Første statsministerbesøk! På kor lenge?

Høgskulen i Volda får 20. juni 2021 besøk av statsminister Erna Solberg, og ho er særleg interessert i få vite meir om Sivert Aarflot-huset, det nye mediebygget.

Foto: Eirin Larsen/Statsministerens kontor

Men når fekk Høgskulen i Volda / Volda lærar(høg)skule / DH-skulen sist besøk av ein sittande statsminister? Etter det eg har klart å finne ut må vi tilbake til 1978: Odvar Nordli besøkte Volda lærarhøgskule tysdag 12. september. Lokalavisa Møre følgde besøket tett og lurte blant anna på kva Nordli hadde fått ut av møtet med studentar og tilsette på Volda lærarhøgskule, der Nordli var noko vag, men hadde fått med seg ønske og planar om nybygg ved lærarskulen.

Odvar Nordli var statsminister frå 1976-1981.

På Volda Samfunnshus same kvelden heldt Nordli ein tale som vekte nasjonal oppsikt. Bergens Tidende skreiv: «Alvorspreget Odvar Nordli: Vanskene tårner seg opp for oss». VG skreiv: «Beskjed om måtehold». Så landet rundt vart talen omtala som talen «på Volda». Ja ja. Det var heile 300 frammøtte som følgde talen til Nordli.

Men ein feil har kanskje Møre i 1978 har gjort når dei i overskrifta kalla besøket historisk og skreiv at Odvar Nordli var den første statsminister som besøkte Volda lærarskule.

For lærarskulen hadde også tidlegare fått besøk av ein statsminister, men vi må heilt tilbake til 1930! I 1930 var landets statsminister Johan Ludwig Mowinckel, borgarleg venstremann frå Bergen, og det kan virke som han starta valkampen i Volda søndag 22. juni 1930.

Mowinckel var på politisk reise i regionen og skulle eigentleg halde sin tale på Idrettsplassen ved Volda vidaregåande skule. Men Mowinckel vart forsinka og Idrettsplassen var alt lova vekk til Arbeidarpartiet sin stortingsrepresentant Nordanger, så Mowinckel måtte flytte til Volda lærarhøgskule. Der heldt han sin politiske tale frå verandaen i det som i dag heiter Henrik Kaarstad-huset. Den politiske temperaturen og interessa var svært høg i 1930, og Mowinckel hadde kanskje så mange som 1.200 tilhøyrar «frå Volda, Dalsfjord, Ørsta og Hjørundfjord.» Venstreavisa Sunnmørsposten som omtalte talen slik: «Og folk fylgde spent med i det stemningsfulle og klåre foredraget, som fekk sterk fagning.»

Møre refererte Mowinckels tale, 24. juni 1930.

Møre leverte tysdag 24. juni fyldige referat både frå Mowinckel og Nordanger sine talar under overskrifta: «Dei politiske foredragi sundag.» Av referatet går det fram at Mowinckel stort sett tala om nasjonale politiske spørsmål, men han sa også:

«Vinstre vil framleis ta seg av dei kulturelle spursmål. Lovi om 4 års lærarskule t. d. viser det. Talaren nemnde med honnør statsråd [Sigvald] Hasund og Anders Vassbotn for deira arbeid for denne lovi.»

Så besøket til Mowinckel var altså ikkje planlagt lagt til Volda lærarhøgskule – det var ein improvisasjon fordi Idrettsplassen var oppteken! Så om dette verkeleg var det første statsminsterbesøket på Volda lærarhøgskule så var det nokså tilfeldig – men Mowinckel var altså inne i Henrik Kaarstad-huset og då må vel dette reknast som eit besøk?

Elles er det interessant å sjå på desse tre statsministerbesøka ut i frå si tid:

  • 1930: Mowinckel samla truleg over 1.000 tilhøyrarar til ein klassisk politisk tale, utandørs. Lokalmedia dekte hendinga i stor detalj, men om det finst bilde av hendinga stod dei ikkje i avisene. Kanskje nokon i Volda har eit gammalt bilde frå møtet? Hadde Mowinckel tid til å snakke med folk? Det er usikkert. Talen var i fokus i avisa.
  • 1978: Odvar Nordli samla godt med folk – 300 i Volda samfunnshus. Fleire aviser følgde besøket, og det var vel fullt hus, og talen som Nordli heldt vart sitert landet rundt. Gamle voldingar hugsar framleis møtet med Nordli – både at han var interessert i å snakke med folk – og at han var ein framifrå forteljar!
  • 2021: Erna Solberg er også på politisk turne og vil besøke Høgskulen i Volda i tillegg til mange andre stader i regionen. Det er ikkje lagt opp til noko politisk møte denne gongen, så publikum er eigentleg dei journalistane som blir med på møtet, men Solberg har vore tydeleg på at ho ønsker å snakke med både tilsette og studentar. Men Solberg hadde naturlegvis også fått ta seg ein tur opp på Mowinckel-verandaen om ho hadde ønska det!
Framfor Mowinckel-verandaen? Glade nye masterstudentar på Avdeling for mediefag våren 2021. Frå venstre: Eirik Aarseth, Franziska Schminke, Andrea Schrøder Karlsen og Nini Bakke Kristiansen. Foto: Julie Wiken Krogstadmo, Høgskulen i Volda

Eit sluttpoeng for politikarar er naturlegvis at val er viktig – og det var valår både i 1930, 1979 (lokalval) – 2021. Eit litt artig frampeik for Erna Solberg kan vere at sjølv om Mowinckel (V) og Nordli (Ap) heldt fram som statsministerar etter vala i 1930 og 1979 så var det nok Høgre som gjorde det best både i 1930 og 1979!

Nesten-ministrane

I arbeidet med å røkje etter og nøste i historia har det kome fram også andre statsministernamn som har besøkt Høgskulen i Volda. Fremst i minnet var kanskje Einar Gerhardsen – men det var i 1985 – fleire tiår etter at han hadde slutta som statsminister.

Nærast var kanskje Per Borten som i 1967 deltok i Norges Bondelag sitt landsmøte i Volda. Landsmøtet vart arrangert på Volda ungdomsskule (Øyraskulen), men om Borten nytta høvet og stakk innom Volda lærarhøgskule har eg ikkje funne nokon kjelder som fortel noko om.