Gruppearbeid

Eg har ikkje noko enkelt forhold til gruppearbeid. Korkje som deltakar eller tilretteleggar. Korkje ut frå erfaring eller ut frå teori. Trass i dette gjer eg meg ofte nytte av gruppearbeid, både når eg skal få jobbar gjort og når eg skal legge til rette for læring.

I mi verd er det fire svært gode grunnar til å nytte gruppearbeid:

  • Kvaliteten vert betre
  • Arbeidet går fortare
  • Ein lærer meir
  • Det er kjekkare

Av og til vert det slik at alle fire vert innfridd. Av og til vert ingen innfridde. Grunnane til dette er mange, men det er nokre viktige brikker som må på plass om ein i det heile skal få til noko bra. Ein må stole på kvarandre, ein må tru at ein får noko att, men viktigast av alt er at ein har eit felles mål og avklara forventningar til kvarandre.

Som oftast deltek ein i gruppearbeid med ulike føresetnader. Ein har ulike kunnskapar på ulike område, og ein har ulike mengd tid, motivasjon og engasjement.

Når ein tek i bruk gruppearbeid for å løyse ei arbeidsoppgåve, er det ofte ganske enkelt. Dei som er med i gruppa er der på grunn av kompetanse og arbeidsoppgåver, og så forhandlar ein fram kor mykje tid den einskilde skal bruke ut frå kor mykje tid og engasjement den einskilde har. Det er mykje verre i undervisningssamanheng. For kva er målet med gruppearbeid når ein er student?

Som student skal ein lære ein del ting for å kvalifisere seg til eit yrke, men ein skal også løyse oppgåver som er knytt til studiet. Det gjer at den som er aktiv lærer mest, men også at den som yter minimalt får godkjent ei arbeidsoppgåve.

Når gruppene er sjølvvalde, er dette ofte eit lite problem. Det er verre når gruppene vert styrt av andre. I grupper som er sett saman meir eller mindre tilfeldig og ut frå ei namneliste, vert det stor spreiing innanfor dei fleste område. Dette krev mykje av dei det gjeld. Spesielt når gruppene skal vare ei stund.

Korkje i studiesituasjonen eller i arbeidslivet er det slik at alle kan ta del i alt. Problemet er berre det at i arbeidslivet så er det slik at den tida som ikkje vert brukt på gruppearbeidet, den vert brukt på anna som tener fellesskapet. Slik er det ikkje i studiesituasjonen. Då er det lett å tenkje at ting vert urettferdig. Og ofte er det sant.

Når eg jobba som grunnskulelærar brukte eg mykje tid på  å setje saman grupper som eg trudde ville fungere – av og til fekk eg det til. Andre gongar fekk eg det ikkje til. Men det at eg endra grupper 10 gongar i året gjorde ting enklare, for dårlege relasjonar fekk snart ein pause.

For å unngå dei verste problema, er det nyttig å avklare ting både i forkant og undervegs, både for dei andre i gruppa og for seg sjølv. Dette gjeld både mål for arbeidet og kva ein ønskjer å få ut av samarbeidet. I den prosessen er det spesielt viktig å avklare kva arbeidsform ein ser føre seg.

På den eine sida ligg det fullintegrerte teamet, der alle er med på alt og alle kan gjere alle sine arbeidsoppgåver. På den andre sida ligg den fulle arbeidsdelinga der ein berre møtest for å fordele arbeidoppgåver og syte for at ting passar saman i eit ferdig produkt. Mellom desse ligg det eit hav av ulike modellar. Det kan til dømes vere at ein deler ei gruppe i to, der ein har to uavhengige prosjekt som vert løyst av to fullintegrerte team. Kvar gruppe og kvar arbeidsoppgåve krev ei slik avklaring.

Det er likevel slik at det er lett for at ein opplever gruppearbeid som urettferdig. Eg har slutta å irritere meg over at nokon ikkje gjer den jobben eg meiner at dei skal gjere. Eg tenkjer at dei har noko anna å gjere som er viktigare for dei. Men eg gir dei heller ikkje kredit for å gjere noko dei ikkje har gjort.