
På kvart styremøte gjev rektor ei kort orientering om ting som har skjedd og skjer og som styret bør kjenne til. Desse orienteringane vert også lagt ut her på rektorbloggen.
I tillegg til denne orienteringa er det mange andre kanalar til informasjon om aktuelle saker ved Høgskulen i Volda. Rektor skriv også eit nyhendebrev som vert send til alle tilsette, til media og andre interesserte. Nyhendebreva er tilgjengelege på nettsidene våre og alle som vil kan få tilsendt nyhendebrevet – ein gong i veka.
Hovudpunkta i orienteringa i dette møtet:
- Studiestart 2022 – talet på studentar
- Henrik Kaarstad-huset er 100 år – Ola Borten Moe kjem
- Lærarutdanningane
- UH Nett Vest