2016 var eit år med mange store endringar i høgre utdanning og auka fokus på høgskulane og universitet. Vi har også fått fleire aktive nettaviser som skriv mykje meir om vår sektor enn tidlegare. Dette syner også godt igjen i talet på medieomtalar av Høgskulen i Volda og andre høgskular og universitet: Vi blir stadig meir omtala i media. Og det er viktig og nødvendig.
Databasen Retriever (A-tekst) omfattar dei fleste norske media, både papiraviser, nettaviser og delar av kringkasting. Ved å telje opp treff i Retriever får ein eit overordna bilde på den samla medieomtalen av til dømes Høgskulen i Volda – eller sagt på ein annan måte: Artiklar der Høgskulen i Volda er nemnt på papir, nett og i kringkasting.
Tal frå Retriever tyder på at også i 2016 viste Høgskulen i Volda godt igjen i norske media. Retriever gir i alt nesten 2.500 treff på mediebidrag. Litt forenkla tyder tala på Høgskulen i Volda vart omtala ca 6-7 gonger pr dag – kvar dag – heile året. *)
Vi er dermed den klart sterkast profilerte høgskulen i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, og det har vi truleg vore i mange år. På denne nokså uvitskaplege rangeringa kjem Høgskulen i Sogn og Fjordane på ein andreplass med litt over 1.500 omtalar – noko som tilsvarer 4-5 omtalar dagleg medan Høgskolen i Molde og Høgskulen i Ålesund/NTNU Ålesund ligg litt under 1.000 omtalar i 2016. Det tilsvarer ca 2-3 medieoppslag pr dag.
Pdf-versjon av fila: retriever-hogskular-mogr-sogf-2.
Fortsett å lese Høgskulen i Volda – godt synleg i media – heldigvis