søking til grunnskulelærarutdanning. Der er diverre nedgang for oss – og nasjonalt. 

Fagleg sett bør styret også merke seg at høgskulen har sendt ein ambisiøs forskingssøknad om evaluering av fagfornyinga i skulen.
Høgskulen gjennomført konferansen ITS Volda – ei samling finansiert av kvalitets- og internasjonaliseringsorganet DIKU, og der føremålet er å få til meir internasjonal utveksling av lærarstudentar. Det ligg betre til rette for det no med ei femårig utdanning enn tidlegare. 

Skrevet av

Johann Roppen

Professor dr.polit, rektor ved Høgskulen i Volda frå 1.8.2015.

Legg igjen en kommentar